Vestland fylkeskommune går inn i samarbeidsavtale om Hub for Minerals

Vestland fylkeskommune sluttar seg til ein samarbeidsavtale om Hub for Minerals saman med Engebø Rutile and Garnet (Nordic Mining), Askvoll kommune og Sunnfjord kommune. Avtalen inneber eit tilskot frå fylkeskommunen på inntil 5 millionar kroner til eit treårig prosjekt i perioden 2026–2028.

foto av folk som står på eit fjell, arbeidsklede
UTVIKLINGSARBEID: I desember 2024 starta Nordic Mining AS, gjennom Engebø Rutile and Garnet, uttak av bergarten eklogitt frå Engebøfjellet for utvinning av rutil og granat. Tilskotet frå Vestland fylkeskommune er avgrensa til utviklingsarbeid i Hub for Minerals, og gjeld ikkje sjølve mineralutvinninga eller drifta ved Engebø. (Arkivfoto: Grøn region Vestland)

– Dette handlar om å sjå på alternative måtar å utnytte restmassar frå mineralutvinning på, og det er viktig å kome raskt i gang. Hub for Minerals er eit konkret grep for å følgje opp den felles ambisjonen som vart etablert i 2011 om å utvikle ein meir berekraftig og framtidsretta mineralnæring i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Vedtaket vart gjort i fylkesutvalet tysdag 28. april. Saka følgjer opp eit vedtak i fylkesutvalet frå juni 2024 om oppfølging av Hub for Minerals, der det vart lagt til grunn at eventuell økonomisk medverknad frå fylkeskommunen skulle regulerast gjennom ein eigen samarbeidsavtale.Det er denne avtalen som no vart vedteke av fylkesutvalet.

Støtte til arbeid med sirkulærøkonomi og samarbeid


Tilskotet frå Vestland fylkeskommune er avgrensa til utviklingsarbeid i innovasjonsklyngeprosjektet Hub for Minerals, og gjeld ikkje sjølve mineralutvinninga eller drifta ved Engebø.

Midlane skal nyttast til gjennomføring av eit treårig innovasjonsklyngeprosjekt i regi av Hub for Minerals AS for perioden 2026–2028. Prosjektet omfattar utviklingsarbeid innan berekraftig mineralutvinning, mellom anna arbeid med betre utnytting av restmassar frå mineralprosessering, utvikling av nye verdikjedar og sirkulærøkonomi. Tilskotet vert gitt som støtte til innovasjonsklynge i samsvar med statsstøtteregelverket.

Bakgrunn frå 2011

Bakgrunnen for saka går tilbake til vedtaket av reguleringsplanen i 2011, då vertskommunane, Nordic Mining og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune etablerte ein felles ambisjon om at mineralutvinninga ved Engebø skulle vere startskotet for ei grøn og framtidsretta mineralnæring.

Ambisjonen omfatta effektiv utnytting av ressursane, utvikling av nye verdikjedar og tilrettelegging for ringverknader som kunne bidra til lokal, regional og nasjonal verdiskaping. Ambisjonane vart konkretiserte gjennom ein intensjonsavtale, der det vart lagt til grunn at måla skulle realiserast i samband med produksjonsstart.

I desember 2024 starta Nordic Mining AS, gjennom Engebø Rutile and Garnet, uttak av bergarten eklogitt frå Engebøfjellet for utvinning av rutil og granat.

Dette er Hub for Minerals

Hub for Minerals AS er eit selskap under Sunnfjord Utvikling AS, som er Sunnfjord kommune sitt nærings- og reiselivsapparat. Hub for Minerals er ein av hubbane i Grøn region Vestland.

Det er utarbeidd ein prosjektplan for eit treårig innovasjonsklyngeprosjekt med vekt på mineral, sirkulærøkonomi og nye verdikjedar. Prosjektet skal bidra til meir berekraftig og miljøvennleg drift og betre utnytting av naturressursane, mellom anna restmassar frå mineralprosessering.