IKT og digitalisering

Organisasjonskart IKt og digitalisering

Avdelinga tek ei leiande rolle i arbeidet med digitalisering, leverer IKT-tenester og fremjar sikkerheit og personvern ut i heile organisasjonen. Tannhelse er administrativt tilknytta avdelinga. 

Avdelinga er leia av avdelingsdirektør Paal Fosdal. 

Oversikt og kontaktinfo til dei tilsette i avdelinga.

Paal Fosdal

avdelingsdirektør IKT og digitalisering


Avdelinga har desse seksjonane:

Seksjonen leverer støttetenester for fylkesadministrasjonen i form av beredskap, IKT-sikkerheit og personvern.  

Dokumentsenteret er ein del av seksjonen og har ansvar for sentralt postmottak og spørsmål om innsyn. Dei har òg det faglege ansvar for arkivdanninga i Vestland fylkeskommune, og for dokumentasjon og arkiv skapt av fylkesadministrasjonen. 

Seksjonssjef er Anne-Kjersti Stavø Stenehjem, tlf. 95 72 56 58.

Seksjonen skal syte for at fylkeskommunen jobbar med digitalisering på ein einsarta, koordinert og strategisk måte. 

Vi skal jobbe med digitalisering gjennom fornying, forenkling og forbetring. Vi skal effektivisere prosessar og utnytte ressursane i fylkeskommunen på ein meir hensiktsmessig måte. 

Slik får vi betre tenester for publikum og tilsette. 

Seksjonssjef: Tom Sølve Myklebust, tlf: 41 53 09 77.

Seksjon IKT har ansvar for lokal drift av dei fleste IKT-systema i fylkeskommunen og infrastruktur som knyter saman alle lokasjonar. 

Det er i dag rundt rekna 150 ulike IKT-system pluss det som fylgjer med som del av oppgåveoverføringar frå Statens vegvesen. Brukarane er spreidd på fleire titals stader rundt om i fylket. 

Seksjon IKT skal sikre og bidra at IKT-systema til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring og at dei gjennom det understør brukarane og verksemda sitt behov. 

Seksjonen har 80 medarbeidarar og 35 lærlingar. 

Seksjonssjef er John Arne Lillestøl, tlf. 93 02 49 59.

org.kart

Tannhelsetenesta skal gi eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til

  • alle barn og unge til og med det året dei fyller 20 år 
  • personar med psykisk utviklingshemming i og utanfor institusjon 
  • eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon eller i heimesjukepleie 
  • personar innan kommunal rusomsorg og innsette i fengsel 

Vestland tannhelseteneste har om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar. Vi driv òg eit regionalt kompetansesenter – TkVestland – som tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. 

Leiar: Fylkestannlege Lathamini Murugesh, tlf: 90 09 31 36.