Desse skal rassikre Heilevang

Hæhre Entreprenør har signert kontrakt med Vestland fylkeskommune om rassikring av fv. 609 i Sunnfjord. Anleggsarbeidet tek til for fullt i april 2026.

Vi ser ei bratt fjellside som endar i fjorden. Lengst nede ved fjorden går det ein smal veg. Øvste del av fjellsida er berre blankt fjell og stein, noko skog lenger nede over vegen. Grå fjord og overskya kvit himmel. Grønn skog og mørkegrått fjell.
RASFARLEG: Fylkesvegen ved Heilevang er ofte stengt grunna ras og nedfall eller fare for ras, og omkøyringsvegen er svært lang. No tek bygging av tunellen til. Foto: Kai Henry Haugen/Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskomune skal bygge 2470 meter tunell og 1200 meter ny veg for å rassikre fylkesveg 609 mellom Heilevang i Sunnfjord kommune og Hestvika i Askvoll kommune.

Endeleg oppstart på rasfarleg veg

Fylkesvegen går langs foten av bratte fjellsider langs Førdefjorden, og er ein av dei mest rasutsette i fylket. Grunna usikkerheit knytt til stabiliteten i området der tunellen skal gå inn ved Heilevang, vart anbodskonkurransen avlyst i 2024.

No er prosjektet utan lausmassetunell, og vart lyst ut som totalentreprise med forhandlingar i 2025. Fylkeskommunen innstilte Hæhre Entreprenør som leverandør i desember 2025, og Hæhre signerte kontrakta i februar 2026. Kontraktssummen er på 767 millionar kronar eks. mva. 

Prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Jon Harald Huseklepp, skal sjå rassikringsprosjektet i mål og er glad for å endeleg komme i gang.

– Det har vore ei lang reise for dette prosjektet, med avlysing av første konkurranse, reguleringsendring av Heilevang og ein ny anbodsprosess. No ser vi fram eit godt samarbeid med Hæhre og eit solid og trygt sluttresultat for trafikantane i området, seier Huseklepp.

Vi ser ein eldre mann frå livet og opp, han smiler til kamera. Han har grått hår og gråkvit bart, og har briller, rutete skjorte. Bakgrunnen er ein kvit vegg.
PROSJEKTLEIAR: Jon Harald Huseklepp i Vestland fylkeskommune er ein erfaren prosjektleiar for vegprosjekt, og skal sjå Heilevang-prosjektet i mål. Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune

Spanande prosjekt

– Å byggje tunell og veg i Vestland er både spanande og meiningsfylt! Vi er svært glade for tilliten Vestland fylkeskommune har vist oss gjennom tildelinga av kontrakten på fv. 609 Heilevang. Dette er eit viktig prosjekt for oss, seier Ole Jakob Gjetrang, prosjektdirektør i Hæhre Entreprenør.

Dei vil bruke kompetanse og erfaring frå liknande prosjekt dei har hatt i jobben med Heilevang. 

– Vi skal gjennomføre dette oppdraget på ein trygg og effektiv måte, med høg kvalitet i alle ledd, seier Gjetrang. 

Det blir prøvegraving og mindre arbeid i februar og mars 2026, medan anleggsarbeidet kjem i gang for fullt etter påske. Tunellen mellom Hestvika og Heilevang skal stå ferdig i november 2029.

Vi ser eit profesjonelt tatt portrettbilde av ein mann frå livet og opp, ikledd ytterjakke i svart og signalgult - ei typisk arbeidsjakke for vegarbeid. Han har kort blondt hår og smiler mot kamera. Nøytral bakgrunn.
GLADE FOR TILLITEN: – Dette er eit viktig prosjekt for oss, seier Ole Jakob Gjetrang, prosjektdirektør, Hæhre Entreprenør. Foto: AKH.no