Berre halvparten stemmer – no vil Vestland snu trenden

Berre 45,5 prosent av vestlandsungdom i alderen 20–24 år stemde ved fylkestingsvalet i 2023. Vestland fylkeskommune vil snu utviklinga og jobbar no med å forme demokratiprosjektet som skal auke valdeltakinga blant unge til fylkestingsvalet neste år.

foto av to personar foran ein fargerik vegg
FELLES MÅL: Asle Fossum er tilsett som prosjektleiar for demokratiprosjektet. Marcus Askildsen er leiar av Vestland ungdomsutval. Saman skal dei jobbe for å nå unge stemmer fram mot kommune- og fylkestingssvalet i september neste år. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Eit samla fylkesting vedtok i 2024 at fylkeskommunen skal gå i front og setje i gang eit demokratiprosjekt med mål om å få fleire til å stemme ved framtidige val. Bakgrunnen er store skilnader i valdeltaking mellom ulike aldersgrupper.

Ved fylkestingsvalet i 2023 var valdeltakinga i Vestland samla sett 60,9 prosent, og høgast i landet. Samstundes stemde berre 45,5 prosent av dei unge i alderen 20–24 år. Dette er såkalla andregongsveljarar, og det er særleg dei fylkeskommunen ønskjer å nå.

– Den mest meiningsfulle jobben eg kan tenkje meg

Asle Fossum er tilsett som prosjektleiar for demokratiprosjektet. Han er utdanna statsvitar og kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Kleppestø ungdomsskule.

– Dette er den mest spennande jobben i regionen akkurat no. Eg kan ikkje sjå for meg noko meir meiningsfullt enn å få jobbe med korleis vi kan styrke den demokratiske beredskapen i den tida vi lever i, seier Fossum.

Demokratisk beredskap handlar om å gjere unge i stand til å forstå, delta i og forsvare demokratiet.

Skal nå dei som stemmer minst

Prosjektet har no peika ut nokre tydelege mål og målgrupper.

– Vi må utvikle prosjektet saman med dei vi ønskjer å nå. Vi er avhengige av å nå ut til elevane, lærlingane og til dei som verken er i skule eller opplæring. Særleg den siste gruppa er viktig, seier Fossum.

Han peikar på at dei mest underrepresenterte, ikkje er førstegongsveljarane.

– 18-åringane stemmer, det er dei mellom 20 og 24 år som fell frå. Her ser vi særleg lågare valdeltaking blant unge med yrkesfagbakgrunn, lærlingar og unge med innvandrarbakgrunn. Det er store og viktige grupper vi må jobbe målretta for å nå, seier Fossum.

– Politikk råkar kvardagen din

Marcus Askildsen er leiar av Vestland ungdomsutval. Han meiner eit demokratiprosjekt først og fremst må gjere det relevant for unge å engasjere seg.

– Politikk råkar kvardagen din, og styrer korleis liva våre fungerer. Det er viktig for oss å vise dette til dei veljargruppene vi ønskjer å nå, seier Askildsen.

Både han og Fossum meiner mange unge ikkje veit kor stor innverknad fylkeskommunen har på kvardagen deira.

– Fylkeskommunen har blant anna ansvar for vidaregåande opplæring, oppfølging av lærlingar, kollektivtransport og tannhelsetenester. Det er ting som grip direkte inn i liva til unge menneske. Vi må skape større medvit om kor viktig fylkeskommunen er, og bli meir synlege – både politikarar og administrasjon, seier Askildsen.

foto av to som går i ei gate
KLARE MÅL: Prosjektet skal blant anna sjå på korleis demokrati vert opplevd i skulen, i læretida og blant dei som står utanfor opplæring. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Kortsiktige og langsiktige mål

Eitt mål med prosjektet er mobiliseringa fram mot valet i 2027. Men den kanskje viktigaste delen handlar om langsiktig demokratisk beredskap.

– Vi må sjå på korleis demokrati blir opplevd i skulen, i læretida og blant dei som står utanfor opplæring. Får dei god nok informasjon om kva val betyr, og om korleis dei kan delta? Er vi til stades i liva deira? spør Fossum.

Å skape rom for fleire stemmer

Eit viktig mål er å leggje til rette for fleire former for deltaking.

– Det er viktig å ikkje gjere engasjement til noko som berre handlar om å snakke høgt. Nokre uttrykkjer seg best skriftleg, gjennom teikning eller på andre måtar. Vi må skape ytringsrom som inkluderer fleire, seier Askildsen.

Han viser til døme der idear som først vart formidla på ein post-it-lapp, seinare har fått politisk gjennomslag.

– Mange av dei beste ideane kjem frå ungdom som kanskje ikkje tek ordet i eit møte. Det viser kor viktig det er å lage rom der fleire kan uttrykkje seg, seier han.

foto av to personar foran Vestlandshuset
FYLKESKOMMUEN?: Både Fossum og Askildsen meiner mange unge ikkje veit kor stor innverknad fylkeskommunen har på kvardagen deira. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Unge må oppleve å vinne

Askildsen meiner det er avgjerande at unge som engasjerer seg, også opplever å få gjennomslag.

– Eg vart ikkje skikkeleg engasjert før eg fekk mitt første gjennomslag. Først når du ser at engasjementet ditt faktisk betyr noko, blir du motivert til å halde fram, seier han.

Vestland ungdomsutval jobbar aktivt for å få meir merksemd rundt politiske saker som gjeld unge.

– Det er viktig at vi følgjer med på fylkespolitikarane. Unge må oppleve at det nyttar å engasjere seg, og at stemma deira blir teken på alvor, seier Askildsen.

Kva skjer vidare?

Fram mot valet neste år skal prosjektet jobbe tett med dei vidaregåande skulane i Vestland og med Vestland ungdomsutval. Mellom anna vil prosjektet vere til stades når Fylkesting for ungdom går av stabelen i 14.-16- mars, der over 50 ungdomar frå 29 kommunar i Vestland er samla.

Sjå valstatistikk frå SSB 2017-2023 fordelt etter alder