Der handboka ikkje strakk til
Vegprosjektet Bjørn André Storøy skulle i gang med var ganske konkret: Bygg ei trygg leielinje for ei blind jente som skal begynne på skulen. Ganske rett fram, tenkte han.
Ganske tidleg forstod prosjektleiaren i Vestland fylkeskommune at dette var noko han ikkje hadde full kontroll på, og måtte lære meir om. Fylkesvegen i Florø som skulle få eit løft var i dårleg stand, og i handbøkene står det godt forklart korleis han skal bygge veg. Det handboka ikkje seier nok om, er korleis vegen skal byggast for ei skuleklar jente, som ikkje ser.
Godt humør
Du har kanskje sett leielinjer i bakken der du bur: plater nedfelt i vegen med linjer som leier dei som ikkje ser, til eit vegkryss eller eit busstopp.
Universell utforming gjer at omgjevnadane er tilgjengelege for alle, uavhengige av funksjonsevne. For fylkeskommunen er det viktig å sikre lik tilgang til kollektivtransport, skular, friluftsliv, tannklinikkar og fylkesvegar.
Du kan lese meir om universell utforming i Vestland fylkeskommune her.
Vestland fylkeskommune fekk ein konsulent til å teikne og prosjektere ei løysing, spesielt med tanke på vegkryssing og tryggleik. Så tok Bjørn André kontakt med Isabell Halsli, mamma til sju år gamle Nea.
— Ønsket mitt for Nea er at ho skal føle seg sett når nye vegar blir bygde eller rusta opp. Eg vil at ho skal føle seg likestilt, og ha same gode humør som ho har no, seier Isabell.
Nea er aktiv, morosam og positiv. På skulen likar ho å leike «heks» med vennene sine. For at ho skal få ein trygg skuleveg, treng ho litt hjelp.
Farleg skuleveg
Då Bjørn André møtte familien blei dei også kjent med Vibeke Fossheim, barnehagelærar og mobilitetspedagog, som har jobba tett med Nea og kjenner godt til utfordringane hennar.
— Nea er veldig lærevillig og vil både gjere og vere som alle andre. Det er jo fantastisk at ho kan kome seg til skulen aleine viss ho vil det, eller gå i lag med vener når ho føler seg trygg. Men sånn som skulevegen var før var det mange punkt som rett og slett kunne blitt farlege viss ho hadde gått utfor vegen, seier Vibeke.
— Vi gjekk fleire rundar saman, og dei peika på ting vi sjølve ikkje hadde kompetanse til å oppdage. Det gav oss eit heilt nytt innblikk i kvardagen og utfordringane Nea møter, seier Bjørn André.
Etter den første synfaringsrunden såg dei at dei måtte kople saman arbeid langs ein annan fylkesveg, for å få ei trygg løysing heilt inn til klasserommet.
Fekk med kommunen
Undervegs kom det også fram at Nea går til fysioterapeut, og då tok Bjørn André initiativ til å få legesenteretmed i prosjektet òg. Målet var at Nea på sikt også skulle kunne ta turen til fysioterapeuten trygt på eiga hand.
Både Kinn kommune og legesenteret var positive og gav grønt lys for prosjektet. Det blei altså eit spleiselag mellom Kinn kommune, legesenteret og fylkeskommunen.
— Å møte ein som Bjørn André har vore heilt fantastisk. Han var så interessert i å lære og forstå. Eg er takknemleg for at Nea kan gå til skulen. Alle har forsøkt å gjere sitt beste for å legge til rette for ho, seier Isabell.
Ser med nye auge
— Det viktigaste eg har tatt med meg frå dette prosjektet, er kor mykje vi får igjen for å involvere brukaren, snakke med folk og verkeleg lytte. Når vi bryr oss, viser interesse og engasjement, så merkar folk det. Då blir det lettare å skape tillit, og resultatet blir mykje betre, seier Bjørn André.
— Når vi har eit felles mål og alle kjenner eigarskap til prosjektet, kan vi faktisk få til underverk saman. Dette prosjektet har minna meg på kor viktig det er å vere open, nysgjerrig og inkluderande i måten vi jobbar på.
Møta med Nea og Isabell har forandra måten Bjørn André grip an eit vegprosjekt.
— Eg har fått ei mykje større audmjukheit for utfordringar folk kan ha, spesielt dei eg sjølv ikkje nødvendigvis ser eller tenker på i kvardagen når eg er ute på prosjekta våre. Det har lært meg å stoppe opp, stille fleire spørsmål og vere meir open for innspel frå dei som faktisk skal bruke løysingane vi lagar. Alle har ulike behov og perspektiv, og når vi tek oss tid til å forstå dei, blir resultata både betre og meir menneskelege.