23 prosjekt skal byggje framtidas Vestland

Frå Ytre Arna til Stord og Førde: 23 utviklingsprosjekt får 18,5 millionar kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune. Prosjekta spenner frå kunstig intelligens og berekraftig energi til forsvarsindustri, studentinnovasjon og ny verdiskaping i tekstilnæringa.

foto av industriområde på heiane
ENERGIKOMPETANSE FOR FRAMTIDA: Sustainable Energy held til i Energy House på Heiane på Stord. No har selskapet fått 1,5 millionar kroner til å utvikle eit nytt kompetanseprogram innan berekraftige energisystem i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL). (Foto: Sustainable Energy)
 
– Det er svært gledeleg å sjå at vi har fått inn sterke søknader frå store delar av Vestland. Prosjekta som no får støtte, svarar godt på måla i ordninga ved å kombinere innovasjon, samarbeid og berekraftig verdiskaping. Vi ser både prosjekt som skal skape nye arbeidsplassar, styrke kompetansen i arbeidslivet og bidra til den grøne omstillinga. Samtidig er den geografiske spreiinga viktig. Verdiskaping skjer i alle delar av fylket, og desse prosjekta viser korleis lokale initiativ kan gi regionale ringverknader, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune. 

Tildelinga vart gjort i hovudutvalet tysdag 23. juni. 

 
Vil styrkje tekstilnæringa i Vestland 

Fabrikken Ved Fjorden STI er tildelt 1,5 millionar kroner for satsinga «Muligheitsstudie for tekstilverdikjeda i Vestland: samarbeid, eksport og grøn verdiskaping». 
 
Prosjektet skal undersøkjer korleis aktørane i verdikjeda kan styrkje grunnlaget for grøn verdiskaping og posisjon internasjonalt. Det må skje gjennom samarbeid, kunnskapsdeling og kopling av ulik kompetanse.
 
foto av to kvinner inne i eit fabrikklokale
FRÅ YTRE ARNA TIL VERDA: Gerda Sørhus Fuglerud og Maren Aas Nakken i Fabrikken Ved Fjorden får 1,5 millionar kroner til å undersøkje korleis tekstilverdikjeda i Vestland kan styrkjast gjennom samarbeid, eksport og grøn verdiskaping. (Foto: Inger Paulsen)

– Vi er utruleg takksame for tilliten Vestland fylkeskommune viser oss gjennom denne tildelinga. Støtta gjer det mogleg å byggje noko som kjem langt fleire enn oss til gode. Målet vårt er å løfte Vestlandet frå vesle Ytre Arna og bidra til at Noreg igjen tek eigarskap til og stoltheit over tekstilarven sin, samstundes som vi utviklar nye, berekraftige arbeidsplassar for framtida.

– Fabrikken ved Fjorden skal bli ein stad som inspirerer fleire unge til å satse på eigne idéar og skape sin eigen arbeidsplass. Det skal vere mogleg å byggje store draumar utan nødvendigvis å følgje den tradisjonelle vegen inn på eit grått kontor. Vi ønskjer å vise at kreativitet, handverk og entreprenørskap kan vere ei framtidsnæring, og at Vestlandet kan gå føre, seier stiftarane Gerda Sørhus Fuglerud og Maren Aas Nakken. 

Kompetanseprogram for berekraftig energi

Sustainable Energy AS på Stord er tildelt 1,5 millionar kroner i støtte for å utvikle og utvikle og pilotere eit studiepoenggivande, arbeidslivsretta fagprogram innan berekraftige energisystem i Vestland. Programmet skal kombinere fagleg undervisning, casearbeid, internship, rettleiing og bruk av testinfrastruktur i tett samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Sustainable Energy og industripartnarane.  

– Me treng ikkje berre meir energi og nye teknologiar for å klara omstillinga, me treng også ny kompetanse. Behovet for kompetanse blir større og større for kvar ny løysing som blir utvikla. Difor er me både glade og takksame for at Vestland fylkeskommune vel å støtta Sustainable Energy og HVL med dette viktige prosjektet som skal styrka både kompetanse, innovasjon og verdiskaping i regionen vår, seier Willie Wågen, dagleg leiar ved Sustainable Energy. 
 
– Høgskulen på Vestlandet arbeider målretta for å levere kompetanse som er relevant for regionane rundt oss. Dette prosjektet er eit godt døme på korleis vi kan kople utdanning, forsking og næringsliv for å møte konkrete utfordringar innan energi og grøn omstilling, seier Jens Kristian Fosse, dekan ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet.
 
foto av mann
NY ENERGIKOMPETANSE: Willie Wågen, dagleg leiar i Sustainable Energy, er glad for støtta på 1,5 millionar kroner til utvikling av eit nytt kompetanseprogram innan berekraftige energisystem i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.(Foto: Sustainable Energy)
 

Desse fekk støtte

 
  • Fabrikken Ved Fjorden STI – Muligheitsstudie for tekstilverdikjeda i Vestland: samarbeid, eksport og grøn verdiskaping – 1 500 000 kr 
  • Høgskulen på Vestlandet – Realfagløft Vestland – 1 475 000 kr 
  • Sustainable Energy AS – Regionalt internship- og innovasjonsprogram for berekraftig energi i Vestland – 1 500 000 kr 
  • VIS – Vestlandets Innovasjonsselskap AS – Akselerert og bærekraftig verdiskaping fra forskning og studentinnovasjon i Vestland – 1 500 000 kr 
  • Industriutvikling Vest – Økte leveranser til forsvarsindustrien – 500 000 kr 
  • Region Nordhordland IKS – Trygg på eiga framtid – kompetanseheving i karriererettleiing – 300 000 kr 
  • Måløy Adventure AS – Berekraftig cruisedestinasjon – frå anløp til lokal verdiskaping – 825 000 kr 
  • Visit Voss / Voss Næringshage – AI-driven digital infrastruktur for distribusjon og verdiskaping i reiselivet – pilot – 277 500 kr 
  • Clear Ocean AS – Skalerbar nullutsleppsløysing for avsidesliggande lokasjonar – 1 500 000 kr 
  • Vest Næringsråd – Eit nytt steg i trappa frå skule til arbeidsliv – 250 000 kr 
  • Øygarden kommune – Frå grå areal til nye moglegheiter – utvikling av transformasjonsmodell for næringsareal i Øygarden – 1 355 000 kr 
  • Alver kommune – Implementering av kompetanseprogram i vidaregåande skolar i Vestland – 420 000 kr 
  • Samfunns- og næringslivsforskning AS – MARITIM KI I VEST: Nye løysingar for sikkerheit, beredskap og forsvar i maritim sektor – 450 000 kr 
  • Grundercampus – Styrking av kvinneandelen i studententreprenørskap på Vestlandet – 750 000 kr 
  • Medieklyngen AS – Forprosjekt: Nyskapande sensorjournalistikk-infrastruktur i Vestland – 400 000 kr 
  • GCE Ocean Technology SA – Testområde Byfjorden – 500 000 kr 
  • Voss Virka AS – Heilheitleg energi- og ressurssystem for Voss Virka – Bjørkemoen – 1 540 660 kr 
  • Universitetet i Bergen – STEM-koordinatorstilling, STEM-økosystem i Vest – 500 000 kr 
  • Aksello AS – Vekstprogram, digitalisering av prosessar og verdikjede for auka kompetanse – 690 100 kr 
  • Unitech Offshore AS – Energiomstilling Vestland: Regional kompetanse for styring og optimalisering av integrerte fornybare system – 900 000 kr 
  • Connect Vest – Kapital for fleire – kartlegging og modellutvikling for breiare tilgang til tidlegfasekapital – 500 000 kr 
  • Industriutvikling Vest – Grunnmur for regional satsing på fysisk KI – 550 000 kr 
  • Bergen Næringsråd – Aktørkartlegging av forsvarsindustrien i Vestland – 350 000 kr 
Samla innstilt støtte: 18 533 260 kroner.