Frivilligprisen 2026 går til livreddande 70-årsjubilant
Norske Redningshunder i Vest politidistrikt (Hordaland og Sogn og Fjordane distrikt) får årets frivilligpris frå Vestland fylkeskommune.
– Norske Redningshunder gjer ein livsviktig innsats for tryggleiken i fylket vårt. Når nokon er sakna, stiller dei opp, ofte under svært krevjande forhold. Bak innsatsen ligg tallause timar med trening og førebuingar. Det er dugnadsånd på sitt aller beste, seier Kine Bratli Dale, nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering, som delte ut prisen under Styrke i samspel-dagane i Bergen 17. oktober.
Organisasjonen vart stifta på Finse i 1956 og har såleis 70-årsjubileum i år. Distriktet har no over 70 godkjende hundeekvipasjar. Dei har først og fremst aksjonar i skog, mark, langs sjø frå land og i bynære strøk. I tillegg har ei aksjonar i snøskred og USAR (urban search and rescue) og byggjer også kompetanse frå båt. Vestland er fylket i landet med flest redningsaksjonar, og mange av aksjonane er både krevjande og tidskritiske.
Største beredskapsområdet i landet
Lars Rune Kaldestad (Hordaland) og Andrea Holsen Horstad (Sogn og Fjordane) var på plass i Bergen for å ta imot prisen, som er på 50 000 kr. I tillegg får kvart av distrikta eit kunstverk.
– Dette var ei uventa, men positiv overrasking. Vi er svært glade for pengane, som skal gå blant anna til å støtte medlemmane våre med støtte til utdanning og utstyr til hundeførarar. Kvar hundeførar har store utgifter til å trene og utdanne redningshund, seier Kaldestad.
Også i Sogn og Fjordane vil dei bruke prispengane på medlemmane, til å utdanne nye ekvipasjar, vidareutvikle dei som alt er godkjende og til å oppgradere utstyr. Dei to distriktslaga utgjer beredskapen med redningshundar i heile Vest politistrikt og er det største beredskapsområdet i Norske Redningshunder.
Ute under krevjande forhold
– Vi har flest medlemmar, flest hundeførarar og flest aksjonar. Terrenget og vêret vi jobbar i her på Vestlandet er av det mest krevjande vi har i hele landet, og vi blir ofte kalla ut under slike forhold. Det er kjekt at innsatsen blir lagt merke til og sett pris på, seier Andrea Holsen Horstad.
Bak kvar godkjende hundeekvipasje ligg det to til tre år med hard trening og tusenvis av dugnadstimar i helgar, kveldar og feriar. Innsatsen er tufta på verdiane frivilligheit, samarbeidsvilje, ansvar og respekt (FSAR), og medlemmene bidreg med tid, kunnskap og fleksibilitet til beste for heile samfunnet.
Avgjerande for beredskap og tryggleik
Norske Redningshunder er ein sentral del av den norske redningstenesta. Organisasjonen samarbeider tett med politiet, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og andre aktørar, alltid med det same målet: å finne dei sakna og redde liv.
– Vi skal vere glade for at vi har frivillige som er der når det verkeleg gjeld. Innsatsen deira er heilt avgjerande for beredskapen og tryggleiken vår, avsluttar hovudutvalsleiar Kine Bratli Dale.
51 nominasjonar
Det kom inn 51 nominasjonar til Frivilligprisen Vestland i år. Ein jury med representantar frå dei elleve regionale frivillige paraplyorganisasjonane har vurdert desse og innstilte Norske redningshundar som prisvinnar.
Paraplyorganisasjonane i juryen er Vestland idrettskrets, Vestland musikkråd, Forum for natur og friluftsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane, Vestland innvandrerråd, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Vestland, Vestland frivilligsentralar, Vaksenopplæringsforbundet, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Vestland kulturkrets og Vestland kulturvernnettverk.