Mange får førstevalet – stor kamp om yrkesfaga
Første inntak til vidaregåande skule i Vestland er klart. Mange søkarar får oppfylt førsteønsket sitt, men konkurransen om plassane på fleire yrkesfaglege utdanningsprogram er framleis stor.
Over 23 000 søkjarar får i desse dagar svar på søknaden sin om skuleplass til hausten. Av desse er 22 015 under 25 år og har rett til vidaregåande opplæring i Vestland.
78 prosent av søkarane har fått tilbod om førsteønsket sitt, medan 95 prosent har fått tilbod om eitt av ønska sine. Samtidig står 5 prosent av søkarar med rett utan tilbod etter første inntak.
Alle som er under 25 år og har rett til vidaregåande opplæring vil få tilbod om skuleplass før skulestart.
– Dette er ein stor dag for mange unge og starten på eit nytt kapittel. Dei fleste får tilbod om den skuleplassen dei har håpa på, medan andre må vente til neste inntak. Vi jobbar no målretta for at flest mogleg skal få eit tilbod før skulestart, seier Bjørn Lyngedal, direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.
Yrkesfag held fram med å vere førstevalet
Yrkesfag er framleis svært populært i Vestland. I år hadde 60,5 prosent av søkarane til Vg1 yrkesfag som førsteønske.
–At så mange vel yrkesfag er ei svært positiv utvikling. Vestland treng fleire fagarbeidarar, og vi ønskjer å løfte statusen til yrkesfaga endå meir. Eit fagbrev er ikkje slutten på utdanninga, det er starten på mange moglegheiter. Med fagbrev kan du gå rett ut i jobb, ta høgare yrkesfagleg utdanning eller studere vidare seinare, seier Bjørn Lyngedal vidare.
Studieførebuande utdanningsprogram
Omlag 87,5 prosent av søkarane til Vg1 studieførebuande får tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Det er framleis søkarar under 25 år med opplæringsrett som venter på skuleplass. Nesten alle er i inntaksområdet Stor–Bergen.
Dei mest populære tilboda
Teknologi- og industrifag er det mest populære yrkesfaget på Vg1. På Vg2 er konkurransen særleg hard på fleire programområde. Dei mest populære tilboda krev mellom 52,5 og 56,3 karakterpoeng for å få plass i første inntak.
Topp 3 for karakterpoeng til inntak til vidaregåande opplæring Vg2 Yrkesfag i Vestland
- Vg2 Ambulanse, 56,3 karakterpoeng
- Vg2 Brønnteknikk, 52,5 karakterpoeng
- Vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag , 52,5 karakterpoeng
På dei studieførebuande utdanningsprogram til Vg1 krev dei mest populære tilboda mellom 47,5 og 50,6 karakterpoeng
- Amalie Skram: 50,6 karakterpoeng
- Langhaugen: 49,1 karakterpoeng
- Bergen Katedralskole, 47,5 karakterpoeng
Søkarar til læreplass
2612 har læreplass som første ønske. 64,1 prosent har alt inngått avtale om læreplass.
Tips til å skaffe deg læreplass finn du her
Opplæringsavdelinga tilrår alle som ikkje har fått tilbod om læreplass om å vere aktiv og ta kontakt med aktuelle lærebedrifter.
Du finn liste over aktuelle lærebedrifter på Vilbli.no
Påbygg til generell studiekompetanse har høge søkartal
Om lag 93 prosent av søkarane til påbygg får tilbod om skuleplass i førsteinntaket. Det betyr at mange framleis ventar på skuleplass. Det er flest utan tilbod i Stor-Bergen.
Har du søkt skuleplass i Vestland?
- Logge inn på Vigo.no og sjekke om du har fått tilbod om skuleplass eller ventelisteplass.
- Du må svare innan 13. juli.
- Dersom du ikkje svarar innan fristen, mister du plassen du har fått. Du blir også bli teken ut av ventelistene.
- Har du fått tilbod om skuleplass, må du svare ja dersom du vil ha plassen. Har du fått plass på eit lågare ønske, kan du svare ja til både plassen og ventelista til høgare ønske.
Har du søkt læreplass i Vestland?
- Dei som er kvalifisert og ikkje får læreplass vil få tilbod om sluttopplæring i skule i fag som de er kvalifisert for.
- Søker til læreplass som ikkje har fått læreplass, får i slutten av august ein SMS frå fylkeskommunen og eit tilbod i VIGO.
- Det er viktig at søker til læreplass svarar på tilbod som vert gjeve i VIGO.
- Søker til læreplass som ikkje svarar på tilbod som vert gjeve i VIGO vert tekne ut av tilbodet dei har fått
- Tilbodet skal starte opp innan 1. oktober.
Har du søkt vg3 påbygg?
Har du ikkje får tilbod om skuleplass, og er kvalifisert for formidling til lære, kan du få tilbod om læreplass i fag du er kvalifisert for, eller fagopplæring i skule som bygger på programområdet frå Vg2.
Er du kvalifisert for lære, men ikkje får tilbod om skuleplass, kan du få tilbod om læreplass eller fagopplæring i skule i faget du er kvalifisert for
Søkarar utan rett til vidaregåande opplæring
- Søkarar utan rett til inntak står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane tek over inntaket i august.
- Erfaring viser at mange får tilbod om skuleplass.
Informasjon om svarfrist finner du på Vigo.no
Tidsplan for inntaket til vgs i Vestland
- 7. juli: Tilbod blir gitt på Vigo.no
- 13. juli: Svarfrist for første inntak
- 21. juli: Melding om andre inntak
- 27. juli: Melding om andre inntak
- 7. august: Tredje inntak. Du svarar ja til tilbodet ved å møte på skulen første skuledag. Melding om når du skal møte på skulen, finn du på skulen si heimeside.
Kontaktpersoner
Hege Bugge Gjerdevik Osebakken
Hege.Bugge.Gjerdevik.Osebakken@vlfk.no
Telefon: 92816296
Fagleiar
Avdeling for opplæring og kompetanse
Seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering
Birthe Andersen Haugen
Birthe.Andersen.Haugen@vlfk.no
Telefon: 90786784
Seksjonsleiar stab
Avdeling for opplæring og kompetanse