Regional transportplan: Dette er prioriteringane på fylkesveg framover

Pengane må sikre det som allereie finst. Det er føringane frå fylkestinget i arbeidet med fylkesvegane i Vestland. Både bruer, ferjekaiar og tunellar i fylket har store oppgraderingsbehov.

Vi ser eit bruspenn på ei eldre hengebru. Vi ser frå toppen av brua og nedover hengekablane på eine sida av brua, lenger nede på kabelen ser vi ein person i arbeidstøy i sterkt gult og med hjelm på, han inspiserer kabelen. Langt under oss ser vi vegbana på brua og fjorden under, og brufestet rett fram på land. Grå knausar med snø på og eit kvitt eldre hus til venstre for brufestet på land.
LISTENE ER KLARE: Fyksesund bru er ei av mange bruer i Vestland som treng naudsynt vedlikehald og oppgradering. No er lista over dei 12 neste bruene med store behov klar. Bru, ferjekai, tunellar og vegforsterking skal prioriterast, seier fylkestinget. Foto: Rambøll

Tunell- og ferjefylket Vestland slit med det største vedlikehaldsetterslepet i landet på fylkesveg – vegane som går der folk bur. Nye kunnskapsgrunnlag viser at om ikkje ferjekaiar blir vedlikehaldne og oppgraderte kan det gå ut over framtidas rutetilbod. Både tunellar og bruer kan i verste fall bli stengde om ikkje naudsynte tiltak blir gjort.

I den årlege saka om fylkesveginvesteringar i Regional transportplan for Vestland 2022–2033 seier fylkeskommunen at pengane må gå til det som held vegane og rutetilboda opne: at vedlikehald og oppgradering må prioriterast framfor nybygg. Bruer, ferjekaier, tunellar og forsterking av fylkesvegane bør prioriterast.

–  Vi har ikkje råd til å la forfallet fortsette, heller ikkje med tanke på tryggleik og opne samband for heile fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.              – Vi skal klare både ferjesamband, klimaambisjonar og opne vegar. Da må vi prioritere tiltaka kunnskapsbasert, og vi må gjere det innanfor dei samla stramme økonomiske rammene.

Tunellar, bruer og ferjekaier fyrst i køen 

Og grunnlaget for å kunne gjere gode prioriteringar i ein pressa økonomi er betre enn nokon sinne. Med nye kunnskapsgrunnlagom ferjekaiene i fylket, tunelløpa og dei 2083 bruene på fylkesveg har fylkeskommunen oppdaterte fakta og kunnskap om kritiske vedlikehaldsbehov på bordet, og forsterkingsprogrammet på fylkesveg har gode resultat. 

I tunellane finn ein mangelfull fjellsikring, tynn og dårleg festa sprøytebetong og utilstrekkeleg brannsikring. Berre tre av 63 ferjekaier i dagleg drift er bygde etter dagens regelverk, fleire har så alvorlege rust-, betong- og erosjonsskadar at dei verken tilfredsstiller dagens krav eller kan ta imot nye, grøne ferjer. Over halvparten av bruene er over 50 år gamle, og det er registrert 70 bruer med stor skade på bereevne.Berre for bru er vedlikehaldsetterslepet estimert til 5,3 milliardar kroner.

Totalt er vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg i Vestland rekna til 20 milliardar kroner. No har fylkestinget sett på kva tiltak med kostnad på over 50 millionar kroner som er aktuelle å ta med vidare i kommande budsjett og økonomiplan.

Ein tunellvegg er dekka av dårleg festa grå plater festa med boltar, over ein grå smal dårleg asfaltert veg. Vi ser så vidt utgangen av tunellen og ein bil som står utanfor til venstre i bildet. Over platene er det grovt hakka fjellvegg. Fleire plater bular ut, noko bak dei sprenger seg ut.
TIDSSPØRSMÅL: Kva sprenger seg fram bak desse brannfarlege skumplatene? Både store steinar og vatn kan rase ut i vegen i Svoragrovatunellen i Oldedalen og i mange fylkesvegtunellar i Vestland. Foto: Per Magne Eikeland/Vestland fylkeskommune

Nye metodar gir meir for pengane

Fylkestinget vil og halde fram med forsterkingsprogrammet på fylkesveg, som allereie er i gang. Ein av fire vegkilometer i Vestland toler ikkje belastninga dei er utsette for, frå tungtransport, regn, og frå eit klima i endring. Nye metodar som knusefresting og djupstabilisering gjer at slitte vegar kan tole tyngre køyretøy og meir nedbør. Å forsterke på denne måten er også meir miljøvenleg og billegare enn nybygg.

– Kostnadane veks desto lenger vi ventar. Vi står i ein krevjande økonomisk situasjon, men oppgradering og utskifting av bruer, ferjekaier og tunnelar skal ha høgast prioritet framfor nybygg i neste økonomiplanperiode, seier Askeland.

Fakta

  • Vestland har halvparten av alle skredpunkt på fylkesveg i heile Noreg. 
  • Vestland har nær annakvar fylkesvegtunell i landet. 
  • Vestland sitt vedlikehaldsetterslep utgjer om lag 20–23 prosent av det nasjonale etterslepet. 
  • Vestland er eit av fylka med mest veg med dårleg eller svært dårleg dekkekvalitet. 
  • Vestland er eit av fylka med høgast risiko for å bli drepen eller hardt skadd i trafikken. 

Kjelde: Regional transportplan for Vestland 2022–2033