Fylkestinget

Fylkestinget i Vestland har 65 medlemer, og er det øvste politiske organet i fylkeskommunen. Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar. Natalia Golis (MDG) er fylkesvaraordførar.

Fylkestinget gjer vedtak i alle viktige og prinsipielle saker som gjeld verksemda til fylkeskommunen. Fylkesordføraren er leiar for fylkestinget.

I praksis tek fylkestinget i vare ansvaret sitt ved å delegere oppgåver til fylkesutvalet, dei faste utvala i fylkeskommunen og til fylkesrådmannen.

I valperioden 2019-2023 er 11 politiske parti representerte i fylkestinget.

Partifordeling

  • Arbeidarpartiet er det største partiet med 14 representantar.
  • Høgre har 12 representantar.
  • Senterpartiet har 10 representantar. 
  • Folkeaksjonen Nei til meir bompengar har 6 representantar.
  • Framstegspartiet har 6 representantar.
  • Miljøpartiet Dei Grøne har 5 representantar.
  • Sosialistisk Venstreparti har 4 representantar.
  • Kristeleg Folkeparti har 3 representantar.
  • Venstre har 2 representantar.
  • Raudt har 2 representantar.
  • Pensjonistpartiet har 1 representant.