Fylkesting for ungdom 2026: Bomberom, psykisk helse og meir samarbeid med næringslivet

Ungdom i Vestland løftar saker langt utover skule og fritid: Dei vil ha fleire helsesjukepleiarar, tettare samarbeid mellom skule og næringsliv og bomberom i nye skulebygg.

foto av mange personar samla
70 DELEGATAR SAMLA: Fylkesting for ungdom gjekk av stabelen 14.-16. mars og samla unge stemmer frå heile Vestland. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)
  • Fylkesting for ungdom og Vestland ungdomsutval har ei rådgjevande rolle i den fylkeskommunale verksemda og har rett til å uttale seg i saker om ungdom.
  • Fylkesting for ungdom (FFU) har møte/samling ein gong i året.
  • Vestland ungdomsutval (VU) er arbeidsutvalet – det utførande organet – til fylkesting for ungdom. Utvalet har ein valperiode på inntil to år.
  • Les meir om fylkesting for ungdom og Vestland ungdomsutval


70 ungdomar frå 29 kommunar samla seg helga 14.–16. mars på Flesland i Bergen under fylkesting for ungdom for å diskutere kva som er dei viktigaste sakene for ungdom i Vestland.

– Eg er så imponert over den gjengen som har vore her i dag. Dei er opptekne av å sjå framover, gjerne 10–30 år fram i tid, og korleis vi og dei som kjem etter oss skal ha det, seier Jakob Berger, nestleiar i Vestland ungdomsutval.

foto av to personar
IMPONERTE LEIARAR: Leiar Marcus Askildsen og nestleiar Jakob Berger i Vestland ungdomsutval er imponerte over innsatsen og engasjementet til fylkestingsdelegatane. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Like stort engasjement hos unge

– Dei som er samla her i dag diskuterer ikkje berre typiske ungdomssaker som busstilbod, skule og fritidsaktivitetar. Det er ikkje noko skilnad på unge og vaksne – dei unge er like engasjerte og snakkar om dei same sakene som vaksne, og alle har nokre saker dei er ekstra opptekne av, seier Marcus Askildsen, leiar for Vestland ungdomsutval.

Samtidig er det stort engasjement rundt fleire saker som rører kvardagen til ungdom. Kollektivtilbod, aldersgrense på energidrikk og sal av dette på skulane, aldersgrense på sosiale medium, bruk av mobil i skulen, KI, el-sparkesykkel og sommarjobb for unge er blant temaa som har blitt mykje diskuterte, både under fylkestinget og tidlegare.

Psykisk helse og kollektivtilbod peikar seg likevel ut som dei viktigaste sakene for ungdom i Vestland. Fylkesting for ungdom vedtok mellom anna at Vestland ungdomsutval skal arbeide for å styrke helsetenesta for ungdom, slik at alle får tilgang til ein kvalifisert helsearbeidar. På kollektivfeltet vart det mellom anna fremma saker om fleire bussavgangar i distrikta, betre hurtigbåttilbod, og utviding av ungdomsbilletten.

Meiner skular må byggjast med bomberom

Trym Nybø (16) representerer Sogndal ungdomsråd og deltek på fylkesting for ungdom for første gong.

Jonas Aasen Engebø (17) er tredje vara til Vestland ungdomsutval (VU) og deltek på Fylkesting for ungdom for tredje gong.

– Dette er siste året, og eg har funne ut at dette er eit utruleg viktig arrangement, både for fylket vårt og kommunane.

Dei meiner begge at alle nye skulebygg må planleggjast og byggjast med eige bomberom eller sivilbeskyttingsrom.

– Vi fremma forslaget fordi vi ser at det skal byggast ny barneskule i kommunen vår utan tilfluktsrom. Difor ønska vi eit eige forslag som seier at alle nye skular som Vestland fylkeskommune bygger, skal innehalde tilfluktsrom.

– Det er urolege tider i verda, og skulane skal stå der i mange år. Det er viktig å ha tilfluktsrom, for vi veit aldri kva som skjer i framtida, legg Trym til.

Engasjementet starta etter at Sogn Avis skreiv om saka for tre veker sidan.

– Folk seier det vert så dyrt og skapar frykt. Men eg tenkjer at sikkerheit er betre enn frykt, og bomberom kan ein bruka til noko.

foto av to personar
OPPTEKNE AV SIKKERHEIT: Jonas Aasen Engebø (17) og Trym Nybø (16) representerer Sogndal ungdomsråd og fremma forslag om at nye skulebygg må planleggjast og byggjast med eige bomberom. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Har fylkesting for ungdom for ein grunn

– Har de trua på at dette vedtaket i ungdommens planprogram vil ha noko å seie for politikken til Vestland fylkeskommune?

– Ja, det håpar vi. Vi trur dei vil lytte til ungdomen, det er vi som skal stemme på dei i framtida. Det er jo ein grunn til at vi har fylkesting for ungdom. Vi skal kome med forslag inn til Vestland ungdomsutval, som skal vidareføre dei forslaga til fylkeskommunen. Vi veit ikkje om det er nokon i fylkeskommunen som alt har tenkt på dette, og om dei tenker det er eit bra forslag, trur vi dei kjem til å gå vidare med det. Det er det som er så spennande med å drive med ungdomspolitikk.

Til pressefoto frå fylkesting for ungdom 2026

Vil ha meir synleg og tilgjengeleg næringsliv

Alle forslaga som vart vedtekne på fylkesting for ungdom (FFU) blir no ein del av ungdommens planprogram. Dette er ungdommens eigen politiske plan for kva Vestland ungdomsutval skal meine i ulike saker, og som det er ønskja at dei skal arbeide vidare med.

FFU nyttar DigDem som verktøy for å leggje inn forslag, sette seg på talarlista og stemme for eller mot under tinget. Det er same digitale system som fylkespolitikarane brukar.

Eitt av vedtaka som vart gjort, var at Vestland ungdomsutval (VU) skal arbeide for å styrke samarbeidet mellom vidaregåande skular og lokalt næringsliv. Det var fremja av Odd André Olsen (17) frå Sunnfjord. Han representerte Gloppen kommune under FFU, der han går andre året på vidaregåande.

Olsen meiner næringslivet må vere meir til stades i skulen og samarbeide tettare opp mot elevane:

– Elevar på yrkesfag som skal ut i praksis, må kjenne til lokale bedrifter for å kunne få praksisplass i same kommune, fylke eller region. Dette er viktig for å halde folketalet oppe i kommunane. I Sogn og Fjordane finst det mange verksemder, til dømes innan fiskeoppdrett. Kjenner du til bedriftene, blir det også lettare å få sommarjobb, deltidsjobb eller praksisplass, seier Olsen.

Han understrekar at jobberfaring tidleg er avgjerande både for ungdom og for næringslivet.

– Når bedrifter er synlege og tilgjengelege, er det lettare å kome ut i jobb og få erfaring. Ungdom som er villige til å jobbe og utvikle seg sjølve, kan samtidig bidra til å bygge næringslivet framover, meiner Olsen.

TETTARE PÅ: Odd André Olsen (17) er frå Sunnfjord men representerte Gloppen kommune.
Han meiner næringslivet må vere meir til stades i skulen. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)
TETTARE PÅ: Odd André Olsen (17) er frå Sunnfjord men representerte Gloppen kommune. Han meiner næringslivet må vere meir til stades i skulen. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Løfta debatt om vindmølleutbygging

Herman Lunde Klemmetsby (15) frå Tysnes deltok på fylkestinget for ungdom (FFU) for første gong. Han fekk gjennomslag for endringsforslaget sitt om vindmølleutbygging.

Forslaget var å stryke punktet om at Vestland ungdomsutval skal jobbe for at ein kan setje opp ein eller to vindmøller utanfor vindmølleparkar.

– Planprogrammet opnar opp for å sette opp ein til to vindmøller utanfor vindmølleparkar. Eg meiner det vil sjå rart ut, for det passar ikkje inn i naturen, eller i byane, spesielt ikkje om det berre skal stå ein eller to på området. Eg tenkjer og at vindmøller ikkje er berekraftig i lengda, basert på at ein ikkje veit kva ein skal gjere med vindmøllene når dei ikkje kan nyttast lengre. Eg meiner at vindmøller ikkje er det Noreg bør satse på som kraftverk eller energikjelde, for det finst andre energikjelder som er meir effektive og langsiktig billigare, meiner Klemmetsby.

– Men om ein først skal byggje vindmøller, bør det gjerast til havs for å utnytte havvind, samtidig som det ikkje vil øydeleggje fine naturområde, legg han.

Klemmetsby understrekar at dette er ei personleg meining, og at det truleg finst mykje informasjon om dette som han ikkje er kjend med.

foto av ungdom som sit på ein stol
DEBUTANT: Herman Lunde Klemmetsby (15) frå Tysnes deltok på fylkestinget for ungdom (FFU) for første gong. Han fekk gjennomslag for fleire saker, blant anna eitt om vindmølleutbygging. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Matsvinn og beredskapsråd for ungdom

Ei meir uroleg verd påverkar og kva unge er opptekne av på fleire plan.

Kornelia Reinen frå Kinn kommune fekk gjennomslag for at VU skal jobbe for å unngå matsvinn og vil ha meir informasjon inn i skuleverket om dette, blant anna auka merksemd rundt kor stor prosentdel av matproduksjonen i verda som ikkje blir utnytta.
Markus Fosse frå Kvam herad fekk fleirtal for forslaget sitt som seier at VU skal støtte arbeid for å etablere eit fast beredskapsråd for ungdom, der ungdom, næringsliv, frivillige aktørar og offentlege instansar samarbeider om førebygging og kriseberedskap.

foto av jente
BEREKRAFT I MAT: Kornelia Reinen frå Kinn kommune fekk gjennomslag for at VU skal jobbe for å unngå matsvinn og jobbe for meir merksemd om problemstilinga i skuleverket. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

– Prøv til neste år, prøv igjen!

Fylkesdirektør Robert Rastad og fylkesvaraordførar Stian Davies heldt begge innlegg under fylkesting for ungdom. Rastad orienterte blant anna om kva utfordringar som ventar Vestland i åra som kjem, og kom med konkrete tips til ungdomspolitikarane:

– Respekter kvarandre sine perspektiv og søk løysingar saman. Ikkje ver redde for å gjere feil. Ta vare på kvarandre, ikkje minst når nokon ikkje får det heilt til. Set dykk høge mål og aksepter små steg på vegen.

Fylkestinget vart avslutta med å velje representantar til Vestland ungdomsutval. Mange ville ha plass, og ikkje alle nådde heilt opp.

Bodskapen var tydeleg frå leiar Marcus Askildsen:

– Det er veldig mange flinke i dette rommet. Om de ikkje kjem med i dag, prøv til neste år, prøv igjen!

foto av mange personar som står saman
VESTLAND UNGDOMSUTVAL: Her er dei nye medlemmene i VU: Frå venstre: Kornelia Reinen (Kinn), Elias Askeland (Alver), Odd Andre Olsen (Gloppen), Hans Fredrik Hagelin Moe (Luster), Marcus Askildsen (Askøy), Jakob Berger, (Alver), Malene Henden Fridtun (Gloppen), Birk Sørebø Hauger (Sunnfjord), Tea Håland (Etne), Isak Thomassen (Alver), Frøya Sverresdotter Hatteberg (Kvinnherad), Carl Fossdal Tveit (Samnanger), Victoria Larsen (Stord), Linea Endresen (Austrheim). (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Mange saker å jobbe vidare med

Fylkesting for ungdom stemte fram mange saker Vestland ungdomsutval skal arbeide vidare med. Blant anna:

  • Styrking av helsetenesta for ungdom, slik at alle får tilgang til ein kvalifisert helsearbeidar
  • Gratis skulemåltid i skulen minst ein gong i veka
  • Meir undervisning om demokrati, politisk deltaking og ytringsfridom i skulen.
  • Fleire skular med påbyggslinjer
  • Eit minimumskrav på sidemålstimar og at nynorskundervisninga startar tidleg
  • Fleire lærlingplassar i framtidsretta bedrifter, krav om lærlingar i offentlege anbod, og moglegheiter for lærlingplassar i utlandet.
  • Fleire bussavgangar i distrikta
  • Busskur på alle busstopp
  • Betre hurtigbåttilbod i fylket
  • Ungdomskort også på regionale flyruter
  • Sikre rasutsette vegar og gangvegar
  • 15 års aldersgrense på kommersielle el-sparkesyklar
  • Fleire gratis øvingslokale for band og musikkgrupper
  • Etablere og styrke møteplassar for ungdom
  • Alle kommunar skal tilby ordninga fritidskort

Foto av personar med ryggen til
UNGE OG ENGASJERTE: På fylkesting for ungdom kjem unge frå heile Vestland saman for å diskutere saker som er viktige for unge i dag. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)