Det største fylkesvegprosjektet i Vestland no: Ytre Steinsund bru tek form

Frå søyle til søyle ute i havgapet støyper fylkeskommunen metervis med bru så lenge vêret held no i vinter. Med over 300 meter allereie støypt og god framdrift er planen at fastlandsforbindelsen til Ytre Sula kjem på plass i løpet av året.

Landskapsbilde der vi ser eit kystlandskap frå sjøsida, med fleire holmar og skjer i fint gyllent solnedgansglys. Det blir bygd ei bru i landskapet, vi ser enden på ein anleggsveg til venstre i bildet, og tre store begongsøyler i havet og på ein holme der brudekket blir støypt meter for meter. Det er ei oransje heisekran ved kvar søyle. Søylene er omlag 50 meter høge. blå himmel og blått hav, brune holmar utan tre eller vegetasjon.
SJU AKSAR: Brua skal bli 811 meter lang, og anleggsferja Selbjørn går i skytteltrafikk mellom aksane. Brua skal gi øybebuarane fast samband med kommunesenteret Hardbakke og resten av øykommunen Solund. Det høgste punktet på brudekket blir 52,2 meter over havet. Foto: Eirik Liljedahl/Vestland fylkeskommune

– Det som gjer prosjektet blant holmar og skjer ekstra spesielt er å oppleve kor mykje denne brua betyr for folk som bur her ute. Gleda over å kunne bytte ut ferje med bru er stor, og det gir arbeidet vårt ein heilt eigen dimensjon, seier prosjektleiar Helge Jostein Follevåg i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Brubyggarane har opplevd det meste av vêr, frå sterke stormar med orkan i kasta til sommardagar med blank sjø og steikande sol. Året 2026 starta med vinterstormar på rekke og rad. 

Kor langt er de komne og kva driv de med no i januar?

– Per veke 5 har vi støypt 313 løpemeter bru av totalt 811 meter, det betyr at 498 meter står att. No i januar er det full fart med seks fritt frambygg-vogner. Frå kvar av brusøylene ute i sundet blir det for tida støypt seksjonar på 5 meter til kvar side av søyla før ein flyttar fram vognene for ny støyp. Dette gir ein produksjon på om lag 20-25 løpemeter bru per veke, seier Helge Jostein Follevåg. 

Bilde er tatt ovanfrå frå oppe i lufta. Vi ser ned på sjø og ein holme som stikk ut i sjøen, sola skin på sjøen øvst i høgre hjørne. Rett ved holmen stig ei betongsøyle opp av havet. oppå søyla blir det jobba med maskiner og mannskap, på kvar ende av toppen av søyla er det ein konstruksjon der brudekket blir støypt meter på meter. På holmen står det ei gul heisekran, og det er ein anleggsveg og tegn til byggeakvititet på holmen.
STØYPER METER PÅ METER: Søyla på akse tre er forankra på ni meters djupn og er omlag 50 meter høg. På kvar side av søyla veks brua fram meter på meter, det er her brua blir støypt. I slutten av januar er det støypt 34 meter brudekke på kvar side av denne søyla. Foto: Eirik Liljedahl/Vestland fylkeskommune

– Vi monterer og to hjelpetårn som skal stive av konstruksjonen og ta opp trykk og strekk fram til vi har fått heile brua samankopla. Dei blir tatt ned etter samankopling.  Akkurat no er konstruksjonen på sitt mest kritiske, og veldig utsett for vêr og vind, jordskjelv og ytre tilhøve. 

Kva er mest moro og vellukka med prosjektet?

– Det er utruleg spennande å få vere med på å bygge ein så stor konstruksjon heilt ute i havgapet. Det er kjekt å sjå at alt fungerer rundt oss. Vi har ein dyktig totalentreprenør i Skanska, og eg er heldig som har flinke kollegaer i fylkeskommunen som samarbeider godt. Og da tenker eg ikkje berre her i byggefasen men også på planlegging, utgreiing og konstruksjon. No jobbar vi firedagarsveke med kontorrigg på Solneset i Solund, og når vi deler både kontor og bustad blir vi nesten som ein liten familie. Og vi har fantastiske naturopplevingar ute på jobb!

Gruppebilde av 4 personar som sit på armlenene og i setet på to svarte lenestolar i skinn opp mot ein lys vegg, iført fritidsklede: jeans og gensarar i blå- og gråtonar, og i crocs-sko eller sokkelesten. Alle er menn og alle smiler til kamera. På veggen bak dei er det hengt opp planteikningar av det som skal bli Ytre Steinsund bru, i blå og brune fargar.
BYGGHERRANE I SOLUND: Dei fem byggherrerepresentantane frå Vestland fylkeskommune både bur og jobbar i lag i 4-dagars arbeidsveker på Solneset. Frå venstre: Eirik Liljedahl, kontrollingeniør, Helge Jostein Follevåg, prosjektleiar, Frode Hellebust, byggeleiar, Andreas Ivar Flister, kontrollingeniør. Lars Turlid, kontrollingeniør, var ikkje til stades da bildet blei tatt. Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune

Kva er mest utfordrande?

– Vêr og vind er utan tvil den største utfordringa for oss. Når stormane herjar, blir det krevjande å halde produksjonen oppe, også fordi HMS alltid står i første rekke. Med så mange som jobbar i stor høgde, der konsekvensane av ei ulukke kan vere fatale, er tryggleiken til arbeidarane noko vi har heilt fremst i tankane. Det har vore dagar der vinden har vore så kraftig at det rett og slett ikkje er forsvarleg å jobbe ute i sundet. I tillegg må vi ta omsyn til tryggleiken når mannskap skal transporterast ut til brusøylene.

Vi ser inn i eit mørkt utandørs arbeidsrom i betong med forskalingar av tre på veggar og tak, stor takhøgde, to arbeidarar står i rommet som er ope ut mot nattehimmel bak dei. Arbeidarane har gult arbeidstøy og kvite hjelmar, og plankar i tre ligg på betonggolvet. Ein enkelt lyssøyle lyser opp området der dei jobbar, det andre ligg i mørket.
ENORME KONSTRUKSJONAR: Kontrollingeniør Andreas Ivar Flister kontrollerer armeringa inne i ei av brusøylene, som er 50 meter høge. Foto: Endre Zahl Thorkildsen/Vestland fylkeskommune

Korleis er framdrifta?

– Framdrifta er god, og vi ligg an til å kunne opne brua 20. november. Første samankopling er planlagt i mai, medan den siste er i august. Men vi er sårbare for vêr og vind. Spesielt vind er utfordrande då det set tårnkranene ut av spel ved ein gitt vindstyrke, noko som stoppar all støypeaktivitet. Men vi står på alt vi kan når vêret er godt!

To menn i sterkt oransje arbeidstøy med kvite hjelmar og fem arbeidsmenn i gult arbeidstøy m kvite hjelmar står på betongdekke oppe på ei søyle ute i havet blant holmar og skjer. Blå himmel. Dei er omgitt av stålbjelkar og konstruksjojnar i sterkt oransen, og ei gul heisekran heng over dei.
GOD FRAMDRIFT: Arne Waldemar Olsen (t.v.) og Stian Håvardsen frå hovudentreprenør Skanska monterte fritt frambygg-vognene på toppen av brusøyla på Brattholmen ein fin sommardag i juni 2025. Her blir det støypt fleire meter bru i døgnet no i januar. Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune