Skulevalet 2025

På denne sida finn de informasjon om skulevalet 2025.

Føremålet med politisk skuleval er å lære ungdommane om demokratiet. Det er òg eit pedagogisk verkemiddel i arbeidet med å auke den politiske kompetansen og interessa blant dei unge.

Resultat frå skulevalet 2023 finn du på  SIKT - skolevalgresultater 

Utdanningsdirektoratet (Udir) sine anbefalingar for gjennomføring av skuledebatt, valtorg og skuleval til dei vidaregåande skulane finn du her: Skolevalget 2025: Til fylkeskommunene og videregående skoler 

Udir skriv at skuleeigar og skular bør ha ein beredskap for trygg gjennomføring av skulevalet. Meir info her: Beredskap ved skolevalg

Dei politiske ungdomspartia gjennomfører debattar og valtorg ved alle dei vidaregåande skulane i Vestland.

Køyreplan (pdf) med tidspunkt for debatt og valtorg, versjon publisert 28.04.2025.

 

 

Tilrådinga frå UDIR er at tema for debatten bør vere bestemt av ungdom (elevar, elevråd, Elevorganisasjonen). 

Skulane meldte inn tre tema kvar. Desse vart oppsummert, presentert for og diskutert av representantar for dei politiske ungdomspartia i Vestland. Dei politiske ungdomspartia har blitt einige om at hovudtema for debatt i Vestland fylkeskommune er: 

1) skulepolitikk
2) økonomisk politikk
3) tryggleikspolitikk 

 Vi rår skulane til å unngå altfor lokalspesifikke spørsmål i debatten, bruk gjerne valtorget til meir konkrete og lokale spørsmål. 

 

Kurs i debattleiing

Skulane i Vestland fylkeskommune gjennomførte digitalt kurs i debattleiing i samarbeid med LNU (Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar) mandag 26. og onsdag 28. mai.

På kurset gjekk dei gjennom gode tips til å gjennomføre debatt. Elevane som skal leie debattar fekk og øve seg på praktiske oppgåver. 

I tillegg tipsar vi om at Nobels Fredssenter inviterer til digitalt ordstyrarkurs 3. juni, kl 12.00-13.30. Her kan du melde seg på ved å skanne qr-koda i vedlegg her. Kurset blir gjort tilgjengeleg i opptak i etterkant. 

LNU har utarbeidd ei "kokebok" for leiing av skuledebatt, den finn de her. 

Gjennomføring av debatt

Her finn du mal for namneskilt til debattantane, med partiet sitt namn og logo: Nynorsk og bokmål.

Skriv fornamnet til debattantane tydeleg med blokkbokstavar. 

Denne fana er oppdatert 28.05.25. Nye ressursar vil bli lagt inn, tips oss gjerne viss de har gode forslag. 

Røystesetlar er bestilt, og vil bli sendt ut til skulane i starten/midten av august.  Desse er adressert til kontaktperson skuleval.