Her er neste års skuletilbod
No er det bestemt kva opplæringstilbod som skal lysast ut ved dei vidaregåande skulane skuleåret 2027/2028.
— Her har det vore eit godt ordskifte der vi har belyst fleire ting. Dette er ei svært viktig sak, som betyr mykje for mange. Vi har lytta og trur dette er eit tilbod som treff ungdomane i fylket, seier hovudutvalsleiar Åsmund Berthelsen.
Vedtaket i hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse tysdag 17. november dannar grunnlaget for opplæringstilbodet som blir lyst ut i januar. Kva tilbod og kor mange klassar som blir starta opp på dei ulike skulane, blir avgjort til våren, når søkjartala er klare.
Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse vedtek innstillinga til fylkesdirektøren med følgjande endringar:
Endring i punkt 3:
- Bergen Katedralskole vg1 studiespesialiserande, forberedande IB + 1 gruppe
- Fusa vgs, vg1 helse- og oppvekstfag, YSK 4 år + 0,5 gruppe
- Fusa vgs, vg1 naturbruk og marine fag, YSK 4 år + 0,5 gruppe
- Fusa vgs, vg1 teknologi og industrifag, YSK 4 år + 0,5 gruppe
- Fusa vgs, vg1 studiespesialisering + 1 gruppe
- Slåtthaug vgs, vg2 bilskade, lakk og karosseri + 0,5 gruppe
- Slåtthaug vgs, vg2 kjøretøy + 1 gruppe
Endring i punkt 5:
- Sogndal vgs, vg2 sal, service og reiseliv + 1 gruppe
Endring i punkt 7:
- Firda vgs, vg1 musikk, dans og drama, dans + 0,5 gruppe
- Firda vgs, vg1 musikk, dans og drama, drama + 0,5 gruppe
- Måløy vgs, vg1 helse- og oppvekstfag, YSK 4 år +0,5 gruppe
- Måløy vgs, vg1 naturbruk, marine fag, YSK 4 år + 4 plassar
- Måløy vgs, vg1 teknologi og industrifag , YSK 4 år + 4 plassar
- Måløy vgs, vg2 industriteknologi + 1 gruppe
Hovudutvalet vidarefører også tre plassar IB ved United World College i Fjaler, i tråd med heilskapleg plan for tilbodsstruktur.
Vidarefører toppidrettssatsing
Hovudutvalet vedtok også å vidareføre satsinga på spissa idrettstilbod, og at dette skal være søkbart. Dette gjeld
- studiespesialisering med toppidrett ved Tertnes vidaregåande skule
- bygg- og anleggsfag med toppidrett ved Åsane vidaregåande skule
- toppidrettssatsinga ved Voss gymnas.
Det same gjeld inntak til skulane som tilbyr spissa toppidrett i samarbeid med Olympiatoppen Vest. Det gjeld Førde, Sogndal, Firda, Stord og Stend vgs. Hovudutvalet bad i tillegg om ei særskilt vurdering av tilbodet knytt til Sogndal vgs. og fotball i ei eiga sak.
Søknadsfristar i februar og mars
Søknadsportalen for å søkje vidaregåande opplæring opnar i januar, og 1. mars er søknadsfristen for ordinære søkjarar til skule og/eller lærebedrift. 1. februar er fristen for søkjarar med fortrinn, individuell behandling, minoritetsspråklege og lærekandidatar.