Fem råd til deg som skal velje vidaregåande opplæring

Er du 10. klassing eller føresett til ein 10. klassing som snart skal ta det store valet om vidaregåande skule og utdanningsprogram? Karriererettleiar i Karriere Vestland deler gode tips.

Elevar i klasserom.
SØKNADSFRIST: 2. mars er det søknadsfrist for vidaregåande opplæring. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

2. mars er det søknadsfrist for vidaregåande opplæring, eit stort val for ein 15- eller 16-åring. Nokon tenkjer mykje på kva venane skal velje, andre gleder seg i staden til å få heilt nye venar. Enkelte tenkjer her og no, mens andre ser langt fram. Andre igjen føler dei må velje det foreldra seier dei skal velje.

Her kjem fem tips frå karriererettleiar Kari Anspach Klippen:

1. Kjenn deg sjølv

Ta deg tid til å reflektere over eigenskapane og interessene dine. Kva likar du å gjere, og kva er du flink til? Å kjenne seg sjølv betre kan hjelpe deg med å velje eit studieløp som passar dine sterke sider og interesser.

Bruk gjerne interessetesten som du finn her.

2. Bli kjent med studietilboda

Utforsk dei ulike utdanningsprogramma som finst i vidaregåande opplæring. Les om dei forskjellige faga og kva moglegheiter dei gir. Å ha god kjennskap til alternativa dine gjer det lettare å ta eit informert val.

Her kan du utforske dei ulike utdanningsprogramma.

Er du framleis usikker på kva du skal velje? Her kan du få gode tips.

3. Ta sjølvstendige val

Hugs at det er di framtid. Det kan vere nyttig å lytte til råd frå foreldre og venar, men til sjuande og sist er det du som skal trivast med valet ditt. Ikkje kjenn deg pressa til å velje det same som andre, følg di eiga retning.

Her er gode tips til foreldre eller andre vaksne som vil hjelpe deg.

4. Vel noko du vil meistre og ha det moro med

Finn eit utdanningsprogram der du kan kjenne meistring og glede. Skulegangen blir lettare og meir motiverande når du har det moro og kjenner at du lukkast med det du gjer. Vel noko som gjer deg engasjert og motivert.

5. Ikkje tenk for mykje på kva du vil bli

Det er ikkje nødvendig å ha heile karriereplanen klar allereie no. Mange vegar opnar seg undervegs, og det er heilt greitt å endre retning seinare. Vel eit  studieløp som du trivst med no, og ta val om kva du vil jobbe med i framtida når du er nokre år eldre og kjenner deg sjølv betre. Hugs at arbeidslivet er i stadig endring. Mange av yrka det vil vere behov for i framtida veit vi ikkje om endå.