Høyring: Tidlegare inntak til vg2 Smedfag ved Odda vgs. – endring i lokal forskrift om inntak
Det er foreslått å gjere endringar i den lokale inntaksforskrifta slik at Odda vidaregåande skule kan ta opp elevar til landslinja "VG2 Smed" tidlegare på året enn i dag. Målet er at søkarar skal sleppe å stå i tvil mellom tilbod frå private skular og offentleg tilbod ved Odda vgs.
Kva er bakgrunnen for forslaget?
Private skular som tilbyr smedfag, gjer inntak tidleg på året. Med eit tidlegare inntak ved Odda vgs. blir tidspunktet betre samkøyrt, og søkjarar treng ikkje svare ja til ein privat skuleplass før dei har fått svar frå Odda vgs.
Korleis er inntaket tenkt gjennomført?
Søkarar vil kunne søke direkte til Odda vgs. Forslaget er at inntaket vil bli gjennomført på skulenivå etter søknadsfristen 1. mars, og vil skje på grunnlag av karakterpoeng frå 1. termin. Årsaka er at karakterar frå 2. termin ikkje vil vere klare når inntaket blir gjort. Søkarar vil tidlegast kunne få tilbod i mars.
Søkarar vil framleis også kunne søke på ordinær måte gjennom VIGO, og få inntak i juli på grunnlag av karakterar frå 2. termin. Dette gir to ulike inntaksmoglegheiter.
Kvifor gjeld forslaget berre smedlinja ved Odda vgs.?
Smedfaget er eit raudlista handverksfag. Erfaringa er at smedlinja blir særskilt påverka av ulike inntaksordningar mellom offentleg og privat skule.
Vi vil ha dine innspel
Det er opent for alle å gi innspel innan høyringsfristen 24. oktober 2025.
Du kan lese meir om forslaget i høyringsnotatet.