Vestland tek grep for å sikre dei historiske fartøya for framtida

Nye og tydelegare prioriteringar skal sikre at midlane til fartøyvern når lenger og gjer meir. Samstundes arbeider Vestland fylkeskommune aktivt for å auke statlege rammer på feltet.

Verna og freda fartøy til kai i og på veg inn i Vågen i Bergen.
FARTØYVERN: Vestland er det fylket i landet med flest verna og freda fartøy. Dei siste åra har mange av dei vore å sjå under Fjordsteam-festivalen i Bergen. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Vestland har fleire verna og freda fartøy enn noko anna fylke i landet. Verneflåten tel 52 fartøy med ein snittalder på heile 93 år.

– Dei historiske fartøya langs kysten og fjordane i Vestland er levande kulturminne, som er minst like viktige som kulturarven som står på land. Dampbåtar, fiskefartøy, passasjerskip og fraktefartøy fortel historia om kystfolket og det maritime livet som har forma nasjonen. Vi må sikre desse så godt vi kan, slik at også framtidige generasjonar kan oppleve dei viktige kulturminna i bruk, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Båten Haugefisk på sjøen.
Båten Haugefisk vart bygd i 1978 og vart brukt som havfiskefartøy med autoline frå då og fram til 2005. Båten heldt til i Måløy og er i dag eigd av Kystmuseet i Sogn og Fjordane. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Restaureringsetterslep på 370 millionar

Men å ta vare på fartøya kostar. Fylkeskommunane fekk eit utvida ansvar for fartøyvernet ved regionreforma i 2020. Sidan då har Vestland fylkeskommune fordelt om lag 100 millionar kroner til fartøyvernføremål.

Det trengst mykje meir. Det samla restaureringsetterslepet for verneflåten i Vestland er estimert til om lag 370 millionar kroner, og tilskotsordningane dekkjer normalt berre om lag 15 prosent av omsøkt behov.

To menn i arbeidsklede jobbar inni skroget på ein båt.
MS Nyborg får klinka nye skrogplater i hekken, ved Dåfjorden Slipp på Stord. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Frå mange små til større enkeltprosjekt

No har hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedteke tydelege prinsipp for korleis tilskotsforvaltninga skal bli meir målretta og føreseieleg.

– Vi har sett at midlane frå Vestland fylkeskommune over tid har gått til stadig fleire prosjekt. Det har ført til at dei enkelte tilskota vart for små til å sikre framdrift. Eigarar og verft opplevde stor uvisse frå år til år. No har vi fått på plass nye prinsipp, som skal gjere det lettare å prioritere. Slik får vi ei meir open, etterprøvbar og føreseieleg forvaltning, seier Nødseth.

Hovudutvalet vedtok prinsippa i møtet 26. august.

Båten Oster på sjøen.
DS Oster vart bygd i 1908 for å bryte vinterisolasjonen for Modalen kommune. Båten var den første fjordabåten i Bergen med elektrisk belysning og var også kjent som «Gamle dampen». (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Dette er dei nye prinsippa

Hovudutvalet har bestemt at tilskot til fartøyvern i Vestland skal prioriterast til prosjekt og tiltak som

  • har høg kulturminneverdi
  • knyter til seg handverkarar og fagmiljø med kunnskap om antikvarisk arbeid
  • har ein eigar som forvaltar kulturminnet i tråd med verne- eller fredingsavtale
  • er levetidsforlengande tiltak som sikrar fartøyet
  • har antikvariske løysingar som fylgje av fredingsføresegner
  • har betydeleg anna finansiering i tillegg til offentleg tilskot
  • inngår i eller kan knytast til kulturmiljø langs sjøvegen, og som styrkar samanhengen mellom fartøyvern, næringsliv, reiseliv og formidling av kystkultur

Prioriteringane inneber ikkje endringar i vilkåra for tilskot, men klargjere korleis fylkeskommunen vil bruke handlingsrommet forskrifta om tilskot til fartøyvern gir. Prioriteringane gjeld frå og med tilskotsrunden våren 2027.

båt til restaurering
MK Sjøgutt under ei tidlegare restaurering på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Frivilligheita er berebjelken

Dei nye prioriteringane har som mål å styrkje den frivillige innsatsen i fartøyvernet. Klarare rammer og meir føreseielege tilskot skal gjere det enklare å planleggje og gjennomføre gode prosjekt. Det er også eit mål å redusere den belastninga som uvisse rundt finansiering legg på eigarar og frivillige.

– Bak dei fleste fartøya i verneflåten finn du eit lag eller ei foreining av engasjerte frivillige. Dugnadsarbeid, praktisk kunnskap og lokalt engasjement er heilt avgjerande for at fartøya vert haldne i drift og kan opnast for publikum på festivalar og arrangement, seier Nødseth.

Båten Stavenes på sjøen.
DS Stavenes vart levert frå Bergen Mekaniske Værksted 1. september 1904 til Norge Bergenhus Amts Dampskibe, som vart til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1919. Stavenes vart i 1934 det første bilførande fartøyet på Sognefjorden. Båten var då noko ombygd for å kunne ta med bilar på dekk. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Lytta til eigarar og aktørar

Innspel frå dei som eig og jobbar med dei freda og verna fartøya har vore viktige når fylkeskommunen har laga nye, regionale prioriteringar. Hausten 2025 inviterte fylkeskommunen alle eigarar av verna og freda fartøy til dialogmøte. 33 deltakarar møtte og delte erfaringar og synspunkt.

Norsk foreining for fartøyvern sende i tillegg inn skriftlege innspel. Bodskapen var tydeleg: Det er behov for større og meir føreseielege tilskot, styrking av lokal kompetanse og verft, og betre rammevilkår for den frivillige innsatsen.

Vil ha auka statlege rammer

Samstundes som hovudutvalet no set tydelegare retning for korleis midlane skal brukast, vil politikarane også ha staten på bana. Vestland fylkeskommune arbeider aktivt på nasjonalt nivå for å auke dei totale rammene for fartøyvernet.

– Vi forventar at staten tek eit tydelegare ansvar for denne viktige delen av den nasjonale kulturarven vår. Det blir gjort eit heilt eineståande dugnadsarbeid. No treng vi ei kraftfull nasjonal handsrekning, som står i stil med både innsatsen som blir lagt ned og den store verneverdien. Der er vi diverre ikkje i dag, seier Nødseth.

Tre verna eller freda fartøy til kai i Bergen.
Verneflåten i Vestland tel til saman 52 verna fartøy. Snittalderen er 93 år. Frivillig innsats er avgjerande for å halde dei ved like. (Foto: Ann Kristin Kjerland/Vestland fylkeskommune)

Fylkesutvalet vedtok i mai 2026 vedtok ei fråsegn til Klima- og miljødepartementet og Riksantikvaren med to konkrete krav:

  1. SAVOS må få ei eiga statleg finansieringsramme

SAVOS er ei statleg insentivordning som har fungert godt: For kvar krone kommunar og fylkeskommunar løyver til verna og freda fartøy, har staten gitt ei tilsvarande krone tilbake. Utfordringa er at SAVOS vert finansiert over same budsjettpost som dei ordinære midlane til sikring og istandsetjing av verna fartøy. Det betyr at når fleire kommunar deltek i SAVOS-ordninga, vert det i praksis færre midlar att til den ordinære tilskotsordninga. Vestland fylkeskommune ber difor om at SAVOS vert skilt ut som ei eiga, separat ordning, slik at lokal og regional innsats faktisk vert belønna, ikkje «straffa».

  1. Staten bør etablere ei gåveforsterkingsordning for private bidrag

I dag kan kommunale og regionale løyvingar utløyse statleg motyting gjennom SAVOS, men private gåver og tilskot kan i hovudsak ikkje det. Vestland fylkeskommune ber om at det vert oppretta ei tilsvarande ordning, der private bidrag til verna og freda fartøy kan utløyse statleg matching, etter prinsippet «krone for krone». Det vil opne for meir samarbeid med næringsliv og stiftingar, og bidra til å «bake kaka større», i staden for å berre fordele knappe midlar på ein ny måte.