E39: Vestlandet må stå samla, presentere løysingar og kjempe for heilskapen
200 deltok på mobiliseringskonferanse for E39 Vestlandsvegen i Bergen onsdag. Felles historiefortelling og tydeleg prioritering er målet inn mot NTP 2028.
Korleis sikre satsing på og vidare utbygging av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan (NTP) 2029–2040? Med denne utfordringa inviterte Vestlandsrådet til mobilisering i Bergen. Fylkesordførar og leiar for Vestlandsrådet, Jon Askeland, opna konferansen:
— Det handlar om å stå saman om heilskapen. Vi må heve Vestlandet si stemme og stå saman om ein heilskapleg, stor pott til veg og samferdsel i Vestland i neste NTP. Det er ingen som går i tog for heilskapen, men det er mange som går i tog mot enkeltstrekker. Om vi berre går for det små, vert også heilskapen avspist med små summar. Og i mellomtida går jernbanesatsinga sin store gong på Austlandet.
Oppmoda til tydeleg prioritering
Jakob Vorren (Ap), statssekretær i Samferdselsdepartementet, orienterte om prosess, rammer og innretning rundt NTP 2029–2040.
— Om eg skal gi eit råd her i dag, er det at de er tydlege i prioriteringane dykkar inn mot nasjonale myndigheiter. Om ikkje, er det andre som tek dei vala for dykk, sa Vorren.
Han er tidlegare fylkestingspolitikar i Møre og Romsdal, og opna med å seie at han veit kor viktig samferdsel er for både folk, næringsliv og fylkestingspolitikarar.
— Samferdsleutbygging er ikkje berre veg og tunnel, det handlar og om tryggleik, verdiskaping og konkurransekraft. Det handlar om å knyte menneske, arbeidsplassar og landsdelar tettare saman, og skape lokale og levedyktige samfunn i heile Noreg. I det spelar E39 ei avgjerande rolle langs kysten, for både Vestlandet og Noreg.
Han peika på at det dei siste åra er blitt gjennomført store investeringar på strekka, som blant anna Rogfast.
— Sidan 2013 er det brukt 50 milliardar kroner på større tiltak på E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Reisetida på E39 er redusert med 45 minutt. Med prosjekta som no er under bygging, vil reisetida ytterlegare bli redusert med 54 minutt, sa Vorren.
Historieforteljinga må vere lik
Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal må fortelje den same historia om kvifor E39 er avgjerande for verdiskaping og utvikling på Vestlandet, og i Noreg.
Det var hovudbodskapen til tidlegare statsråd Bjarne Håkon Hanssen i Kruse Larsen. Han delte 10 råd for politiske suksessfaktorar for å få E39 Vestlandsvegen inn i neste NTP.
— Om alle seier det same, i dei ulike treffpunkta dei har, blir det ringar i vatn. Då vert det eit reelt regionprosjekt, og det gjer inntrykk når ein region argumenterer samla.
Han råda og om å bli einige om prioriteringar.
— Den største trusselen mot nasjonalt gjennomslag er lokal ueinigheit, sa Hanssen.
Historia om E39
Kjetil Gillesvik i Initiativ Vest drog gjennom historia til E39 som nasjonal satsing.
— I 1985 vinn Bobbysocks Melodi Grand Prix. På Vestlandet vil fire fylkeskommunar at det skal svinge av vegbygginga, og opprettar Kyststamvegutvalet. Målet er å fikse Noregs dårlegaste stamveg, og på sikt gjere han ferjefri.
I starten svingar det ganske bra. 5 av 12 ferjesamband forsvinn i løpet av 20 år. I 2013 kom løftet om ferjefritt E39, og eit samla storting sluttar seg til.
— Men i 2016 har E39 har gått frå å vere eit stort nasjonalt prosjekt til ei rekke enkeltstrekningar. Prosjektet er i ferd med å hamne i skuggen, men vi veit det ikkje sjølv ennå, fortalde Gillesvik og drog gjennom tidslinja for prosjektet frå starten og heilt fram til i dag.
Er tent med stram prioritering av tiltak
I samband med konferansen vart det lansert ei ny kunnskapsoppsummering om E39 Vestlandsvegen. Jon-Kristian Hovland, Oslo Economics, presenterte funna og kom med tilrådingar.
— Vi peikar på at Vestlandet fortener ein ærleg og realistisk strategi for å nå måla. Vi meiner Vestlandet er tent med ei stram prioritering av dei beste tiltaka. Vi tilrår at ein revidert strategi for E39 Vestlandsvegen må realiserast i ny NTP, som er tydeleg på mål og tiltak, og som vert følgd opp med prioritering og handling, sa Hovland.
Veg for komande generasjonar
Framtidsutsikter for Vestlandet med ferjefri og utbetra E39 var tema for samtale mellom Jan Erik Kjerpeseth, Sparebanken Norge, Jan Ertesvåg, Aker Solution og Gunvor Ulstein, Ulstein Group.
— Eg vil ha eit sterkt Vestland, der mine barnebarn og oldebarn synest det er attraktivt å bu. Om vi ikkje tek grep no, vil 50 prosent av Noregs befolkning vere busett i Stor-Oslo i 2090. Det er eg ikkje interessert i, for det er her verdiskapinga føregår. Vi må tenke langsiktig og strategisk, og ta avgjerslene i dag for å hjelpe komande generasjonar, sa blant anna Ertesvåg.
Ikkje kvifor, men korleis
Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Norge var oppteken av at Vestlandet no må presentere løysingar, ikkje berre seie kor viktig E39 er.
— Hovudpulsåra for Vestlandet er E39. Den må vi bygge ut dersom vi skal vere den drivkrafta vi bør vere for Noreg. Dette er avklart og kjempeviktig. Det er eit økonomisk berekraftig prosjekt, og vi må bruke mykje meir tid framover på korleis vi skal få dette til, i staden for å gjenta kor viktig det er.
Gunvor Ulstein i Ulstein Group ønskjer fortgang i vegbygginga.
— Å bygge infrastruktur er noko av det beste vi kan bruke pengar på, for å auke konkurransekrafta til næringslivet, og det blir ikkje billegare å bygge. Det berre å kome i gang med ein gong. Skal vi ha folk og sterke arbeidsmarknadsregionar som skal setje Noreg på kartet, må vi tørre å seie at vi skal bruke pengar på det utan å føre tilbake kvar einaste krone, sa Ulstein.
Sviktar naturen
Tom Skauge, Norges Naturvernforbund snakka om dei ikkje-prissette verknadene, med utgangspunkt i Hordfast.
— Det er brei einigheit på Vestlandet om at vi må ha ein farbar, trafikksikker veg og at vi skal ha vår del av midlane, sjølvsagt. Der einigheitene sviktar, er naturens verdi, sa Hauge.
Naturvernforbundet har gått gjennom naturinngrepa for bygging av Hordfast og presenterte blant anna funna.
— No må vi stå saman igjen
Vestlandsrådet ved fylkesordførarane Jon Askeland, Ole Ueland og Anders Riise avslutta med ein felles samtale.
— Det som har blitt sagt oftast i dag er «få det bygd, bli einige og stå saman». Greier vi det, er dette mogleg. Det at Vestlandsrådet løfter dette på nytt som det berande prosjektet i samarbeidet vårt er eit kjempegodt utgangspunkt. Det vi har gjort i dag med mobiliseringskonferansen er ein veldig god start på arbeidet inn mot NTP, sa Ueland.
– Tilstrekkeleg mange må bli einige, og vi må vere budd på strammare rammer framover på grunn av den globale situasjonen. Då kan eit spor vere å prioritere dei vegprosjekta som har høgast samfunnsøkonomisk nytte. Det andre eg kjenner på er ei erkjenning av at no må vi stå saman igjen. Vestland har i litt for mange år slappa av. Då vert vi enkelt sagt eit lett offer for splitt og hersk, sa Askeland.
– Det har kome mange gode innspel, og er eg glad for initiativet til denne konferansen. Det å unne kvarandre suksess som nokre sa her i dag, trur eg er det viktigaste vi kan ta med oss i dag, sa Riise.
Konferansen i regi av Vestlandsrådet var eit samarbeid med Bergen Næringsråd, Næringsforeningen i Stavangerregionen og Ålesund Næringsforening.