Fylkestinget justerer budsjettet for 2026

Vestland fylkeskommune får 315 millionar kroner meir frå staten. Mykje av pengane skal gå til å styrke kollektivsektoren.

Ferje på veg over fjorden.
KOLLEKTIV: Fylkestinget set av 65 mill. kr av ekstraløyvinga til å kompensere for at enkelte ferjestrekningar framleis skal vere gratis. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Fylkestinget vedtok budsjettet for 2026 i desember 2025. Det samla fylkesbudsjettet var då på rundt 18 milliardar kroner. Etter det vedtok Stortinget statsbudsjettet, og budsjettavtalen førte til at Vestland fylkeskommune fekk 315 millionar kroner meir enn det som låg til grunn. Fylkestinget vedtok difor 24. mars eit revidert budsjett.

– Den auka løyvinga gir oss rom til å styrke viktige område i fylket. Midlane blir brukte til å sikre gratis ferjer, styrkje kollektivtilbodet og prioritere opplæring og folkehelse. Det bidreg til betre tenester og meir føreseielege rammer for innbyggjarane i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Gratis ferje og kollektivtiltak

Ein del av ekstraløyvinga er tidlegare øyremerkte tilskot, som no er lagt inn i dei frie inntektene. Det er også løyvd midlar for å kompensere for at enkelte ferjestrekningar framleis skal vere gratis. Fylkestinget set av 65 mill. kr til dette.

12 mill. kr går til kollektiv- og mobilitetstiltak. Av dette går 5 mill. til kapasitetstiltak i byvekstavtaleområdet (Bergen og omeign), 2 mill. til auka helgetilbod i Bergen, 2 mill. til rutetiltak i distrikta, 1 mill. til bybusstilbod i Førde og 2 mill. til pendlartilbod i Førde og Sogndal.

Pengedryss til Fjordstream 2026

Fylkestinget løyvde på tampen av tingseta 600 000 kr til Fjordsteam 2026 frå disposisjonsfondet. Fylkestinget oppmodar festivalen om å søkje driftstilskot frå tilskotsordninga «tilskot til kultur og folkehelse» for framtida

Fleire læreplassar

Fylkestinget set også av pengar til blant anna fleire læreplassar (57,3 mill.), rettleiing av nye lærarar (5,3 mill.) og til folkehelsearbeid i kommunane (9,6 mill.).

Avsetjing til fond

77 millionar blir sett av til fond for tiltak innan kollektiv, medan 46 mill. blir sett av til fond som rassikringsmidlar.

Les meir i saksframlegget til PS 1/2026 Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 – revidert budsjett 2026.