No startar den største undersøkinga av kulturminne under vatn i Noreg

I oktober går marinarkeologane ned i sjøbotnen i Vågen i Bergen. Målet er å finne spor etter nesten tusen år med byliv og kanskje kome nærare svaret på korleis Bergen vart til.

Dykkarar på veg ut i Vågen
UNDERSØKJER BOTNEN: Marinarkeologane er i gang med kulturminneundersøkinga. Området som skal undersøkjast i denne omgangen, ligg nær Munkebryggen. (Foto: Ådne Sørheim Søhoel / Bergens Sjøfartsmuseum)

Sjøbotnen i Vågen er sterkt forureina. Samtidig er han full av kulturminne. Denne hausten startar dei første marinarkeologiske utgravingane, i samband med prosjektet Renere Havn Bergen.

Kan gi ny, viktig kunnskap

Arkeologane håpar å finne alt frå keramikk, reiskapar og tauverk til skipsdelar og bryggeanlegg. Funna kan gi ny kunnskap om korleis Bergen utvikla seg frå dei første busetnadene ved Vågen, korleis handel og sjøfart gjekk føre seg, og kva folk åt.

– Dette er kjempespennande! I Vågen finst det spor frå mange periodar av Bergens historie, ja, kanskje dei aller eldste spora? For det var jo Vågen som la grunnlaget for verdas vakraste by. Fylkeskommunen har ansvar for kulturminne både på land og under vatn, og eg ser fram til at undersøkingane vil gi oss ny kunnskap, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune.

Både Vågen og mellomalderbyen er freda etter kulturminnelova. Vestland fylkeskommune gitt dispensasjon til arbeidet som no skal gjerast i Vågen, medan Riksantikvaren har gitt tilsvarende dispensasjon for mellomalderbyen.

Kor gamal er Bergen, eigentleg?

Gjennom hundreår har menneske mista og kasta gjenstandar frå båtar og bryggekant og ut i Vågen. Spora har samla seg lag på lag i sjøbotnen.

– Vågen er det viktigaste kulturminnet vi har under vatn i Noreg. Det ligg midt i det historiske hjartet av Bergen. Men kor gamal er eigentleg Bergen? Vi har spor av menneske frå godt over tusen år, men no har vi sjansen til å kome nærmare eit svar. Det blir utruleg spennande å lære meir om kva sjøbotnen gøymer, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Først kulturminne, så miljøopprydding

Aldri tidlegare er det gjennomført ei så stor marinarkeologisk undersøking i Vågen. Bakgrunnen er prosjektet Renere Havn Bergen, eit samarbeid mellom Bymiljøetaten i Bergen kommune og Miljødirektoratet. Målet med prosjektet er å stoppe spreiinga av miljøgifter i den indre delen av Byfjorden.

– Før vi kan rydde opp, må vi undersøkje og dokumentere kulturminna. Det er eit krav etter kulturminnelova, forklarer prosjektsjef Anne-Christine Knag.

Planen er å grave ut fem sjakter. Førebels har prosjektet finansiering til ei sjakt. Det heng saman med at Vågen er unikt rik på kulturminne, og at kulturminna krev meir omfattande undersøkingar og dokumentasjon enn i tilsvarande oppryddingsprosjekt.

– Bergen kommune har teke ansvar for sin del og er klar til å gå vidare. For dei resterande undersøkingane treng vi ei avklaring av den statlege finansieringa, som etter planen skal dekkje 75 prosent av kostnadene, seier Knag.

Spesielt i verdssamanheng

Arbeidet som no startar, skjer ved Munkebryggen, rett framfor staden der biskopen hadde garden sin i mellomalderen.

Utgravinga vert gjennomførte av marinarkeologar frå Bergens Sjøfartsmuseum. Funna skal analyserast av forskarar frå NIKU, Norsk institutt for kulturminneforsking.

– Det er spesielt i verdssamanheng at vi har ein stad midt i byen som er så tettpakka med kulturminne. Vi treng å få rydda opp i forureininga, og det er også målet med Renere Havn, men samtidig er det veldig gøy at Vågen er så kulturhistorisk interessant, seier Eivind Nævdal-Bolstad, byråd for byutvikling i Bergen kommune.