For deg som besøker Vestlandshuset

Vil du følgje ei politisk møte, eller skal du treffe nokon som jobbar i Vestlandshuset? Deler av dei første fem etasjane er ope for publikum.

Adresse og opningstider

Hovudinngang: Lars Hilles gate 22
Også inngang via Veste Strømkaien 13 og Agnes Morwinckels gate 5

Opningstid 08.00 - 16.00

Har du avtale?

Du kjem inn i resepsjonen, og har du avtale med nokon registrerar du deg på skjerm. Den du skal møte vil få beskjed og kjem og hentar deg. 

Skal du følgje eit politisk møte?

Publikum har tilgang til fleire etasjar i Vestlandshuset.

Dei politiske møta er opne for alle, og finn stad i møteromsetasjen i fjerde etasje. Der finn du dei to utvalssalane Jostedalsbreen og Folgefonna. I tillegg finn du Vestlandssalen der mellom anna fylkestinga blir haldne.

Publikumsinngangen til Vestlandssalen er frå femte etasje. 

Her finn du også terrassehagen vår, som er tilgjengeleg for tilhøyrarar og publikum.

Sykkelparkering

Kjem du syklande har vi 30 sykkelparkeringsplassar for gjestar, inngang frå Lars Hilles gate 22. 

Bybanen

Du finn to bybanestopp i gangavstand: Bystasjonen og Nygård. Planlegg reisa di her

Buss

For deg som kjem med buss er det ein rekke stopp i nærleiken: Nygård, Bergen Busstasjon, Lars Hilles gate og Stadsporten. Planlegg reisa di her.

Tog

Kjem du med tog er det ca. 6 minuttar å gå frå Bergen stasjon. Sjå rutetider her

Sykkelparkering og bysykkel

Kjem du på sykkel, finn du 30 sykkelparkeringsplassa for gjester i Vestlandshuset. Inngang er frå sykkelrampen frå Lars Hilles gate 22. 

Kjem du på bysykkel er nærmaste parkering ved St. Jakobs kirke eller på Busstasjonen. Herifrå er det kort gåavstand til fylkeshuset. Oversiktskart

 

Merk at det ikkje er lov å parkere el-sparkesykkel inne på Vestlandshuset - heller ikkje i sykkelparkeringsanlegget - grunna brannrisiko. 

HC-parkering

Det er fleire plassar forflyningshemma kan parkere i nærleiken av Vestlandshuset. Sjå oversikt.

Parkering

For parkering med privatbil er det fleire mogeligheitar i nærleiken av Vestlandshuset: