Høyring: Regulering av inntak til utdanningsprogram som er særskilt tilrettelagt for toppidrett - Lokal forskrift om inntak

Hovudutval for opplæring og kompetanse har lagt forslaget til endring i inntaket til utdanningsprogram som er særskilt tilrettelagt for toppidrett ut på høyring. Høyringsfristen er 25. juni 2026.

Vestland fylkeskommune har sendt på høyring eit forslag om endring i lokal forskrift for inntak til vidaregåande utdanningsprogram som er særskilt tilrettelagde for å kombinere skulegang med toppidrett.

Føremålet med forslaget er å gjere tilbodet meir attraktivt og føreseieleg for elevar som satsar på toppidrett, og samtidig sikre at inntakspraksis er i tråd med gjeldande regelverk.

Kva går forslaget ut på?

Forslaget inneber at inntil 50 prosent av plassane på Vg1 i utdanningsprogram som er særskilt tilrettelagde for toppidrett, kan tildelast på grunnlag av dokumenterte idrettslege ferdigheiter, i tillegg til karakterpoeng. Ordninga er tilsvarande den som allereie gjeld for Vg1 idrettsfag og Vg1 musikk, dans og drama.

Bakgrunnen for forslaget er mellom anna konkurransen frå private toppidrettstilbod som kan gi tidlege tilbod om skuleplass. Ved å kunne vektleggje idrettslege prestasjonar, ønskjer fylkeskommunen å gi fleire kvalifiserte elevar høve til å få plass på desse tilboda. Eit døme på eit slikt tilbod er landslinjetilbodet for skiskyting i Stryn, men forslaget kan også gjelde andre utdanningsprogram – både studieførebuande og yrkesfag – som har ei tydeleg og integrert tilrettelegging for toppidrett.

Høyringsfrist og vidare prosess

Høyringa er open for alle, og fristen for å sende inn høyringsinnspel er 25. juni 2026. Etter høyringsperioden vil saka bli behandla politisk, med endeleg handsaming i fylkestinget planlagt i desember 2026. Eventuelle endringar kan tre i kraft frå 1. januar 2026.