Plan for fagleg oppdatering

Vestland tannhelseteneste har ansvar for å gje tilsette på helsestasjon/ skulehelseteneste fagleg informasjon og opplæring om tann- og munnhelse. Opplæringa skal vere ut frå behovet til tilsette.

Forslag til tema er: 

  • Munnundersøking
  • Tannframbrot
  • Anomalier i tenner og munnhole (ikkje normale tilstandar i, til dømes, form, farge og stilling på tenner)
  • Munn- og tannhygiene, til dømes bruk av fluor, måltidsvanar og ernæring
  • Kariesutvikling
  • Omsorgssvikt (grav karies, hygiene, ernæring, sjukdom)
  • Vald (mishandling, seksuelle overgrep), til dømes
    • petekkiar/bløding, rift i munnhole
    • emaljeskadar
    • vegring mot å opne munnen

Dette er forslag til tema som er aktuelle for tannhelsetenesta å snakke om. Kom gjerne med innspel til andre tema (innan oral helse) det er behov for fagleg informasjon eller oppdatering på.