685 500 kr til kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har løyvd pengar til sju friluftslivstiltak og vedteke korleis friluftslivssatsinga til Vestland fylkeskommune skal vere framover.
2025 var Friluftslivets år, med ei rekke arrangement og særskild merksemd på friluftsliv i heile landet. I møtet 16. november bestemde hovudutval for kultur, idrett og inkludering korleis Vestland fylkeskommune skal følgje opp denne satsinga.
– Friluftsliv er så mykje meir enn ein aktivitet. Difor er det så viktig at vi har eit bevisst forhold til korleis vi som fylkeskommune jobbar med dette, og ikkje minst korleis vi skal samarbeide med andre om det. Friluftsliv kan blant anna spele ei viktig rolle når det gjeld mangfald og inkludering, og vi vil leggje til rette for auka mangfaldskompetanse hos friluftsaktørane i fylket, seier hovudutvalsleiar Jacob Nødseth.
Friluftliv i Vestland framover
Friluftslivets år er ei landsdekkande markering som blir arrangert kvart tiande år, og Vestland fylkeskommune hadde ei tilretteleggjande rolle i markeringa i 2025. I samband med evalueringa våren 2026 ønskte hovudutvalet ei nærare avklaring av kva rolle fylkeskommunen skal ha i arbeidet med friluftslivet i Vestland framover.
No har utvalet vedteke desse fire punkta som oppfølging av Friluftslivets år 2025:
- Vestland fylkeskommune skal ha mangfald og inkludering som særlege satsingsområde i arbeid med friluftsliv, og leggje til rette for auka mangfaldskompetanse hos friluftslivsaktørane i fylket.
- Vestland fylkeskommune skal prioritere lågterskel aktivitetstilbod og naturvennlege tiltak for betre tilgjengelegheit i friluftsområde nær der folk bur, m.a. kva gjeld haldeplassar for kollektivtrafikk m.v.
- Vestland fylkeskommune skal ta initiativ til eit samarbeidsforum om friluftsliv, der målet er erfaringsutveksling og kompetanseheving.
- Vestland fylkeskommune skal gjennom webinar, fysiske samlingar og synfaringar, bidra til kompetansedeling og framheve gode døme på universell tilrettelegging og tiltak for å inkludere fleire samfunnsgrupper i friluftslivet.
Tilskot til sju tiltak
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyvde også 685 500 kr i tilskot til kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv i møtet 16. november.
Utvalet fordelte tilskot til desse tiltaka (namn på søkjar i parentes):
- Gåskilt for kulturløyper i Sandane sentrum (Gloppen kommune): 55 500 kr
- Kartleggingsarbeid digitale løsninger ro- og padleruter (Bergen og Omland Friluftsråd): 50 000 kr
- Ro- og padleruter for Kvinnherad kommune (Friluftsrådet Vest): 50 000 kr
- "Finn fram" - turstiar Askvoll (Askvoll kommune): 80 000 kr
- Ramnenipa Rundt (Fjordane Friluftsråd): 100 000 kr
- Rekruttering av ny medlemskommune (Sogn Friluftsråd): 50 000 kr
- Kystledhus Eidet - ny grunnmur (Sogn Friluftsråd): 300 000 kr