Signerte historisk avtale som skal få fleire til å fullføre vidaregåande

Vestland fylkeskommune og Bergen kommune går saman om å førebygge fråfall på vidaregåande. – Vi har signert mange avtalar om både byvekst og samferdsel. Denne handlar om det viktigaste, nemleg våre unge menneske, seier fylkesordførar Jon Askeland.

foto av tre personar som sit ved eit bord
KLAR FOR TETTARE SAMARBEID: Samarbeidsavtalen "kommunedialog om grunnopplæringa" vart signert av Daniel C. E. Hägglund, byråd for barnehage og skule og fylkesordførar Jon Askeland. Byrådsleiar Christine Meyer til høgre. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Tal i kommunedialogoversikta viser at 72 elevar slutta på vidaregåande skular i Bergen kommune i 2024, alle i løpet av det første skuleåret. Utfordringane til desse elevane starta ikkje på vidaregåande, men tidlegare. Avtalen mellom Bergen kommune og Vestland fylkeskommune handlar om å jobbe tettare saman om å gjere overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande opplæring best mogleg, slik at flest mogleg fullfører.

Tiltaka skal i hovudsak vere retta mot heile elevgruppa, men skal særleg rette seg mot elevar med stort læringspotensial, sårbare elevar, elevar med høgt fråvær og minoritetsspråklege elevar.

Betre studierettleiing i 10. klasse

Fylkesordførar Jon Askeland understrekar at det går bra med dei fleste elevane på dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune.

– Men av dei som fell i frå, ser vi at det er ein kombinasjon av låge grunnskulepoeng eller sosiale utfordringar. Dei stiller med eit stort handikap når dei startar på vidaregåande. Det andre vi ser er at det er for stor variasjon i kor gode kommunane er på å rettleie elevane i val av studie i 10. klasse. Dette gjeld ikkje berre Bergen, men heile Vestland. Tiltaka vi skal i gang med her er utruleg viktige, og er det området i avtalen vi har størst forventningar til, sa Askeland då avtalen vart signert på Bergen maritime vidaregåande skule sist veke.

Fylkesordføraren signerte på vegner av fylkeskommunen, medan byråd for barnehage og skule, Daniel C. E. Hägglund, signerte for Bergen kommune. Han kunne fortelje at Bergen kommune jobbar med å få ein eigen bergenstandard for utdanningsval og karriererettleiing i ungdomsskulen.

– Det er utruleg kjekt at vi kan sitte her i dag, det handlar om ungdomane våre og framtida, og då må vi ha eit betre og tettare samarbeid, uttalte, Hägglund.

foto av tre personar som strå og snakkar
BESØKTE VIDAREGÅANDE: Signeringa fann stad på Bergen maritime vgs i Bergen sentrum, ein populær skule med 500 elevar. Frå venstre: byrådsleiar Christine Meyer, fylkesordførar Jon Askeland og rektor ved skulen, Jan Kåre Greve. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Meir yrkesfag inn i arbeidslivsfaget

Hägglund er oppteken av å auke kunnskapen til ungdomsskuleelevane om dei mange moglegheitene yrkesfag gir. Gjennom samarbeidsavtalen er målet at arbeidslivsfaget i ungdomsskulen skal gje elevane realistisk og relevant innsikt i yrkesfaglege utdanningsprogram, og bidra til auka forståing for dei moglegheitene yrkesfag gir.

Elevar som treng større utfordringar

Tiltaket som er retta mot elevar med høgt læringspotensial vart og løfta fram. Elevar som treng større utfordringar skal få moglegheit til ta fag frå vidaregåande trinn medan dei framleis er elevar i grunnskulen. Aktuelle fag er matematikk, språkfag og naturfag.

– Alle ungdomsskulane i Bergen skal bli godt kjende med dette, slik at dei som opplever at ungdomsskulen er for enkel og ynskjer tilpassa undervisning, får dette, sa Hägglund.

Til stades under signeringa var også byrådsleiar Christine Meyer.

– Eg er veldig glad for at vi no får på plass eit godt og tett samarbeid til beste for både dei elevane med stort læringspotensial og dei mest sårbare elevane. Vi veit at mange strevar med overgangar, og vi har behov for meir praktiske fag. Dette har vore eit etterlengta prosjekt frå vår side, sa Meyer.

Roste Bergen kommune

Askeland nytta anledninga til å kome med skryt til Bergen kommune:

– Bergen kommune er ein av dei alle beste kommunane i måten de jobbar med skule på. De har ein god plan for fornying av skulebygg, og de set eleven først. Det de gjer her no vil verkeleg gje effekt, roste Askeland.

Dialog med alle kommunar

Vestland fylkeskommune har møteplassar og dialog med alle kommunar i Vestland om kva vi kan samhandle om for å få fleire ungdomar til å fullføre vidaregåande opplæring. Etter ny opplæringslov har vi eit spesielt ansvar for å få ein god overgang frå ungdomsskulen til vg1 for alle elevar saman med kommunane. Vi har utvikla ei informasjonsside der kommunane kan sjå korleis overgangen frå ungdomsskolen til vidaregåande skule har gått.