Fylkesordføraren talte til fylkestinget

Her er talen fylkesordføraren heldt ved opninga av møtet i fylkestinget på Vestlandshuset i Bergen 29. og 30. september.

Fylkesordførar Jon Askeland på talarstolen i Vestlandssalen på Vestlandshuset i Bergen.
TALE: Fylkesordførar Jon Askeland på talarstolen i Vestlandssalen på Vestlandshuset i Bergen 29. september. (Foto: Hilde J. Mæland/Vestland fylkeskommune)

Tårene rann vel hjå dei fleste då Noreg tok farvel med Kong Harald. Han gjorde det til si kongsgjerning å binda menneska saman i det moderne Noreg, ved å alltid oppmuntra og elles be oss visa kvarandre respekt, finna ut av det med kvarandre og leva saman med dei ulikskapane me har. Han viste oss kjærleik, takksemd for folket og landet vårt, gråt og latter og glede. For ein konge – kongen vår. Ja, eg som fekk representera folket i fylket, let tårene renna då eg tok innover meg at det var Kong Harald sjølv som hadde valt Alf Prøysens Jørgen Hattemaker-vise i gravferda si. Dette vart hans siste ord! Eg sat i domkyrkja, og tenkte at i alle andre land så hadde det vore svulstige klassiske overdådige musikkframføringar, men her tok Åge og Tuva det heile heilt ned i alle sin enkelthet. Geniale kongen vår, som batt slike band mellom oss!

Saman med Kong Haakon må me føra arven vidare og binda band mellom kvarandre. Syretesten vert i valåret å visa at me evnar å både utfordra og å finna saman på demokratisk vis. Me har demokratiprosjekt, og til neste tingsete skal me vedta KS sin etiske valkampavtale.

Vestland fylkeskommune bind band mellom folk. Me starta med det store bandet mellom to tidlegare fylke. Kvar dag bind me band mellom folk lokalt, regionalt og eit stadig sterkare landsdelsband.

Opplæring

Opplæringstenesta vår bind band mellom unge menneske og vaksne og framtida. Banda vert svakare av så kritisk dårleg leseevne som PISA-undersøkinga viser. Det dei taper i grunnskulen, tek dei med seg inn til oss. Me skal ikkje ha svekka tillitsband for dei som opplever negative forhold som lærling. Rapporten me får, må brukast til at alle får eit godt læreløp, slik dei fleste har det og dei fleste lærebedriftene gjer det. Då blomstrar menneska og banda vert sterke og stolte, slik årets sommarjobbkampanje har vore ein flott suksess og styrkt mange band med det.

Inkludering

Me har sterkt engasjement i inkludering. I dag les me at regjeringa set av 700 mill. kr til barnevernet. I møte med KS fylkesstyre sist veke høyrde eg fryktelege historier om barnevernet der det er omsorgsovertaking til institusjon. Fylkesting, desse tenestene heng i dag i enden av eit direktorat, Bufdir, og er så sentralstyrt at det er ikkje tenester til desse mest sårbare borna i landsdelen vår, på grunn av økonomi. Dei mest utsette borna vert rivne opp og sendt stort sett til institusjonar på Austlandet, og der har også vore avdekka stygge ting i nokre av dei. Fylkesting, denne tunge tenesta ville etter mitt syn vore betre om fylkeskommunen hadde hatt ho. Då hadde me hatt tilbod her, og banda mellom folk hadde vore kortare og sterkare. Er dette noko å reisa sak på?

Samferdsel

Fylkeskommunen bind band mellom folk med bybanen, bussane, ferjene, båtane, vegane, tunellane, ferjekaiane og me byggjer bruer mellom folk. Utan at fylkesdirektøren har vist meg eit einaste tal, så varslar han at budsjettframlegget reduserer vekstambisjonane, og me må evna å prioritera, og til og med kutta i dagens tenestetilbod.

Skal då bybanen og bybussane gå sjeldnare enn kvart sjuande minutt? Eller skal me kutta den eine avgangen utanom skuleskyss i distriktet? Skal me skubba på bruvedlikehaldet så det vert dyrare når me først gjer det? Ferjekaiane våre er i elendig forfatning, og me bør jo openbert gje betre tilbod på dei mest trafikkerte ferjesambanda. Den ekstra vedlikehaldspakken på fylkesvegane er slutt neste år, med 90 millionar mindre i vegvedlikehald etter denne, vert det veldig mykje dårleg fylkesveg. Administrasjonen foreslår jo å nedklassifisera vegar, ja, til og med stengja dei for offentleg trafikk. Her er alt vanskeleg. Tenester og infrastruktur er der for folk.

Utfordringane på veg- og ferjesida er i følgje fylkesdirektøren så store at sjølv om vi ved å nærast utradera fylkesadministrasjonen, eller barbera til beinet tenestene våre innan kultur, idrett, arkeologane, tannhelsa, frivillighet og folkehelse, eller næringsavdelinga, så er det ikkje nok. For å avslutta denne bolken, så har eg invitert samferdselsministeren til Vestland. Kamzy, kom hit. Me er det einaste fylket som har alle dei utfordringane som departementet ditt dekkar. Og tenk om du tar lappen i Vestland, då?

Økonomi

Eg manar til ein langt sterkare lojalitet til samfunnsoppdraget og den eine fylkeskassen me disponerer. Me må framover prioritera hardare overalt, og me må igjen læra oss ordet kutt. Me vert no fylket med høgast gjeld, og neste år skal me bruka 2 milliardar på renter og avdrag, og det aukar i åra framover. Akershus har 40 prosent gjeldsgrad, Rogaland litt over 70 prosent. Me tek no gjeldstoppen etter Møre og Romsdal, spør dei om kva ein fylkeskommunal hestekur inneber.

Så no gjeld det å spela kvarandre gode med mindre pengar og reduserte tenester. Dei beste greier slike prosessar, dei dårlege skyt kvarandre ned og alle taper. Me skal framleis vera best, og, me må og skal greia det.

Vestland har villa mykje, fått til mykje, og Vestland skal vidare, men eg vil vera varsam med å skriva valprogram som aukar drifts- og investeringsbudsjettet. Landet vårt får ikkje kontroll med inflasjonen, det rammar oss, pluss den enorme kostnadssmellen på ferjesida og fylkesvegforfallet.

Me kan gle oss litt til, for dette året går bra. Det ser me av både finans- og tertialrapporten, men det vert tøft framover, har me ikkje ekstrainntektene lenger, for dei går til renter og avdrag, og så er kostnadsveksten i drifta særleg ferjene så eksplosiv.

Fylkesvegar

Fylkesdirektør, det vert feil å ikkje nemna det, sidan eg snakkar om banda mellom folk. Me spelar kvarandre gode kvar dag i dette arbeidet, så ta det eg no skal seia som ei understreking av at den konkrete jobben som skal gjerast, heng saman med informasjon, forankring og heilskapsvurdering i forkant. Me folkevalde har fått mange og sterke reaksjonar på sløkte veglys i distrikta som det ikkje føreligg politiske vedtak på no i haust. Difor er eg takknemlig for at dette vart stoppa, og det vert laga sak til hovudutval for samfedsel og mobilitet.

Vegstenginga kring arbeidet på fylkesvegen over Utvikfjellet, er av det same. God dialog og forankring og avtale med kommune og reiselivet ved arbeid på hovudvegen inn til landets tyngste reiselivskommune i høgsesongen er ein føresetnad. Fylkesdirektør, me kjenner det alle, fordi om sjølv om ei sak ser rett ut frå ståstaden min, så må me hugsa korleis det vert oppfatta hjå dei me gjev tenestene til. Kommunikasjon, informasjon og involvering er ein del av arbeidet, og desse døma med reaksjonane, viser også kor viktige tenestene våre er, og kva dei betyr for folket me bind banda til og skal gjera livet betre for.

Planarbeid

Me skal vidare gjennom dei to tverrsektorielle planane som no er ute på høyring, og me skal kna dei til sluttproduktet. Eg sår dette frøet: Kvar skal planane ta samfunna i Vestland, og tek dei oss dit? Bind dei dei rette og sterke banda? Eg skal gje ei enkel skildring, i møtet med våre flinke folk som har jobba fram planutkastet, så sa eg i høyringsmøta eg deltok i følgjande:

Planane konstaterer sterkt ei framskriving av demografisk utvikling med fleire eldre, og for få unge og vaksne i arbeidsfør alder, og tek utviklinga for gitt. Som folkevald seier eg at nei, politikken er å kjempa for eit Vestland som er så attraktivt at me får lokalsamfunn i by og bygd som tiltrekkjer seg fleire unge og menneska i arbeidsfør alder. Det er politikk. Kvifor har Sogndal landets yngste befolkning? Det må då kunna gå an å få til det same overalt? Det er ikkje sikkert me når måla, men planane må bidra til retning.

Det er også tydeleg for meg at planane må ha føresegner som gjer at fylkesting og kommunestyra får ja til å nå fleire mål, for på same måte som me veit at dei fleste vil etablera seg i vekstsoner, så betyr det enormt å få fanga opp busetnad og verdiskaping i dei små bygdene også. Og eg personleg vil ikkje jobba aktivt for få regionsenter, dersom det er større eigarskap til dei mange i kommuane. 

Dersom me ser Vestland opp mot Innlandet på andre sida av langfjella, så er vår store styrke at me har eit sterkt næringsliv som tilbyr spennande, godt betalte høgkompetansejobbar i heile fylket, som igjen gir grunnlag for lokale og regionale sentra med styrke nok til eit Vestland med moglegheiter. Ja, og sjølv om bergensområdet arealmessig er halden utanfor planen, så må me jobba for at Bergen helst bør veksa meir enn i dag, for det er 9 kommunar på det sentrale austlandet som framleis er støvsugaren som trekkjer seg folketalsauken i landet vårt. I dette perspektivet må også infrastrukturkampen for Vestlandet haldast sterk og samla. Det får me visa til NTP-uttalen vår til våren, me har ganske svake vegband på Vestlandet ikkje minst fylkesvegbanda.

Vetslandsting – me har mykje å gleda oss over, og mykje å ta fatt på. Som eit teikn på at eg no meiner alvor med det å spara pengar, så inviterer eg i kveld berre på arbeidsmiddag i form av Noregs mest brukte overtidsmat, pizza. Og drikka til maten utover vatnet betaler du sjølv. Me bind kollegiale band for det.

Eg ønskjer velkomen til to gode arbeidsdagar i å binda banda mellom folket i denne verdas nest beste by, og landets beste fylke!

Fylkesordførar Jon Askeland på talarstolen i Vestlandssalen på Vestlandshuset i Bergen.
Kvart møte i fylkestinget startar med at fylkesordføraren talar til resten av dei folkevalde. (Foto: Hilde J. Mæland/Vestland fylkeskommune)