Vestland styrkjer satsinga på næringsretta forsking i 2026
Vestland fylkeskommune styrkjer arbeidet med næringsretta forsking i fylket gjennom vidareføring av FORREGION Vestland og etablering av ei ny ordning, Forskingsfinansiering Vestland.
Hovudutval for næring har vedteke at fylkeskommunen skal bidra til å mobilisere fleire bedrifter til forsking og forskingsbasert innovasjon, særleg i ein tidleg fase der få andre verkemiddel er tilgjengelege.
Forsking + omstilling = sant
Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring, peikar på at vedtaket svarar på eit reelt behov i fylket.
– Vestland ligg relativt lågt når det gjeld forsking i næringslivet, samanlikna med andre fylke. Skal vi lykkast med omstilling og innovasjon framover, må fleire bedrifter ta forsking i bruk som verkemiddel.
Næringslivet har ei nøkkelrolle i innovasjonsutviklinga i fylket. Samstundes viser tal at sjølv om Vestland har sterke forskings- og utdanningsmiljø, er forskingsaktiviteten i næringslivet lågare enn ein skulle forvente.
– Vi har store institusjonar med høg forskingsaktivitet, men næringslivet følgjer ikkje etter i same tempo. Det ønskjer vi å endre. Difor styrkjer vi no den næringsretta forskinga, slik at fleire bedrifter får tilgang til kunnskap som kan gi ny verdiskaping, seier Handegard.
Vidarefører FORREGION Vestland
FORREGION Vestland vert vidareført som eit sentralt verkemiddel for næringsretta forsking i 2026, med særleg vekt på kompetansemekling, FoU-møte, mobilitet og tidleg fase forprosjekt.
Ordninga er spesielt retta mot bedrifter som ikkje har hatt ansvar for større forskingsarbeid dei siste fem åra.
Ny ordning: Forskingsfinansiering Vestland
I tillegg har hovudutvalet vedteke å etablere ei ny ordning, Forskingsfinansiering Vestland, som skal støtte forprosjekt for bedrifter som ønskjer å gå vidare med forskingsbasert innovasjon.
Ordninga skal liggje på eit nivå over FORREGION, men under Forskingsrådet sine meir omfattande ordningar, og skal mellom anna finansiere forprosjekt med inntil 12 månaders varigheit. Målet er å kunne finansiere mellom 15 og 20 prosjekt i året, og ordninga skal nå bedrifter i heile Vestland. Det er sett av 8 millionar kroner til ordninga i 2026. Midlane vert lyste ut 2. mars 2026, med søknadsfrist 15. mai for behandling før sommaren.
Prioriterer desse områda
Både FORREGION Vestland og Forskingsfinansiering Vestland prioriterer følgjande områder:
- Forsking som kan bidra til sirkulær og berekraftig næringsutvikling forankra i vestnorske naturressursar, fortrinn og kompetansemiljø.
- Forsking på utvikling av utsleppsfri teknologi og digitalisering innan fagområde der Vestland fylke har særlege fortrinn, med særleg vekt på ny kunnskap om teknologisk, biologisk og økonomisk grunnlag for berekraftig vekst innan dei marine næringane.
- Forsking som gir meir kunnskap om føresetnader for vellukka sirkulærøkonomiske løysingar, til dømes basert på industriell symbiose.
- Forsking på føresetnader for eit grønt reiseliv med destinasjonsutvikling basert på lokal mat- og drikkeproduksjon samt kultur- og naturressursar.
- Utfordringar knytt til å utvikle helseindustri som eit viktig næringsområde med stort eksportpotensial for bedrifter i Vestland fylke må òg adresserast gjennom forsking.