Følg berekraftsutviklinga i Vestland – år for år
Dashbordet for berekraftsindikatorar er oppdatert med nye tal og kan brukast av kommunar, private aktørar, lag og organisasjonar.
No kan du sjå korleis samfunnsutviklinga i Vestland går over tid, i arbeidet med utviklingsplanen. For første gong kan du samanlikne indikatorane med fjoråret og sjå kor mange som peikar i rett eller feil retning.
Dashbordet med bærekraftsindikatorar vert vist både kommunevis, og for fylket samla.
– Dette gir oss eit felles kunnskapsgrunnlag når vi skal diskutere berekraftig utvikling – anten du sit i ein kommune, ei bedrift eller ein organisasjon, seier seksjonsleiar May-Britt Nesje Hernes for seksjon plan, klima og analyse.
Har du spørsmål eller innspel til dette arbeidet? Ta gjerne kontakt med Marthe Rosenvinge.
Byggjer på samarbeid med KS, SSB og Menon
Arbeidet starta hausten 2024/våren 2025 og byggjer på eit samarbeid i det nasjonale berekraftsnettverket som er leia av KS. Med bakgrunn i arbeid frå SSB og Menon har ei arbeidsgruppe sett saman eit indikatorsett. Vestland fylkeskommune har i tillegg valt å leggje til nokre indikatorar for å synleggjere det som er viktig i eit regionalt perspektiv.
Indikatorsettet er ikkje ein fasit på korleis kommunar eller fylkeskommunen scorar på dei 17 berekraftsmåla til FN. Det viser eit bilete av situasjonen ut frå dei best eigna indikatorane som er tilgjengelege per i dag. Målsettinga er å kunne seie i kva grad vestlandssamfunnet er på veg mot ei berekraftig utvikling.
Undervegs i utviklinga har det vore tett dialog med regionale aktørar i Berekraftsløftet Vestland; KS, LUP, NHO og LO.
Du kan lese meir om vala vi har teke i dette notatet: Dokumentasjon av valg i prosessen 2025 (PDF)