Røykarar har fleire bakteriar som er knytte til tannkjøtssjukdom

Røykarar har andre bakteriar i tannkjøttlommene enn personar som aldri har røykt. Fleire av desse bakteriane er knytte til tannkjøtssjukdom, viser ein ny studie av over 1100 eldre vaksne.

Dame i døråpning med tannlegestol i bakgrunnen
Jale Moradi har forska på korleis bakteriar i munnhola påverkar helsa til eldre vaksne. Foto: Veronica Helle, TkV

Funna tyder på at røyking er knytt til endringar under tannkjøtet, der fleire sjukdomsrelaterte bakteriar trivst.

Hos tidlegare røykarar var biletet litt annleis. Dei hadde færre sjukdomsrelaterte bakteriar i tannkjøttlommene enn personar som framleis røykte, men samansetjinga av bakteriesamfunnet skilde seg framleis frå det ein ser hos personar som aldri hadde røykt. Det kan tyde på at nokre av skilnadene varer ved også etter røykeslutt.

– Funna tyder på at det kan vere gunstig å slutte å røykje. Hos tidlegare røykarar såg vi færre teikn til eit sjukdomsprega bakteriesamfunn enn hos dei som framleis røykte, seier Jale Moradi. Ho er mikrobiolog og har arbeidd som postdoktor ved Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter Vestland. Ho er ein av forskarane bak studien.

Studien omfatta 1107 personar i alderen 69–72 år som deltok i den befolkningsbaserte HUSK-T-studien i Vestland. Forskarane undersøkte bakteriesamfunnet i tannkjøttlommene hos deltakarane og samanlikna personar som aldri hadde røykt, tidlegare røykarar og noverande røykarar. Dei såg òg funna i samanheng med kor alvorleg den inflammatoriske sjukdomen periodontitt var.

Ein kronisk betennelsessjukdom

I tannkjøttlommene finst det eit komplekst samfunn av bakteriar. Mange av dei er ein naturleg del av ein frisk munn og bidreg til balanse. Men dersom forholda endrar seg, til dømes ved røyking eller dårleg munnhygiene, kan denne balansen bli forstyrra. Då kan bakteriar som er knytte til betennelse og vevsskade, få betre vilkår og føre til tannkjøtssjukdomen periodontitt.

Periodontitt er ein betennelsessjukdom som bryt ned støttevevet som festar tennene til kjevebeinet. Utan behandling kan sjukdomen føre til lause tenner og etter kvart tanntap.

Periodontitt kjem ikkje av éin bestemt bakterie. Sjukdomen oppstår gjennom eit samspel mellom bakteriesamfunnet i tannkjøttlommene, immunreaksjonen i kroppen og ulike risikofaktorar, mellom anna røyking.

Vi blir fleire eldre

Studien omfatta vaksne i byrjinga av 70-åra, ei aldersgruppe som vil bli stadig større i åra som kjem. Med aukande alder blir periodontitt vanlegare, samstundes som naturlege endringar i mellom anna immunforsvaret, spyttproduksjonen og den generelle helsa kan påverke bakteriesamfunnet i tannkjøttlommene. Derfor er det viktig å forstå korleis røyking og periodontitt heng saman med bakteriemiljøet hos eldre vaksne.

Røyking og periodontitt

Dei største endringane i bakteriesamfunnet vart observerte hos noverande røykarar med alvorleg periodontitt. I denne gruppa fann forskarane ein tydeleg overvekt av bakteriar som er knytte til sjukdom, betennelse og nedbryting av vev.

Analysane viste at røyking og periodontitt såg ut til å påverke bakteriesamfunnet på kvar sin måte, og at endringane vart tydelegare når begge faktorane var til stades. Hos personar som både røykte og hadde alvorleg periodontitt, fann forskarane fleire bakteriar som er knytte til sjukdom, og færre bakteriar som er knytte til god munnhelse.

Kva tyder dette i praksis?

– Funna våre understrekar kor viktig det er å ta vare på tannkjøtet gjennom heile livet, og særleg når ein blir eldre. Bakteriesamfunnet under tannkjøtet spelar ei viktig rolle for munnhelsa, seier Moradi.

Forskaren kjem med nokre råd som kan bidra til god munnhelse:

  • å slutte å røykje
  • god dagleg munnhygiene
  • regelmessige besøk hos tannlege eller tannpleiar
  • tidleg behandling av teikn på tannkjøtssjukdom

Ved å førebyggje og behandle tannkjøtssjukdom tidleg kan ein bidra til å ta vare på tennene og tannkjøtet.

Studien viser at røyking og periodontitt er knytte til endringar i bakteriesamfunnet under tannkjøtet. Den viser òg at god munnhelse handlar om meir enn berre tennene.

 

Referanse:
Jale Moradi mfl: Taxonomic and functional signatures of smoking and periodontitis severity in the subgingival microbiome of older adults. npj Aging, 2026. Doi.org/10.1038/s41514-025-00319-9

Les også saken til Forskning.no: Røykere har flere bakterier knyttet til tannkjøttsykdom