Professor ved UiB til elevar: – Dette kunne eg ikkje sagt på eit amerikansk universitet
Lise Rakner, professor i statsvitenskap ved UiB, held eit tankevekkande innlegg til 1000 elevar på den årlege Samtidskonferansen til Amalie Skram vidaregåande skule.
Saka oppsummert
Samtidskonferansen ved Amalie Skram vidaregåande skule samlar kvart år elevar for å gi dei større forståing av aktuelle samfunnsspørsmål.
Konferansen har i år 10-årsjubileum.
Lise Rakner, professor i statsvitenskap ved Universitetet i Bergen, utfordra elevane til å reflektere over korleis demokrati kan forvitre, korleis algoritmar og fiendebilete påverkar politiske haldningar, og kvifor det å stille kritiske spørsmål er avgjerande for å ta vare på demokratiet.
Samtidskonferansen er ein arena for elevane til å løfte blikket frå eigen skulekvardag og utforske sentrale spørsmål og tema i vår tid.
I år fyller konferansen 10 år og årets tema «Kva no? Er demokratiet i fare?» kunne ikkje vore meir aktuelt.
– Verdssituasjonen no heilt i starten på 2026 er dessverre endå meir utrygg og skremmande enn den har vore dei siste åra. Vår eigen utanriksminister uttalte nyleg at Noreg står i den farlegaste sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig, opna programleiar Kari Birkeland.
Lærebok for diktatorar
I år har konferansen fått med seg Lise Rakner, professor i statsvitenskap og direktør for institutt for politikk og forvaltning ved Universitetet i Bergen. Ho snakka om den demokratiske utviklinga i Noreg, USA og resten av verda, og djupdukka blant anna i kva ein kan gjere dersom ein ynskjer å bli diktator.
– Det er så mange triks i boka. Når du har vunne eit val må du sørge for at dei andre institusjonane i samfunnet som rettsapparatet, Stortinget og pressa får mindre makt, slik at du får meir. Du må gjere det mindre trygt å vere ein vanleg borgar. Det må koste meir å demonstrere, bli medlem av eit politisk parti eller skrive i avisa, til dømes at du mister jobben din. Det neste er å angripe opposisjonen og gjere det skikkeleg kjipt for dei som ikkje er einige med deg, sa ho.
I alle land der demokratiet er på tilbakegang, vert det skapa fiendebilete.
– Gjerne ei gruppe som mange ikkje har eit tett forhold til, som skeive og minoritetar. Også kvinner som gruppe og høgare utdanningssystem vert angripne, sa ho.
Emigrantar og innvandrar er det smartaste trikset i «diktatorens handbok».
– Det er ei gruppe som har svært få moglegheiter til å stå opp for rettane sine. Legg merke til korleis denne diskusjonen utviklar seg. Det skjer over heile verda. Dette er «oss mot dei andre».
Eit dykk inn i stortingsvalet 2025
Dei globale utviklingstrekka vi ser i andre land er og synlege i Noreg. Eit av desse er at unge menn og kvinner blir meir ueinige.
– Det er eit større gap mellom kva kvinner og menn ønsker seg. Mest urovekkande er det å sjå at vi glir ut frå midten. Gutar stemmer ikkje Høgre, men Frp, jentene stemmer ikkje Ap, men SV eller Raudt eller MGD, og dei to spørsmåla som skil mest er haldningar til likestilling og innvandring, fortalde Rakner.
– Kvifor stemmer unge menn i Noreg på Sylvi Listhaug?, spurde Rakner, og fekk mange ulike svar frå elevane før ho sjølv tok ordet.
– Undersøkingar viser at unge menn som får nyhenda sine primært frå sosiale medium, stemmer Frp. Det skal vi tenke litt på, sa ho.
Ho snakka og om det store fokuset på formueskatt i valkampen til Høgre under stortingsvalet i fjor.
– Det er nesten ingen av oss som sit her som skal betale formueskatt. Kvifor skal vi då vere opptekne av akkurat det? Kvifor ikkje jernbane og skule? Det er fordi nokon vil at vi skal vere opptekne av det. Jobben min, til læraren dykkar og til dykkar sjølve er å vere kritiske til dette, fordi vi lever i eit demokrati, sa ho, og la til at dette kunne ho ikkje ha stått på ein skule i USA og sagt.
– I den augneblinken slike som meg ikkje får lov å seie dette til dykk, då veit vi at det ikkje er eit demokrati lenger. Heilt ærleg folkens, slik som eg snakkar til dykk no, kunne eg ikkje ha snakka på eit amerikansk universitet akkurat der vi står no. Så alvorleg er det, sa Rakner.
Kva kan du og eg gjere?
Kva kan vi gjere for å motverke forvitring av demokratiet, og kva ansvar har vi som enkeltpersonar, var eit av spørsmåla Rakner fekk frå elevane.
– Det er det beste og viktigaste spørsmålet av alle. Berre det at de er her i dag, og at Amalie Skram har ein samtidskonferanse er i mi bok eit utruleg viktig skritt. Det handlar om å kome saman og bli einige om fakta. At ikkje alle forsvinn bak skjermar og eigne algoritmar. Snakk med dei du er ueigne med, spør kvifor, utfordre kvarandre, ha ein samtale, oppmoda Rakner.
"Det viktigaste oppdraget på lenge"
Rakner lot seg inspirere av både konferansen i sin heilskap og engasjementet frå elevane.
– Eg er sjeldan på vidaregåande skular og snakkar, og vil gjerne gjere dette meir. Dette var heilt fantastisk å få vere med på, og er kanskje det viktigaste eg har gjort på lenge. Alle vidaregåande skular burde ha ein slik konferanse.
Anna Hågøy Bostad er elevrådsleiar og går siste året på studiespesialiserande. Konferansen har gitt ho fleire perspektiv på sakene som har vore i nyhendebiletet den siste tida.
– Det er viktig å ha ein slik konferanse, ein skjønar litt meir, og ser dei store linjene. Vi vert oppmoda til å tenke sjølv, seier ho.
Propaganda og demokrati
Johanne Berge Kalsass, doktorgradsstipendiat innan russisk media og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen, held innlegg om russisk valpåverknad då Trump kom til makta. Ho tok elevane med på eit "dykk under overflata" i dei såkalla trollfabrikkane og den usynlege påverknaden. Ho sa mellom anna at Noreg også er eit mål, og vi vart utsette for påverknadsforsøk under stortingsvalet.
Sist ut på scena var dokumentarfilmskapar Frode Fimland. Han er aktuell med dokumentarfilm om bergensfotografen Henning Wernøe, kjent for unike opptak frå Bergen under 2. verdskrig, og hans motstand mot nazismen.
I dokumentarfilmen kjem vi nær ei historie som fortel veldig konkret at vi ikkje var budde på kva som kom til å skje då krigen braut ut.
–Det er ei fallgruve ingen må gå i. Det er viktig å vere medviten på at fridomen og demokratiet vårt ikkje er sjølvsagt, og å lære av historia vår, oppmoda han.