To fotografi på to ulike veggar i kontorlandskap med møterom. Motiva er menn i bar overkropp og menneske og rundballar langs eit vatn.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Jølster 2008

Oddleiv Apneseth sine bilete frå ein kommune som ikkje lenger finst, i eit fylke som ikkje lenger finst, finn du i møteromområdet i 4. etasje.

Tittel
Jølster 2008
Kunstnar
Oddleiv Apneseth
Stad
Møteromsenteret i 4. etasje
Materiale
Fotografi
Årstal
2008

Oddleiv Apneseth er ein renommert norsk fotograf som bur i Vestland.

Kunstutvalet har valt seks bilete i stort format frå prosjektet hans, «Jølster 2008». Jølster var ei kommune i tidlegare Sogn og Fjordane. At motiva er frå ei kommune som ikkje lenger finst, i eit fylke som ikkje lenger finst, gjer det særleg interessant å vise desse bileta i Vestlandshuset.