Barnefamiliepanelet 2025
Kva fritidsaktivitetar deltar barnefamiliane i Vestland i? Det vil Vestland fylkeskommune og Bergen kommune finne ut av gjennom Barnefamiliepanelet. Undersøkinga blir sendt ut til alle barnefamiliar i Vestland i starten av juni.
Barnefamiliepanelet blir i år gjennomført for andre gong i heile Vestland. Målet med undersøkinga er å få oversikt og ny lokalkunnskap om fritidslivet til barnefamiliar i Vestland, slik at fylkeskommunen og kommunane kan planlegge og legge betre til rette for aktivitet.
Barnefamiliepanelet blir sendt ut på e-post til ein forelder per husstand, som skal svare på spørsmål som gjeld eitt av borna i familien.
Handlar om fritidsaktivitetar
Barnefamiliepanelet er ei undersøking om kva slags fritidsaktivitetar barnefamiliar deltar i. Bergen kommune har gjennomført undersøkinga fire gonger tidlegare, og inviterer no for andre gong Vestland fylkeskommune til samarbeid om undersøking i heile fylket. Undersøkinga blir sendt ut i starten av juni, og alle barnefamiliar med barn i aldersgruppa 3–17 år er inviterte til å delta. Om du har fleire enn eitt barn trekkjer vi tilfeldig ut og stiller spørsmål om eitt av dei.
Viktig kunnskap
Resultata frå undersøkinga gir eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeid med Folkehelseoversikta i Vestland og i anna planarbeid. For kommunane vil svara vere relevante både for folkehelse, idretts- og kulturarbeidet i kommunen, og til drift og planlegging innanfor ei rekke av ansvarsområda til kommunane, som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur. Undersøkinga er også nyttig for frivillige lag og organisasjonar i Vestland.
Kva spør vi om?
Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold rundt fritidslivet til barnefamiliane:
- kultur-, idretts- og fritidstilboda til barnet
- mediebruken til barnet
- kultur-, idretts-, og fritidsvanane til foreldra
- bakgrunnsspørsmål, mellom anna om hushaldninga sin økonomi og utdanning
Personvern
Svara frå undersøkinga blir oppbevart og behandla etter gjeldande reglar om personvern. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att enkeltpersonar i statistikken. Les meir om behandling av personopplysningar på Bergen kommune sine nettsider om Barnefamiliepanelelet.