Vegminne frå opninga av Strynefjellsvegen fekk nytt liv
Frå sliten mur med uleseleg skrift og attgrodd vassblokk til oppussa vegminne, som fortel viktig historie.
Vestland fylkeskommune har ansvar for både vegar og kulturminne, og av og til møtest desse. Som her på Hjelle i Oppstryn. Minnesmerket er frå opninga av ein del av Strynefjellsvegen i 1894 og var del av ein vegmur ved Hjelle. Vegen vart bygd på akkord, og vegminnet vart kalla «Pål-akkorden», etter formannen for arbeidet, Paul Andersen. Namnet hans er meisla inn øvst på vegminnet, under står resten av arbeidslaget.
Minnast arbeidarane på vegen
Vestland fylkeskommune vurderer minnesmerket som eit viktig kulturminne fordi det fortel historia om dei som faktisk bygde vegen. Vanlegvis var det ingeniørar eller oppdragsgjevarar som fekk slike minne etter seg. Vegminnet på Hjelle kan såleis sjåast som eit uttrykk for ein norsk, egalitær kulturtradisjon, og for den veksande arbeidarrørsla som kjempa for meir likskap i samtida.
Alle minneplater av denne typen må haldast ved like med jamleg vask og oppfrisking av bokstavane med ujamne mellomrom. Dette er viktig, sidan slike minne – til liks med til dømes gravminne – mister noko av verdien når vi ikkje lenger kan lese namna til dei som skal minnast.
Gjorde teksten lesbar att
Vegminnet på Hjelle var både utviska og attgrodd då lokalhistorieinteresserte i Stryn fatta interesse, og også Norsk vegmuseum på Lillehammer har vore inne i bildet. Minnetavla ligg ved fylkesveg og er såleis eigd av fylkeskommunen, som sette av pengar til å friske oppatt vegminnet.
Steinen med den utviska teksten vart først skura med varmt vatn og børste, før bokstavane vart reinsa og meisla oppatt. Til slutt vart teksten målt med svart måling, og no syner igjen namna på arbeidarane og året for vegopninga.
La heller og ordna vassblokka
Men det var ikkje berre sjølve teksten i muren som vart sett i stand. Framfor muren var det attgrodd med gras, og ved sidan av muren stod ei attgrodd og mosegrodd vassblokk. På plassen framfor muren er det lagt ned steinheller som er fuga med finkorna sand, og vassblokka er henta fram, reinsa og plassert på hellene.
Slike vassblokker stod ofte langs vegane der det var ei grov eller oppkome for vatn. Vatnet vart leia til blokka med ei vassrenne. Det var tenkt til hestar, men også til andre dyr som vart drivne langs vegen. I tillegg kunne vandrande hente seg rennande vatn her.
Flest vegkulturminne i landet
Vestland er fylket med flest vegkulturminne i Noreg: Tolv veganlegg er freda, saman med ein ferjekai, to bruer, ein tunnel og to bygningar. Dei fleste er eigde av Statens vegvesen, men nokre, som Salhus ferjekai, er eigde av Vestland fylkeskommune.