Vil gi foreldra ei større rolle

Elevane får svakare resultat og trivst dårlegare. Vestland fylkeskommune støttar utgreiinga om fellesskulen, men ber staten om å styre mindre og gi pengar til planlegging.

Nærbilde av matematikkbok, hender som skriv og kalkulator.
SKULE: Vestland fylkeskommune støttar fellesskuleutvalet si føreslåtte satsing på lesing, matematikk, demokratikunnskap og praktiske og estetiske fag. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Elevane får svakare resultat i lesing, matematikk og forståing av demokrati. Dei trivst òg dårlegare, og motivasjonen har gått ned.

Dette er bakgrunnen for at Kunnskapsdepartementet har sendt NOU 2026:10 Fellesskulen - Berebjelken i framtidas samfunn på høyring. er eit offentleg utval oppnemnt av regjeringa for å greie ut rolla til fellesskolen i eit 20-årsperspektiv peiker på desse endringane i samfunnet:

  • Teknologien utviklar seg raskare, og kunstig intelligens blir vanlegare.
  • Demokratiet er under press.
  • Det blir færre elevar og mindre pengar.
  • Elevgruppa er meir ulik, og fleire tenkjer på seg sjølv.

Fylkesutvalet vedtok Vestland fylkeskommune sitt høyringsinnspel til NOU-en i møtet 23. og 24. november.

Støttar satsing på fag

Vestland fylkeskommune støttar satsinga på lesing, matematikk, demokratikunnskap og praktiske og estetiske fag, og peiker på at vidaregåande skule har dei same utfordringane. er ein tiårig norsk utdanningsreform som skal få fleire ungdomar og vaksne til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Målet er at ni av ti skal fullføre med studie- eller yrkeskompetanse innan 2030 og arbeidet med arbeid av Utdanningsdirektoratet for å utvikle ny struktur og nytt innhald i studieførebuande opplæring, inkludert fellesfaga i yrkesfaglege utdanningsprogram viser at ein må kunne lese, skrive og rekne for å lykkast i høgare utdanning.

Ber staten om å styre mindre

Vestland fylkeskommune ber i høyringsinnspelet staten om å vere varsam med å styre meir. Det gjeld både nye reglar og pengar som staten har bestemt kva skal brukast til.

Fellesskuletvalet vil at lærarar skal bli meir spesialiserte. Fylkeskommunen peiker på at det må vere mogleg å gjennomføre. Det blir færre elevar, og det er alt vanskeleg å få tak i kvalifiserte lærarar til yrkesfaga.

Vestland fylkeskommune støttar forslaget om å styrkje kontaktlæraren. Skuleeigaren må likevel sjølv kunne velje kva dei vil prioritere.

Tydelegare samarbeid mellom skule og heim

Forslaga frå fellesskuleutvalet om samarbeid mellom skule og heim er for uklare, meiner Vestland fylkeskommune. Opplæringslova § 10-4 seier at skule og heim skal samarbeide. Fylkeskommunen ber difor om tiltak som forpliktar meir. Foreldra må få ei tydelegare rolle.

Stabil finansiering og tid til omstilling

Vestland fylkeskommune vil ha ein økonomi for skulen som er stabil og som ein kan planleggje med over tid. Det betyr blant anna at staten dekker ekstra utgifter, og at han ser på kor mange lærarar skulane skal ha per elev.

Nokre stader kan nedskjeringar føre til at skular blir slått saman eller lagde ned. Då må endringane skje i eit tempo som gir kommunar og fylkeskommunar reell tid til å omstille seg.

Fylkeskommunen støttar hovudretninga til fellesskuleutvalet. Tiltaka må likevel styrkje fellesskulen utan å skade den daglege drifta. Då trengst

  • nok pengar, og pengar ein kan planleggje med
  • plass til lokale val for skuleeigaren
  • varsam bruk av statleg styring

Les meir i PS 293/2026: Høyringssvar til NOU 2026:10 Fellesskulen - Berebjelken i framtidas samfunn