Satsar på innovasjon som skaper jobbar i heile Vestland

Vestland fylkeskommune satsar på innovasjonsmiljø som skal hjelpe bedrifter med å vekse, utvikle nye løysingar og skape arbeidsplassar. No er det klart kva aktørar som får innovasjonsavtalar for perioden 2027–2029.

Nærbilde av bringebærbusk med modne bær i solskinn.
FRUKT: Blant dei som får innovasjonsavtalar er mellom anna verksemder som driv med frukt- og siderproduksjon. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Hovudutval for næring vedtok 11. november å gi innovasjonsavtalar til 21 aktørar innan ulike næringar og fagmiljø i Vestland.

Målet er å gi små og mellomstore bedrifter betre tilgang til kompetanse, nettverk og utviklingsmoglegheiter, slik at dei kan vekse, styrkje konkurransekrafta og skape nye arbeidsplassar.

– Vi har eit mangfaldig næringsliv i Vestland, med ulike behov og moglegheiter for utvikling. Skal vi skape nye arbeidsplassar og sikre dei vi har, må bedriftene ha gode føresetnader for å utvikle seg. Difor er det viktig å ha sterke innovasjonsmiljø i ulike næringar og i heile fylket, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring.

Skal bidra til vekst og nye arbeidsplassar

Aktørane som får avtalar, representerer ulike bransjar, fagmiljø og geografiske område. Mellom anna får miljø innan maritim næring, teknologi, finans, media, matproduksjon og forsking støtte.

Innovasjonsavtalane skal bidra til aktivitetar som kjem fleire bedrifter til gode, mellom anna gjennom kompetanseutvikling, samarbeid og utvikling av nye løysingar.

Fylkeskommunen vil leggje vekt på kva resultat avtalane gir for næringslivet. Aktørane skal rapportere om arbeidet, og hovudutvalet skal få årlege oppdateringar om resultata frå ordninga.

Desse får innovasjonsavtalar

500 000 kroner årleg:

  • Finance Innovation
  • Maritime CleanTech
  • Building Innovation
  • Connect Vest
  • GCE Ocean Technology SA
  • Kompetansesenteret for Robotteknologi AS
  • Medieklyngen AS
  • Sitep
  • Matarena AS
  • Stiftinga Vestlandsforsking
  • Norway Health Tech

400 000 kroner årleg:

  • The Seafood Innovation Cluster AS
  • Njøs frukt- og bærsenter AS
  • Stiftelsen Bergen maritim

300 000 kroner årleg:

  • Hardanger Siderprodusentlag
  • Sogn Frukt og Siderlaug
  • Stiftelsen Norsk Hjortesenter
  • Nordfjordkompaniet

200 000 kroner årleg:

  • Sunnfjord Utvikling
  • Næringshagen i Ullensvang
  • Hub for Ocean

Får støtte gjennom andre ordningar

Hovudutval for næring har også vedteke å støtte fleire aktørar som ikkje får innovasjonsavtalar.

Framtidsfylket får sett av inntil 800 000 kroner og IT-forum inntil 600 000 kroner for 2027. Vidare finansiering skal vurderast i eigne politiske saker.

I same møte vedtok hovudutvalet å løyve éin million kroner til Ungt Entreprenørskap Vestland for 2027.

Også filmnæringa får støtte. Mediefondet Zefyr og Vestnorsk filmsenter – filmkommisjonen får 900 000 kroner kvar for 2027.

Hovudutvalet har bede om nye saker hausten 2027 om finansiering av Ungt Entreprenørskap Vestland og mogleg vidare støtte til dei to filmaktørane frå 2028.
 
Til sak PS 84/2026 Tildeling av innovasjonsavtalar 2027-2029