Foto av stort ullvevbilde.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Side 12 og 13

Biletvev av ull som kunstnaren Svein Nå har tvinna for hand. Fargane er den naturlege fargen frå svart og kvit sau.

Tittel
Side 12 og 13
Kunstnar
Svein Nå
Stad
Kantina i 3. etasje
Materiale
Ull
Årstal
2023

Svein Nå er ein av dei få mannlege kunstnarane som nyttar biletveven i sitt kunstnarleg virke.

I vevnadane byggjer han på tradisjonen med krokabragd-teknikken frå åklemønster, spesielt slik krokabragd-mønsteret vert brukt i åkla frå Hardanger og Vestlandet. Han starta tidleg med å ta i bruk denne teknikken og overføra det til sine store biletvevnadar i eit moderne kunstuttrykk i svart og kvitt.

Svein bur midt i fruktbygda Nå i Hardanger og i dei siste arbeida hans har det også kome inn former av både frukttre, stigar, hus, båt og bumerker, som i dette teppet.

Materialet er ull som han tvinnar for hand. Fargane er den naturlege fargen frå svart og kvit sau.

– Eg prøver å spela på lag med tekstilen sitt uttrykk og innordna meg teknikken og handverket i det materialet eg arbeider med. Biletvevnadane mine er bygd opp over tradisjon, klare former og tema, sier kunstaren sjølv.

Kunstverket er ei gåve til Vestland fylkeskommune frå kommunane i Vestland.