Beitedyr på fylkesvegane – ver merksam og meld frå

Sommar og haust er tida då beitedyr ferdast nær vegane. Det gir auka risiko for trafikantar og for dyra sjølve.

Veg med kuer. Blå himmel og grøne trær langs vegen.
Kyr og andre beitedyr langs vegen kan by på utfordringar. Foto: Charlotte Villanger Nielsen/Vestland fylkskommune

Utover sommaren og hausten ferdast mange beitedyr på eller nær fylkesvegane i Vestland. Det kan skape trafikkfarlege situasjonar, særleg på strekningar med mykje trafikk, høg fart eller dårleg sikt.

Her forklarar vi kva utfordringar dette skapar, og kva du bør gjere om du er involvert i ei påkøyrsle.

Auka risiko i beitesesongen

Beitedyr som ferdast på eller nær fylkesvegane kan gi auka fare for påkøyrsler. Dyr kan kome brått ut i vegbana, noko som gir trafikantane kort reaksjonstid. Det kan òg medføre redusert framkomst dersom dyr oppheld seg i vegbana over tid.

Så langt i årets beitesesong har vi ikkje registrert nokon rapporterte påkøyrsler av beitedyr på fylkesvegane i Vestland. Risikoen er likevel til stades. 

Kva gjer du?

Om du er uheldig skal du:

  • Ta du kontakt med politiet på 02800. Dei varslar viltnemda. 
  • Du må sikre ulykkesstaden ved å sette ut ein varseltrekant og skru på nødblink. Ta på refleksvest.
  • Ikkje avliv dyret sjølv.
  • Får du tillating frå politiet til å køyre vidare, skal du merke staden der dyret blei påkøyrd. Bruk for eksempel ein plastpose eller noko anna godt synleg du har i bilen. 

Vestland fylkeskommune jobbar kontinuerleg med å redusere risikoen for trafikkfarlege situasjonar. Aktuelle tiltak kan mellom anna vere skilting med fareskilt.

— Vi får jamleg førespurnader om slik skilting og samarbeider med både kommunar og dyreeigarar i slike saker. Opplever du at ei strekning er særleg utfordrande, oppmodar vi deg til å ta kontakt, slik at vi kan opprette dialog og saman vurdere eigna løysingar, seier seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune, Kathrine Mari Njåstad Blaaflat.

Din plikt å melde frå

Alle som er involverte i eit trafikkuhell har plikt til å stanse og hjelpe personar eller dyr som er komne til skade.

Konsekvensen av å ikkje melde frå kan vere alvorleg. 

  • Skadde dyr kan bli gåande utan hjelp og utsett for unødig liding
  • Dyr som verkar uskadd, kan likevel ha alvorlege indre skadar
  • Dyr i vegbana utgjer ein fare for andre trafikantar
  • Det kan vere straffbart å la vere å varsle.

Les meir på Statens vegvesen.