Vidarefører båtrutetilbodet mellom Bergen og Sunnhordland med nokre justeringar

Fylkesutvalet har vedteke mandat for ny konkurranse om Sunnhordlandsruta. Mandatet vidarefører i hovudsak rutetilbodet, men har tilpassingar som skal bidra til betre reisetilbod og å redusere utslepp.

Dronefoto av hurtigbåt som ligg til kai sett rett ovanfrå.
BÅTRUTETILBOD: Fylkesutvalet gir fylkesadministrasjonen fullmakt til å kunngjere konkurranse og inngå kontrakt for båtrutetilbodet mellom Bergen og Sunnhordland frå desember 2030. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Fylkesutvalet gir no fylkesadministrasjonen fullmakt til å kunngjere konkurranse og inngå kontrakt med oppstart 2. desember 2030. Kontrakten skal ha 15 års varigheit.

– Sunnhordlandsruta er ei av dei viktigaste snøggbåtrutene i fylket, og den betyr mykje for dei mange som nyttar båten mellom Sunnhordland og Bergen. Vi vil sikre eit godt tilbod for dei reisande, samstundes som vi tek i bruk moderne teknologi, som reduserer klimagassutsleppa, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Rutetilbodet for båtruta bind saman ei rekke kommunar mellom Bergen og Sunnhordland.

– Vi har prioritert eit styrkt tilbod der reisevolumet er størst, rundt Rubbestadneset, Leirvik og Sunde, samstundes som vi sikrar tilbodet på stadane der båten har særskilte fortrinn: i Austevoll, på Rubbestadneset og Sunde og mindre stadar i Kvinnherad, Etne og Vindafjord, seier Askeland.

Dei nye tilpassingane som no skal innførast er basert på vedtak som fylkesutvalet gjorde i februar (PS 22/2026) der det mellom anna vart lagt opp til delelektrifisering. Tilpassingane handlar om krav til fartøy og ruter. Dei skal utvikle reisetilbodet vidare og leggje til rette for utsleppskutt.

Minst 20 prosent utsleppskutt

Sunnhordlandsruta har i dag eit berekna klimagassutslepp på kring 15 000 tonn CO2 per år. Med dei nye rutetilpassingane er det mogleg å stille krav om minimum 20 prosent utsleppskutt.

For å gi større fleksibilitet til å velje den mest kostnads- og energieffektive løysinga, fastsett det nye mandatet kapasitetskrav for passasjerar per strekning, ikkje per fartøy som tidlegare. Det opnar mellom anna for å bruke mindre fartøy på strekningar med færre reisande, noko som kan redusere både energibruk, utslepp og kostnader.

Dette er dei nye kapasitetskrava:

  • Bergen–Leirvik: 260 passasjerar
  • Leirvik–Ranavik–Sunde: 180 passasjerar
  • Strekningar søraust for Stord: 130 passasjerar

Kostnadar

Dei årlege kostnadene for fylkeskommunen er venta å auke med 41–86 millionar kroner samanlikna med kontrakten som gjeld i dag.

Konkurransen vert kunngjort hausten 2026, med driftsoppstart i desember 2030.

Vil du vite meir om vedtaket?

For meir informasjon om mandatet og kva fylkesutvalet vedtok 23. september, sjå saksframlegget. Merk! Saka blei vedteke med følgande tillegg: 

«Fylkesutvalet legg til grunn at omsynet til dei reisande, med særleg vekt på reisetid, regularitet, kapasitet og gode korrespondanse, skal vera førande ved endeleg utforming av anbod. Klimakrav skal ikkje medføra vesentleg svekking av tilbodet til dei reisande.»

Til saksframlegget