Spørsmål og svar om Barnefamiliepanelet

Her får du svar på mange av spørsmåla vi har fått inn om Barnefamiliepanelet.

Du finn mykje god informasjon om Barnefamiliepanelet på nettsidene til Bergen kommune 

Kva slags undersøking er dette? 

Barnefamiliepanelet er ei spørjeundersøking som skal gi kunnskap om fritida til barn og unge. Barnefamiliepanelet har blitt gjennomført fire gonger i Bergen kommune og ein gong i heile Vestland fylke. Det gjer at vi kan sjå endringar i barn og ungdom si deltaking i fritidsaktivitetar over tid. Panelet skal gi kunnskap om heile fritidslivet til barn og unge. Målet er at fleire skal med, og at fritidstilboda skal bli betre. Det er frivillig å delta. Alle svar blir behandla konfidensielt og blir anonymisert. 

Kven står bak undersøkinga? 

Bergen kommune har ansvar for design, personvern og analysar. Vestland fylkeskommune bidrar økonomisk, både til analysar og med involvering av andre kommunar. Alle kommunane i Vestland er inviterte med i å utvikle analysane og til å formidle resultat frå undersøkingane. Analysane blir òg gjort av forskarar ved Universitetet i Bergen. Organisasjonar innan idrett, kultur, friluftsliv og andre fritidsområde kan tolke og bruke resultata.  

Er det trygt å svare? 

Ja. Det blir gjort eit omfattande personvernarbeid som er lovregulert. Dette blir beskrive på nettsidene til Bergen kommune. Alle svar blir avidentifisert slik at ingen svar kan bli ført tilbake til det enkelte barnet eller den enkelte familien.

På nettsidene til Bergen kommune står det meir om databehandlaravtaler, lovverk og personvernombod. 

Kva blir det spurt om? 

Spørsmåla handlar om kva barn og unge er med på av idrett, kultur og friluftsliv, og kva dei driv med av eigenorganiserte aktivitetar og anna på fritida. Det er også spørsmål om mediebruk og samfunnsdeltaking. Vi spør òg om ting som kan ha betydning for deltaking, som avstand, transport, pris, informasjon, barnet sitt funksjonsnivå m.m. Det blir stilt spørsmål om foreldra sine aktivitetar, interesser, utdanning og økonomi. Desse spørsmåla kan bli gjentatt i seinare undersøkingar for å kunne følge endringar over tid, og som følge av kommunale satsingar.  

Kva blir svara brukte til? 

Kommunar, idrettslag, organisasjonar og andre som utviklar fritidstilbod treng å vite om dei når fram til borna og ungdomane, kven som er med, og kven som fell utanfor. Skal kommunane lage gode planar og få meir ut av pengane, må dei ha meir informasjon, og det får vi frå undersøkinga. 

Veit vi ikkje nok frå før? 

Mykje av kunnskapen vi har er frå organisasjonar, lag og institusjonar. Desse fortel om kor mange som er medlemmer eller har kjøpt billett, men vi får ikkje vite kven i befolkninga som er med eller ikkje. Større undersøkingar har få kultur- eller idrettsspørsmål, og er difor ikkje nok til god planlegging eller når vi skal gi eit løft for dei som fell utanfor.  

Kven blir spurt? 

Vi spør ein tilfeldig utplukka forelder av barn mellom 3 og 17 år som bur i en kommune i Vestland fylke. Invitasjonen blir sendt via e-post til den adressa som er registrert i folkeregisteret. Det går berre an å svare gjennom den sikre koplinga i invitasjonen, og berre om det barnet som er trekt ut. Dette er på grunn av tryggleik, og fordi det alt er data om barnet som er trekt ut i skjemaet.  

Kvifor er det samtykke, og kvifor er det to samtykke? 

Samtykke utløyser lovbeskyttelse som du kan lese meir om på nettsidene til Bergen kommune. Samtykke blir gitt for eit formål som blir presentert i teksten før samtykket. Vi har to formål i undersøkinga: Eitt formål knytt til aktivitetane til familien og eitt knytt til sivilsamfunn og mediebruk. Sjølv om begge formåla er knytte samfunnsdeltakinga til den enkelte, har vi valt å ha to separate samtykke for at alle skal kunne forstå kva som skjer, og kan velje kva dei skal delta i. Nettsidene om personvern fortel meir om dei rettslege rammene for dette. 

Om nokon svarer og angrar, kva då? 

Ein deltakar i panelet som er identifiserbar i datamaterialet har rett til tilgang til  persondataane sine, få retta persondata om seg sjølv, få persondata om seg sjølv sletta, få kopi av persondata om seg sjølv, og sende klage til personvernombod eller Datatilsynet om behandling av data. Send ein e-post til William.Hazell@bergen.kommune.no og be om sletting. 

Når kan eg svare, og kva skjer etterpå? 

Spørjeundersøkinga går ut i starten av juni, og du kan svare på den i vekene etter dette.   

I løpet av sommaren blir svara avidentifiserte, og dataane justerte slik at dei blir representative for befolkninga (etter kjønn, geografi og utdanning). Vi reknar med å ha å ha første rapport klar hausten 2025. Denne kan alle kan lese på nettsidene til Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Det kjem fleire rapporter etter dette. I tillegg inviterer vi til informasjonsmøte og seminar for kommunar og frivilligheita. Vi vil også jobbe for å dele informasjon i media.  

Kva om eg har fleire spørsmål? 

På nettsidene finn du informasjon om personvern, spørsmåla, rapportar og forsking. SBergen kommune - Barnefamiliepanelet.   

Du kan òg kontakte oss på denne måten