Kunstverk i taket over trapp.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Mountain Hiking

Kunstverket Mountain Hiking (with impossible stairs), som ved første augekast kan sjå ut som ei krølla branntrapp, er det finske Annsi Pulkkinen som står bak.

Tittel
Mountain Hiking (with imposible stairs) / Bergsvandring (med umoglege trapper)
Kunstnar
Annsi Pulkkinen
Stad
I trappa mellom 1. og 2. etasje
Materiale
Kryssfinér av bjørk og aluminium
Årstal
2023

Skulpturen førestiller ei branntrapp med absurde former og organisk uttrykk, og tittelen referer til friluftsliv og fridom. Kunstnaren fortel at han ikkje visste mykje om Bergen då han kom hit første gongen i 2021, men at fjella var noko av det han la best merke til.  

Kunstverket har sju bogar, som viser til dei sju fjella. Bogane kan også sjåast i samanheng med byråkratiet, at det av og til ikkje er ei rett linje frå A til B, men at ein kanskje må innom C eller D på vegen.