Kven fortener Kulturprisen for Vestland 2026?
Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein kulturpris til nokon som har gjort ein ekstraordinær innsats for kunst- og kulturlivet i fylket.
Kulturprisen på 50 000 kroner kan gå til enkeltpersonar, lag eller organisasjonar som har utmerkt seg i kunst- og kulturlivet. Prisvinnaren må ha gjort ein innsats utover det vanlege. Det kan vere gjennom kreativitet og nyskaping, ved å ta vare på og formidle kulturarven, eller ved å bidra til å gjere Vestland synleg som ein leiande kulturregion.
Du kan nominere kandidaten din fram til 1. oktober.
Heidersteikn og inspirasjon
Føremålet med prisen er å bidra til å byggje Vestland som ein leiande kulturregion, og prisen skal vere eit heidersteikn til nokon som i stor grad bidreg til dette. Han skal også inspirere aktørar som er sentrale i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.
Alle som vil, kan enkelt føreslå kandidatar til kulturprisen på nettsida til Vestland fylkeskommune. Alle nominasjonar må grunngjevast, og det går ikkje an å nominere seg sjølv.
Les meir om prisen og nominer kandidaten/-ane dine på denne sida.
Kulturprisen blir delt ut under møtet i fylkestinget i desember.