Mange misforstår emaljeskadar hos barn: – Foreldre skal ikkje kjenne skuld
Barn med utviklingsforstyrringar i tannemaljen kan få svake tenner og smerter. Mange trur det skuldast dårleg tannpuss eller for mykje sukker, men årsaka er framleis ukjend.
Foreldre som får vite at barnet har ei utviklingsforstyrring i tannemaljen, kan sitje att med spørsmål om kva dei har gjort gale. Men ifølgje Anne Marit Graue ved TkVestland er det ingen grunn til å klandre seg sjølv. Tilstanden oppstår medan tennene utviklar seg, men forskarane veit framleis ikkje nok om kvifor nokre barn blir råka.
– Foreldre skal ikkje kjenne skuld. Det er ikkje noko dei kunne ha gjort for å førebyggje det, seier Graue.
På eit kurs for tannbehandlarar gjekk Graue gjennom kva forskinga så langt viser om MIH. Ho presenterte kunnskap om moglege årsaker, symptom og behandling, og understreka at det framleis er mykje ein ikkje veit om årsaka.
Svakare emalje på permanente tenner
MIH står for molar-incisor hypomineralisering og er ei utviklingsforstyrring som påverkar emaljen på enkelte permanente tenner hos barn. Tilstanden råkar særleg dei første permanente jekslane, også kalla seksårsjekslane, og somme gonger fortennene.
Ved MIH blir ikkje emaljen tilstrekkeleg mineralisert medan tennene utviklar seg. Det gjer emaljen svakare og meir utsett for skadar. Tennene kan få kvite, gule eller brunlege flekkar, og barna kan oppleve isingar eller smerter ved til dømes tannpuss eller inntak av kald drikke. Den svekte emaljen kan òg brekke eller bli broten ned, noko som aukar risikoen for ytterlegare tannproblem.
Årsaka er framleis ukjend
Sjølv om ein har god kunnskap om korleis MIH påverkar tennene, er den nøyaktige årsaka framleis ukjend. Forsking har peikt på fleire moglege risikofaktorar. Mellom anna har ein undersøkt om sjukdom i dei første leveåra kan ha ein samanheng med tilstanden. Genetiske faktorar kan òg spele inn. Det er likevel ikkje fastslått kvifor nokre barn utviklar MIH, medan andre ikkje gjer det.
Graue understrekar at MIH ikkje skuldast dårleg tannpuss eller for mykje sukker, men at desse tennene har auka kariesrisiko og derfor må passast eksta godt på for å forebyggje hol i tennene.
– Behovet for rett informasjon er viktigare enn nokon gong. Det er mykje feilinformasjon der ute, seier Graue.
Vil oppdage tilstanden tidleg
Tannbehandlarar opplever at dei ser stadig fleire barn med MIH. Det finst likevel ikkje sikre tal som viser om tilstanden har blitt vanlegare, eller om auka merksemd har ført til at fleire tilfelle blir oppdaga.
Tannlege Mette Rikstad ved Manger tannklinikk kjenner igjen dette frå sin eigen arbeidskvardag.
– Vi ser stadig fleire barn med MIH. Det er viktig å stille diagnosen tidleg, slik at vi raskt kan kome i gang med førebygging, behandling og oppfølging, seier Rikstad.
Ho peikar på at tidleg oppdaging kan bidra til å førebyggje ytterlegare tannskadar og redusere risikoen for at barna utviklar karies i tillegg.
Rikstad var ein av deltakarane på kurset om MIH som Graue heldt for tannbehandlarar. Ho meiner auka kunnskap gjer det lettare å tilby god og likeverdig behandling. Ho trekkjer òg fram verdien av å kunne søkje råd og rettleiing hos TkVestland når dei møter pasientar med MIH.
Tidleg oppfølging kan førebyggje tannproblem
Sjølv om ein ikkje kjenner den nøyaktige årsaka til MIH, kan tannhelsetenesta gjere mykje for å hjelpe barna som blir råka. Ved å stille diagnosen tidleg kan ein setje inn førebyggjande tiltak og behandling som reduserer risikoen for ytterlegare tannskadar.
Regelmessige kontrollar gjer det mogleg å følgje utviklinga, oppdage endringar tidleg og tilpasse behandlinga etter barnet sine behov.
Tryggleik er ein viktig del av behandlinga
Barn med MIH kan oppleve smerter ved tannpuss og tannbehandling. Det kan gjere det vanskelegare å halde tennene reine og føre til at barnet blir utrygt i møte med tannhelsetenesta.
Graue understrekar kor viktig det er å bruke tid på å byggje tillit til barnet og familien. For somme barn er det nødvendig å starte forsiktig med tilvenning og relasjonsbygging før ein går i gang med undersøking og behandling. Smerter og ubehag må takast på alvor, og behandlinga må tilpassast barnet sine behov.
Målet er at barnet skal oppleve tannbehandlinga som trygg, og at gode rutinar for tannhelse kan oppretthaldast utan unødvendig ubehag. For barn med alvorleg MIH er det også viktig med ein langsiktig behandlingsplan som tek omsyn til både tannhelsa og barnet sine behov over tid.
Slik kan barn med MIH få hjelp
Behandlinga blir tilpassa kor mykje emaljen er påverka, og kva plager barnet har. Målet er å redusere smerter, førebyggje ytterlegare skadar og sikre god tannhelse.
- Bruk fluortannkrem, tannbørste og solobørste for å fjerne plakk og halde tennene reine. Lunka vatn kan gjere tannpussen meir behageleg dersom barnet opplever ising.
- Følg opp med regelmessige kontrollar, fluorlakk og fjerning av plakk. I starten kan det vere behov for månadlege kontrollar. Når munnhygienen blir betre og symptoma minkar, kan intervallet gradvis aukast.
Tryggleik og tilrettelegging
- Møt barnet med forståing og omsorg. Bruk tid på å bli kjend med barnet og byggje ein god relasjon.
- Ta smerter og ubehag på alvor. Tilpass undersøkingar og behandling til barnet sine behov, og legg vekt på at barnet skal kjenne seg trygt.
- Legg til rette for meistring. Gi konkrete råd og finn løysingar som gjer den daglege tannpussen meir komfortabel og gjennomførbar.
Høyr også Anne Marit Graue snakke om emaljeskadar hos barn på God morgon Hordaland (23.11.26)