Der ingen skulle tru at nokon kunne sykle
Etter snart tre år har éin million brukt Fyllingsdalstunellen, verdas lengste gang- og sykkeltunell. Prosjektet har endra reisevanar, skapt treningsglede og gjort kvardagen enklare for mange.
Djupt inne i fjellet viser «soluret» at klokka nærmar seg 08.00. Fylkesordførar Jon Askeland, fylkesvaraordførar Stian Davies og andre sprekingar, startar denne kalde vinterdagen med ein lett jogg gjennom Fyllingsdalstunellen på veg til jobb.
Forslaget om å gjere rømmingsvegen til bybanetunellen om til ein tre kilometer lang gang- og sykkeltunell fekk motstand. No feirar fylkeskommunen og Miljøløftet at etter snart tre år i drift er det éin million som sykla, jogga, trilla og gått igjennom tunellen.
Forskarar har no sett på kva sykkeltunellen og ny Bybane-trasé har gjort for området.
Mange fleire syklar
Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at Fyllingsdalstunnelen og ny sykkelstamveg har gitt merkbare endringar i bergensarar sine reisevanar. Sykkelbruken har auka kraftig, mens Bybanens utviding til Fyllingsdalen har hatt mindre effekt enn venta. Verdens lengste gang- og sykkeltunnel gjer det altså enklare å sykle.
– Dette viser at folk endrar åtferd når forholda ligg til rette, seier prosjektleiar Aslak Fyhri ved TØI.
Rapporten, som er ein del av forskingsprosjektet «GjennomFjell», dokumenterer korleis fysisk tilrettelegging for sykling har redusert reisetid, auka tryggleiken og gjort det meir attraktivt å velje sykkel.
Éin million
— Det er noko heilt spesielt å sjå tunnelen fylt av syklistar, joggarar og folk på veg til jobb. Tunellen er meir enn ein transportåre, det er ein møteplass og ein treningsarena for folk, seier Askeland.
Éin million passerande blir feira med lettbeint jogg, minikonsert, ballongar og smoothie til forbipasserande. Dei fleste som stoppar fortel at dei brukar tunellen kvar dag til og frå jobb og barnehage.
— Fyllingsdalstunnelen bind bydelane saman og gjer kvardagen enklare for mange, det får vi bekrefta av dei som bruker tunellen. Samstundes gir den store gevinstar for folkehelse, miljø og trivsel, og det er nett slike prosjekt vi treng meir av framover, seier Davies.
— Ein positiv sideeffekt er at Bergen i praksis har fått ein ny idrettshall, som passar for alle aldrar. Tartandekket er fint å lære seg å sykle på, funkar fint for rullestol og rullator, så er det meir skånsamt enn asfalt, seier fylkesordføraren som også var med å springe då tunellen opna i april 2023.
Like mange køyrer
Fyllingsdalstunellen og sykkelstamvegen har redusert reisetida til Haukeland sjukehus med opptil 15 minutt. I Fyllingsdalen og Kronstad har sykkeltrafikken hatt ei stor auke.
Tellepunktet ved Kronstadtunellen er eit av punkta med mest trafikk i Noreg.
Sjølv om Fyllingsdalen opplever fleire påstigningar enn tidlegare har ikkje kollektivandelen auka meir enn den generelle trenden i Bergen. Bilbruken er det same som før.
— Dette heng truleg saman med at Fyllingsdalen allereie hadde eit svært godt kollektivtilbod før Bybanen opna, i tillegg til at Bybanen er meint å betene eit framtidig utbyggingsområde på Mindemyren som ikkje er bygd enno, seier Eva Margaretha Ørmen Vinjevoll i Vestland fylkeskommune.
— Det tek lang tid å endre reisevanar for dei som allereie brukar bil på daglege reiser, så vi har trua på at Bybanen vil ha ein større positiv effekt framover.
Treningstunellen
Tal frå Vestland fylkeskommune viser at bruken gjennom året varierer og gjerne etter været. Frå april til oktober er det flest syklistar, men i kuldeperiodar er det mange som legg treningsøkta si til tunellen.
— Fyllingsdalstunnelen har blitt ein populær treningsarena, spesielt vinterstid. Tre gangar så mange fotgjengarar brukar tunellen om vinteren enn om sommaren, seier Einar Grieg, sykkelsjef i Bergen kommune.
Anbefalinga frå forskarane er klar: Skal Bergen nå målet om 1500–2600 daglege passeringar i tunnelen innan 2040, må det satsast vidare, både på sykkel og på skinner.
Her er nokon av funna i rapporten
- Brukarane opplever kortare reisetid, betre tryggleik og komfort.
- Auken er størst blant dei som sparer tid – opp til 6 prosentpoeng fleire syklar dagleg.
- Trass i fleire påstigningar, har ikkje kollektivandelen i Fyllingsdalen auka meir enn resten av Bergen.
- Mange hadde allereie eit godt busstilbod – og vanar endrar seg sakte.
- Eit eksperiment med målretta informasjon gav ingen målbar endring i haldningar eller åtferd.
- Fysiske tiltak som fjernar barrierar er langt meir effektive.
GjennomFjell-prosjektet er finansiert av Regionalt Forskningsfond Vestland, med ytterligare bidrag frå Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Partnarar i prosjektet er Transportøkonomisk institutt, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Miljøløftet og oppstartsselskapet Epigram.