– Denne brua går begge vegar
Det var festdag i havgapet da spektakulære Ytre Steinsund bru vart opna. Fem bruspenn og 18 000 kubikk lågkarbonbetong bind no øykommunen Solund saman.
– Eg er så lei av at dei seier dette er ei bru for oss på Ytre Sula. Ho er like mykje for alle som vil kome hit, for å bu her, jobbe her eller oppleve øyane og naturen. Brua går begge vegar, og i dag feirar vi! seier Camilla Trovåg, eigar av nærbutikken på Nåra.
27. november 2026 klypte fylkesordførar Jon Askeland snora på bruprosjektet , etter lokal kamp i fleire tiår
Fridom til å reise, arbeide og delta
Ytre Steinsund bru er bygd meter på meter høgt over havet i storm og snø, blikkstille og solnedgang. Med 811 meter bru forsvinn ferja mellom Daløy og Haldorsneset, og det blir eit døgnope samband mellom Ytre Sula og Hardbakke.
– Gratulerer med Norges vestlegaste og største vegprosjekt! Me feirar mange års sterkt kystengasjement for enklare kvardag og for å sikra næringsliv og arbeidsplassar, sa Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, på bruopningsdagen.
I september 2018 godkjente samferdsledepartementet prosjektet som eit ferjeavløysingsprosjekt. Fylkestinget i Vestland vedtok byggestart i juni 2021, og i 2022 kunne anleggsarbeidet starte, med Lesja bulldozerlag som bygde 4400 meter fylkesveg på land. 12 månader seinare tok Skanska til som totalentreprenør på brua. Ein kald novemberdag i 2026 møtte både skulemusikk, ordførar, barnehagar og stortingsrepresentantar opp til bruopning, ein månad før kontraktsfesta dato for ferdigstilling.
25 meter bru i veka og orkan i kasta
At det kan vere vêrhardt på vestlandskysten veit dei fleste. Prosjektleiar Helge Jostein Follevåg i Vestland fylkeskommune har levd med bruprosjektet i fire år og fått kjenne på vinterstormar med orkan i kasta, men og fantastiske naturopplevingar. Ein halvbygd konstruksjon frå holme til holme heldt stand gjennom sårbare fasar, men for Helge Jostein var det også spenning knytt til tryggleiken i prosjektet.
– Alle måtte fraktast ut til dei ulike arbeidsstadane i båt. Så var det å gå 50 meter rett opp i klatretårn på brusøylene i all slags vêr. Eit menneske blir lite i så store konstruksjonar og ope landskap, og her har vi hatt mange sprengingar, arbeid i stor høgde og mykje vêr! seier Follevåg. – Men det har gått veldig bra! Omsynet til HMS og tryggleik kjem alltid først. Nokre dagar måtte vi avvente arbeidet, andre dagar støypte vi opp til 25 meter bru i veka.
Brua vakse fram som ei spennarmert betongkassebru som skal tole dei krevjande forholda ved havet. Det lengste av fem bruspenn er på 260 meter.
Det aller mest spennande
Arbeidet under sjøen med å få brufundamenta på plass på ni og 19 meters djupn var det mest spennande punktet for prosjektleiaren. Dykkarar i Sjøavdelinga i Skanska sprengte hyller i sjøbotnen og støypte tre presise landingspunkt brusøylene.
– Dette er enorme operasjonar som skal gjerast med millimeterpresisjon under vatn, med straum, bølger, vind og sjøtrafikk å ta omsyn til. Det var svært imponerande å få oppleve presisjonen og samarbeidet mellom dykkarar, kranfartøy og slepebåtar, seier Follevåg.
Miljøomsyn har vore ein stor del av bruprosjektet. Arbeidet under vatn kravde særlege omsyn til livet i sjøen. Sprenging og utfyllingsarbeid vart planlagd utanom gyteperioden for fisk, og spreiing av partiklar i vatnet vart overvaka for å sikre at gyteområde og fiskeoppdrett ikkje vart påverka.
Brua er bygd i lågkarbonbetong, og heile 97% av armeringsstålet er resirkulert. I vegbygginga på land er det brukt lågtemperaturasfalt for å redusere energibruk og klimagassutslepp. I lag med Fjordane friluftsråd rydda også prosjektet strendene rundt anleggsområdet for 4 tonn marint avfall før arbeidet starta.
Nye fastbuande allereie
Denne dagen blei ei bru som opnar nye vegar og moglegheiter ved kysten feira. Fylkesordføraren ser også at finansieringsmodellen for slike bru for ferje-prosjekt må endrast dersom fleire lokalsamfunn skal få realisert tilsvarande prosjekt.
– Eg gledar meg stort over at ferja no er erstatta med bru. Ytre Steinsund bru er bygd med fondsmidlar, ferjeavløysingsmidlar og fylkeskommunale lån. For å erstatta fleire fylkesvegferjer med bru i framtida, ønskjer eg meg ein rausare stat, seier Askeland.
– For elles maktar ikkje ein gjeldstyngd fylkeskommune å innfri å letta kvardagen slik me feirar i dag.
For Camilla Trovåg er gleda udelt. Som butikkeigar på øya er ho viss om at brua vil føre til vekst i både næringar og aktivitet. Akkurat no er ho mest glad for det sosiale.
– Eg kan faktisk reise på kaffibesøk når det passar og få med meg heile konsertar utan at siste ferja går frå meg, det blir eit nytt liv, seier Camilla.
Og ho kan fortelje at befolkningsauken allereie er i gang, med tilsette i både Skanska og Lesja bulldozerlag som har blitt fastbuande på øya.
– Draumen er at nokon vil ta over og drive butikken vidare når eg må gi meg, og eg meiner sjansane for det er mykje større allereie! smiler Camilla.