Vil du endre eller avbestille time?

Då er det viktig at du tar direkte kontakt med den tannklinikken du har time hos.

Her finn du kontaktinformasjon (telefonnummer, e-post, opningstid med meir) til alle tannklinikkane i Vestland tannhelseteneste. Ver venleg å ikkje bruke e-postadressa post@vlfk.no

Det er viktig at du tar direkte kontakt med tannklinikken på telefon så snart som mogleg. Då kan vi gi timen til andre som treng behandling. 

Vaksne betalande pasientar får eit gebyr om dei ikkje avbestiller/endre timen seinast 24 timar før oppsett timeavtale. Dette gjeld også barn og unge som skal til kjeveortoped. 

Gebyrsatsar:

1 230 kr for ordinær behandling
1 595 kr hos spesialist

Du har sjølv ansvar for å bestille ny time om du ikkje stiller til oppsett time.

NB! Ver venleg og ikkje send sensitive opplysningar på e-post. Dersom du må sende inn dokument elektronisk med helse- eller andre personsensitive opplysningar, så kan du gjere det via nettsida til fylket: send post på ein sikker måte.