Foto av tre kunstverk i sterk oransje farge
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Haust i vest

I 4. etasje kan du se tre tretrykk inspirert av fjord- og fjellandskapet vårt.

Tittel
Haust i vest
Kunstnar
Solfrid Aksnes
Stad
I møteromsenteret i 4. etasje
Materiale
Tresnitt
Årstal
2023

Solfrid Aksnes har gjennom åra arbeidd i fleire ulike teknikkar, men i dei siste åra har ho gått fullt og heilt inn for å nytta tresnittet for å skapa sine bilde.

Fargane har vorte svært viktige for ho. I kryssfinerplater av furu finn ho struktur og mønster som kan gje fine avtrykk i bilda. Til flater som skal ha mindre struktur, finn ho andre tremateriale.

Ho sagar ut formene til bileta og rullar på farge før ho set bitane saman som eit puslespel og legg papiret oppå. Ho trykke for hand for å ha kontroll på avtrykket til papiret. Berre underfargen vert trykt på ei gamal klesrulle.

Solfrid bur i Norheimsund og er inspirert av fjell- og fjordlandskapet her vest,  og dei skiftande fargane med årstidene.

– Fjella kring oss, med dei bratte liene, stå der som nokre bauta. Dei har stått der i uendeleg mange år før oss, og dei vil stå der lenge etter me er borte, seier ho. 

Verket er ei gåve til Vestlandshuset frå KS/kommunane i fylket.