Ystås klyngjetun blir freda
Det tradisjonelle klyngjetunet i Hardanger blir teke vare på for ettertida.
Riksantikvaren har formelt freda klyngjetunet på Ystås i Voss herad. Dette er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun.
– Landbruket er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom å freda Ystås, sikrar me at dette godt bevarte klyngjetunet blir teke vare på for generasjonane etter oss. Dette er ikkje berre ei freding for Voss herad og Vestland fylke, men for heile landet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Gardstunet på Ystås ligg omlag 300 meter over havet, tre kilometer vest for Eide, som var bygdesenteret i tidlegare Granvin herad.
Vestland før det store hamskiftet
Ystås har ei lang historie med busetjing og hadde tre bruk. I dag består tunet av 13 bygningar, som saman utgjer hovuddelen i tunstrukturen til dei opphavlege bruka. Ystås har i dag fire bruk med tre ulike privateigarar.
– Når Ystås no blir freda, blir eit særs verdifullt klyngetun i Vestland sikra varig vern. Det godt bevarte tunet fortel om levemåten i Vestland før det store hamskiftet og moderniseringa av jordbruket, og er forma gjennom fleire hundre års bruk, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.
Kulturlandskap med få moderne inngrep
Riksantikvar Hanna Geiran trekkjer fram kulturlandskapet på Ystås.
– Ystås ligg eit vakkert kulturlandskap med få moderne inngrep. Det er eit svært godt bevart klyngjetun med stor tidsdjupn. Denne fredinga skal bevara Ystås som ei unik kjelde til kunnskap om klyngjetuna på Vestlandet, levesettet til bøndene og korleis det påverka både byningsmiljøet og omgivnadene, seier Geiran.
Tunområdet også freda
Fredinga inkluderer hovudkonstruksjonane til bygningane, og både eksteriør, interiør og fast inventar. For enkelte bygningar er det berre delar av interiøret som er omfatta av fredinga.
I tillegg er det ei områdefreding for tunområdet med hagar med plantning, tre og stiar, og den næraste innmarka med det opne kulturlandskapet rundt tunet.
– Eg vil rose og takke eigarane for at dei gjennom mange år gjort eit godt arbeid med å setje bygningane i stand. Det er eit viktig bidrag til å ta vare på den felles historia vår, seier fylkesordføraren.
Utskifting først på 1980-talet
Periode på 1800-talet då det norske samfunnet blant anna gjekk frå å vere basert på sjølvforsyningshushald til pengehushald. i Noreg endra og moderniserte mange gardar frå 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Vidare førte lova om Utskifting er eit eldre namn på jordskifte i form av samanslåing og nye grenseoppgangar for landbrukseigedomar. frå 1857 med seg store endringar for klyngjetuna.
På Ystås vart ikkje utskiftinga gjennomført før på 1980-talet, og dermed vart tunet med bygningsstrukturen i stor grad bevart.
– Ystås er eit godt døme på tuna til vestlandsbøndene, som viser Mangesysleri er å drive med mange ulike aktivitetar, som var vanleg for bønder og husmenn tidlegare. Dei fleste dreiv med fleire syslar, som jordbruk, skogbruk, fiske, sjøfart, handverk osv. som var ein viktig del av levemåten i området, seier riksantikvar Geiran.
Tunet har også eit unikt mangfald i bygningstypar, og spesielt bustadhusa har stor kulturhistorisk verdi med fleire bevarte røykstover, glastover og lemstover.
Dette blir freda
Fredinga av byggverka inkluderer hovudkonstruksjonane til bygningane og følgjande:
- Eksteriør: hovudelement som fasadar, materialbruk, overflater og overflatebehandling, i tillegg til bygningsdelar som vindauge, dører, gerikter og piper
- Interiør: hovudelement som planløysing og rominndeling, materialbruk, overflater og overflatebehandling i tillegg til bygningsdelar som vindauge, dører, gerikter, listverk, piper og detaljar som skilt og dekor mv.
- Fast inventar som del av det freda interiøret: til fast inventar reknar vi mellom anna veggfaste skap, hyller og eldstadar.
Områdefredinga
- Områdefredinga etter kulturminnelova § 19 omfattar tunområdet på gnr./bnr. 615/1, 615/3, 615/4 og 615/5, og den næraste innmarka kring tunet på gnr./bnr. 615/1 og 615/3.
- Områdefredinga inkluderer hagar, tre, stiar, vegar og delar av innmarka. Innanfor området kan det finnast restar etter eldre planter og tre som kan ha vitskapeleg interesse.