UP og Vestland fylkeskommune vil gjere sommartrafikken tryggare
Kvart år legg tusenvis av turistar ut på biltur i Vestland for å oppleve fjordar, fjell og spektakulære utsikter. Vestland fylkeskommune, Utrykkingspolitiet Vest (UP) og reiselivsnæringa går i år saman om ein ny kampanje som skal gjere bilturen tryggare for alle som ferdast på vegane.
Dette er kampanjen
- Vestland fylkeskommune, UP Vest og reiselivsnæringa står bak kampanjen.
- Kampanjen skal gi utanlandske besøkjande enkle råd om trygg køyring på vestlandsvegane.
- Han består av ein kortfilm og ei brosjyre på engelsk og tysk.
- Informasjonen blir distribuert på ferjer, i leigebilar, ved turistinformasjonar og gjennom reiselivsaktørar.
- Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune har finansiert kampanjen.
Initiativet til kampanjen kom frå UP Vest, som kvar sommar registrerer hendingar der manglande kjennskap til norske vegforhold og trafikkreglar skaper farlege situasjonar.
– Målet er å førebyggje farlege situasjonar gjennom betre informasjon, før turistane set seg bak rattet. Eg er svært glad for at Vestland fylkeskommune handla raskt og fekk dette til, seier assisterande distriktsleiar i UP Vestlandet, Eivind Hellesund.
Ber folk om å puste med magen
Hellesund understrekar samstundes at det er stor variasjon blant norske bilistar når det gjeld både køyreåtferd og erfaring med å ferdast på vestlandsvegane.
– Både norske turistar og utanlandske turistar er ute og køyrer på vegar dei ikkje er kjende med. Bodskapen vår er å akseptere at sommartrafikken er annleis enn resten av året. Folk må puste med magen, og ikkje la seg irritere til å foreta uvettige forbikøyringar. Samstundes må bilistane bruke speglane aktivt og køyre inn til sida og hjelpe trafikken forbi når det byggjer seg opp kø, seier Hellesund.
– Eit felles ansvar
– Vestland fylkeskommune ønskjer turistane velkomne og verdset bidraga dei gir til lokalsamfunna våre. Samstundes er trafikksikring og god framkome på vegane eit felles ansvar og eit overordna mål, for både besøkjande og fastbuande. Vi er glade for at politiet tok initiativ til denne kampanjen, og at trafikktryggingsutvalet kunne støtte opp om arbeidet.
Det seier Arve Helle, leiar for trafikktryggingsutvalet og hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland fylkeskommune.
Skal møte turistane der dei er
Gjennom ein kortfilm og ein brosjyre skal trafikksikringsråd nå ut til besøkande på ferjer, i leigebilar og ved turistinformasjonar over heile Vestland. Skyss, Fjord Norge, destinasjonsselskapa og fleire aktørar bidreg til å spreie informasjonen.
Brosjyren finst på engelsk og tysk, og blir delt ut mellom anna gjennom bilutleigefirma, politiet og reiselivsaktørar. Filmen skal visast på ferjer, turistinformasjonar og i sosiale medium.
Bodskapen er enkel:
- Hald fartsgrensa og køyr etter forholda.
- Slepp trafikken forbi dersom det byggjer seg opp kø.
- Parker trygt dersom du vil stoppe og nyte utsikta.
- Ikkje stopp i svingar eller ved bakketoppar.
- Køyr aldri i påverka tilstand.
Eit viktig initiativ
– Det er gledeleg at stadig fleire vel å oppleve Vestlandet på eiga hand. Samstundes veit vi at vestlandsvegane kan vere uvande og krevjande for mange tilreisande. Difor er det viktig at gjestene får god informasjon som bidreg til ei trygg reise, både for dei sjølve og alle andre trafikantar. Eg vil rose Vestland fylkeskommune og politiet for eit viktig initiativ, og takke alle aktørane som er med på å gjere denne informasjonen kjend for gjestene sine. Saman gjer vi Vestlandet til eit tryggare reisemål for alle, seier administrerande direktør i Fjord Norge, Stein Ove Rolland.
Bård Sandal, direktør for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune, meiner kampanjen viser korleis ulike aktørar kan løyse ei felles utfordring.
– Vestland er eitt av dei mest besøkte områda i Noreg, og det forpliktar. Når besøksforvaltning, trafikktryggleik og politi samarbeider, tek vi eit konkret steg mot eit tryggare og meir berekraftig reiseliv, til beste for både dei som bur her og dei som kjem på besøk, seier Sandal.