Opprettar ny kveldsrute for ferjesambandet Krokeide-Hufthamar
Ferjesambandet Krokeide-Hufthamar blir styrkt ytterlegare frå 2027, med ein ny kveldsrundtur på kvardagar og laurdagar. Bakgrunnen er at brukarbetalinga som vart innført i fjor haust har gitt fylkeskommunen større inntekter enn venta. Pengane blir no brukte til å styrke tilbodet for dei reisande.
Dette er vedtaket
- Fylkesutvalet vil styrke rutetilbodet mellom Krokeide og Hufthamar. For å møte auka trafikk på sambandet, og lokale behov knytt til samfunnsutvikling og næringsliv, skal det iverksetjast ein ny rundtur på kveld på kvardagar og laurdag frå 2027.
- Tiltaket blir finansiert i 2027 gjennom at både andelen fylkeskommunal finansiering og brukarbetalinga held fram som no, og ved at inntekter utover estimat for 2026 blir nytta i 2027.
– Det er kjempegode reisetal for sambandet! Langt fleire reiser til Austevoll etter at ferjetilbodet vart utvida, og det gir høgare inntekter enn venta. Det gode med regelverket for den utvida betalingsordninga for sambandet, er at ekstrainntektene utelukkande skal gå tilbake til å betra tilbodet på dette sambandet. Så derfor har vi no pengar til å betra ferjetilbodet Korkeide - Hufthamar yttarlegare. Eg gledar meg over at vi på denne måten styrkjer utviklinga av Austevoll, for dette er også eit direkte svar på det Austevoll kommune har etterspurt, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vedtaket vart gjort samrøystes i fylkesutvalet onsdag 23. september.
Frå gratis til betalt, og no eit betre tilbod
I mai 2025 vedtok fylkesutvalet å styrke rutetilbodet på ferjesambandet Krokeide-Hufthamar. Bakgrunnen var at trafikken på sambandet hadde vakse kraftig, og det gamle rutetilbodet ikkje lenger heldt tritt med etterspurnaden.
Løysinga var å styrke tilbodet med nye nattavgangar alle dagar og drift med to ferjer i helgane heile året, og samtidig gjeninnføre brukarbetaling på sambandet som delvis finansiering av styrkinga. Tiltaket blei sett i verk 1. november 2025.
Å innføre betaling på eit samband som tidlegare var gratis, vart naturleg nok ikkje motteke like positivt av alle brukarar. Likevel viser tala at trafikkveksten har halde fram, og for dei fleste månadene i 2026 ligg trafikknivået vesentleg over fjoråret.
Inntektene har blitt høgare enn venta, men framleis eit gap
Då brukarbetalinga blei innført, forventa fylkeskommunen årlege billettinntekter på om lag 21 millionar kroner. Oppdaterte tal viser at inntektene blir vesentleg høgare: om lag 31,6 millionar kroner i 2026 og 33,8 millionar kroner i 2027. Det viktigaste er at etterspurnaden har vore høgare enn venta, i tillegg til at fleire store køyretøy no nyttar sambandet.
Samtidig har kostnadene også auka noko meir enn opphavleg rekna med, frå eit anslag på 26 millionar kroner til ein prognose på 29,7 millionar i 2026 og 31,5 millionar i 2027. Dette skuldast hovudsakleg ordinær prisjustering i driftskontraktane.
Sjølv med dei auka inntektene, er ikkje rekninga heilt i balanse for 2027. Estimerte inntekter er ikkje tilstrekkelege til å finansiere den nye kveldsrundturen fullt ut, og fylkeskommunen manglar om lag 3,9 millionar kroner for å dekke tiltaket det året. Løysinga er å bruke meirinntektene frå 2026, altså pengane som kjem inn utover det opphavlege estimatet, til å dekke dette gapet.
Ny kveldsrundtur, same pris
For å ta unna auka trafikk, og møte lokale behov knytt til samfunnsutvikling og næringsliv, har fylkesutvalet vedteke å legge inn to nye avgangar på sambandet: ein klokka 20.55 frå Krokeide og ein klokka 20.10 frå Hufthamar på kvardagar og laurdagar.
For passasjerane inneber vedtaket først og fremst eit betre tilbod, ikkje høgare prisar.
Frå 2027 vil begge ferjene vere i drift gjennom heile dagen, med ein ekstra rundtur på kveld på kvardagar og laurdagar. Det gir fleire avgangar for pendlarar, næringstransport og andre som treng å reise seinare på kvelden.
Tiltaket har ein kostnad på om lag 12,2 millionar kroner i 2027. Det blir finansiert ved at meirinntektene frå 2026 blir sett av til å dekke kostnaden i 2027, i tillegg til at brukarbetalinga og den fylkeskommunale finansieringsdelen på 19 prosent held fram som i dag.
Vedtaket sett i eit større bilete
Fylkesdirektøren peikar på at fylkeskommunen står overfor store økonomiske utfordringar i ferjedrifta i åra som kjem, og at trafikkveksten på fleire ferjesamband i Vestland er stor og vedvarande. Ferjetilbodet blir sett på som grunnleggjande infrastruktur for arbeidsreiser og næringstransport. Saka blir difor sett i samanheng med både fylkeskommunen sin regionale utviklingsplan og det pågåande arbeidet med nye driftskontraktar for ferjesambanda frå 2030.
Fylkeskommunen understrekar samtidig at det økonomiske handlingsrommet er avgrensa. Dersom det seinare skulle vise seg at inntektene og den faste fylkeskommunale finansieringa (19 prosent) ikkje er nok til å oppretthalde tilbodet, tilrår Skyss at finansieringa blir sikra ved å endre talet takstsoner på sambandet. Fylkesdirektøren peikar på at ei mindre takstauke kan bli naudsynt frå 2028 for å sikre vidare finansiering.
Saka blei først handsama i hovudutval for samferdsel og mobilitet 15.09.2026, med endeleg vedtak i fylkesutvalet 23.09.2026
Til sak PS S47/2026 Ferje Krokeide-Hufthamar: Evaluering av styrkt rutetilbod og innføring av brukarbetaling november 2025