Rår frå vern av Sognefjorden: – Vi må heller ta aktivt tak i miljøutfordringane
Det seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet vedtok at Vestland fylkeskommune rår frå at Sognefjorden blir verna som marint verneområde.
Det er Statsforvaltaren i Vestland som har sendt forslaget om marint vern av Sognefjorden på høyring. Fylkesutvalet gir høyringssvar på vegner av Vestland fylkeskommune
– Vi meiner at planen for eit marint vern av Sognefjorden blir eit altfor inngripande tiltak i det lokale sjølvstyret. Uttalen stør seg på uttalane frå dei fleste kommunestyra i Sogn i dette. Samstundes ser vi at det er store miljøutfordringar i fjorden. Vi ønskjer heller ei aktiv tilnærming til det å jobbe for ein friskare fjord gjennom dei strenge lovreguleringane som allereie gjeld, seier fylkesordføraren.
Fylkesutvalet behandla saka i møtet 22. oktober, og eit fleirtal i utvalet rår altså frå at Sognefjorden blir verna som marint verneområde.
Tek utfordringar på alvor
Forslaget om marint vern av Sognefjorden er ute på høyring fram til 1. november. Forslaget omfattar om lag 1003 km2 sjøareal fordelt på dei ti kommunane Solund, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Føremålet er å verne dei særeigne geologiske kvalitetane og det biologiske mangfaldet i fjorden.
– Sognefjorden er noko av det mest verdifulle vi har. Han er lengst i Noreg og djupast i verda. Han lokkar tusenvis av turistar til fylket, har unike både natur- og kulturverdiar, og han er viktig for fleire delar av arbeids- og næringslivet. Vi skal ta på alvor dei utfordringane som er i fjorden, men vi meiner ikkje den framlagde verneplanen er vegen å gå, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Han peiker austover og ber Statsforvaltaren sjå kva som er gjort i Oslofjorden, der det er laga ein heilskapleg tiltaksplan for fjorden.
– Ein slik plan bør ha mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdiar, fremja aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfaldet. Det vidare arbeidet for Sognefjorden bør følgje ein slik modell. Det vil også forplikte staten til å bidra økonomisk, seier han.
Etterlyser meir konsekvensutgreiing
Fleirtalet i fylkesutvalet ser ikkje at det ligg føre eit tilstrekkeleg samla kunnskapsgrunnlag om dei langsiktige samfunns- og næringsmessige konsekvensane av verneforslaget. I vedtaket blir det peika på at fleire ting må på plass før behandlinga av eit eventuelt verneforslag.
Fylkesutvalet meiner blant anna at det bør gjerast ein supplerande samfunns- og næringsanalyse. Ein slik analyse bør vise kva verknadar eit marint vern vil ha for verdiskaping, arbeidsplassar, busetjing, samfunnstryggleik og framtidig utviklingsrom i kommunane langs fjorden.
– Vestland fylkeskommune har som mål at kommunane rundt Sognefjorden skal ha vekst i folketal og verdiskaping. Då må vi vite kva eit marint vern betyr i praksis, og kva konsensar det får for blant anna akvakultur, industri, energiinfrastruktur, fylkesveg, ferjesamband, hamner og annan fjordbasert verksemd. I tillegg må det greiast ut korleis aktivitet på land, som landbruk, energiproduksjon, infrastruktur og anna, påverkar verneverdiane i fjorden, seier fylkesordføraren.
På oppdrag frå Miljødirektoratet
Statsforvaltaren i Vestland har fått dette oppdraget frå Miljødirektoratet og gjer det praktiske arbeidet, frå oppstartsmelding og konsekvensutgreiing til høyring og tilråding. Direktoratet utarbeidar så ei eiga tilråding til Klima- og miljødepartementet, som sluttbehandlar saka. Eit eventuelt endeleg vernevedtak blir gjort av Kongen i statsråd, etter framlegg frå regjeringa.
Vedtaket frå fylkesutvalet ligg i saksprotokollen frå møtet (under "Vedtak").
Les meir om forslaget om marint vern av Sognefjorden på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland.